– Ute etter raske pengar– Dei er kyniske spekulantar som er ute etter å tena raske pengar, seier Evy Kvamme frå Dale i Hordaland.
– Dei er kyniske spekulantar som er ute etter å tena raske pengar, seier Evy Kvamme frå Dale i Hordaland.
På industristaden Dale har utvinning av bitcoin skapt eit lite opprør denne sommaren. Naboane til Kryptovault byrja i vinter å høyra ei konstant susing. Dei fann ut at ulyden kom frå bitcoinfabrikken. Støyen var plagsam både ute og inne, og det vart så gale at det gjekk på helsa laus.
Evy Kvamme er ein av naboane som reagerte sterkast. I juni vart det arrangert folkemøte på Dale, og der la Kryptovault seg flat. Etter dette har det kome krav til bedrifta om redusert støynivå på 35 desibel om natta, 40 om ettermiddagen og 45 på dagtid.
– Er du nøgd med det?
– Eg ville nok helst hatt 35 desibel heile døgeret, men på altanen min var det på verste nesten 65 desibel. Det har me hatt sidan januar og fram til 1. juni, og det har vore heilt grufullt. Me fekk ikkje sova og måtte setja på radio og fjernsyn og utstyra oss med proppar i øyro for å overdøyva lyden. Slik skal det ikkje vera.
Som okkupantar
– Kva synest folk på Dale om å få denne bedrifta i dei gamle fabrikklokala?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.