– Vi er meir enn ei avis. Vi er ei folkerørsle.
– Det er ikkje vår hovudoppgåve å trekkje i tvil historier om læking, seier Bjarte Ystebø, assisterande redaktør i Norge IDAG.
Bjarte Ystebø, assisterande redaktør i Norge IDAG, ser ingen grunn til å setje spørjeteikn ved Svein-Magne Pedersen som kjelde.
Foto: Ned Alley / NTB scanpix
Predikantar som Svein-Magne Pedersen, Jan Hanvold og Tom Roger Edvardsen blir feil framstilte i media, meiner assisterande redaktør Bjarte Ystebø i Norge IDAG.
– Dette er folk eg kjenner personleg. Dei er idealistisk drivne og blir framstilte som noko anna i media. Til liks med meg er dei ufullkomne, dei gjer feil. Men dei fortener ikkje den sterke negative fokuseringa dei har fått. Vi prøver å vere ei motvekt, på sannferdig vis.
– Så seint som i sommar gav Norge IDAG ein heiderspris til Pedersen. Kvifor det?
– Fordi han har blitt utsett for veldig sterk kritikk. Vi kjenner han som ein heidersmann, og det ville vi fortelje. Vi er meir enn ei avis. Vi er ei folkerørsle, vi er ikkje redde for å ta stilling.
– Pedersen har hevda at forbønene hans kan kurere kreft, hiv og andre alvorlege sjukdomar, og Norge IDAG har sitert han på at bønene hans har lækt over 100.000 menneske. Trur du alt dette stemmer?
– Det er ikkje Pedersen som lækjer. Han bed for folk, og Gud lækjer. I kristendomen er læking gjennom nådegåver heilt sentralt. Pedersen har ei nådegåve som veldig mange har vitna om. Eg ser ingen grunn til at vi skal setje spørjeteikn ved dette generelt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.