JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

– Utanforskap kostar

Mykje må endrast for å løfte norske barn ut av fattigdom, ifølgje ein ny rapport. Først på lista står barnetrygda.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Garantert barnehageplass frå den månaden ein fyller eitt år, vil hjelpe barn i fattige familiar, meiner eit ekspertutval nedsett av regjeringa.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

5565
20231020

Samtalen

Hanne Glemmestad

medlem av forbundslei­inga i Fellesorganisasjonen (FO) og leiar for profesjonsrådet for sosionomar i FO

Aktuell

Deltok i eit ekspertutval, nedsett av regjeringa, som nyleg overleverte ein rapport om barn i fattige familiar

christiane@dagogtid.no

– Nyss overleverte ekspertgruppa du sit i, ein rapport om barn i fattige familiar til regjeringa. Kva skal til for at ein familie er rekna som fattig i Noreg i dag, og kor mange er det?

– Vi tek utgangspunkt i ein internasjonal standard som omfattar dei som har mindre enn 60 prosent av medianinntekta i årsinntekt. Slik rekna, er det om lag 110.700 barn som lever i familiar med vedvarande låg inntekt, det vil seie låg inntekt som har vara i tre år eller meir.

– Kva kjenneteiknar dei fattige barna i Noreg?

– Det er ei heterogen gruppe med ulike typar familiar, men statistisk er familiane kjenneteikna ved at dei er lågt tilknytte arbeidslivet, at dei har små inntekter frå arbeid, og mange lever på offentlege overføringar. Det er barnerike familiar eller familiar med einslege forsørgjarar. Familiar med innvandrarbakgrunn er overrepresenterte, og stønadsordningar for flyktningar som kjem, er så låge at dei ligg under fattigdomsgrensa.

– Det beste verkemiddelet, meiner de, er barnetrygda, som de vil auke og skattleggje. Kva vil vere effekten av eit slikt tiltak?

– Barnetrygda er ei universell ordning som har stor oppslutning og låge administrasjonskostnader. Det er ei ordning som treffer alle barn, og som det er enkelt å gjere noko med. Vi meiner at barnetrygda skal skattleggjast, slik at vi får ei omfordeling mellom både dei som har barn, og dei som ikkje har barn, og mellom dei med høg og dei med låg inntekt. Dei med lågast inntekt vil ikkje skatte av barnetrygda, og dermed blir nettoinntekta til fattige familiar høgare enn i dag. Dei vil får meir ro i økonomien, vil kunne investere meir i barna sine og få ein betre kvardag.

– Risikerer vi ikkje at oppslutninga om barnetrygda vert mindre om ho vert skattlagd, og dermed svært ulik frå éin familie til ein annan?

– Noko må ein jo gjere. Ein kunne valt å behovsprøve barnetrygda. Det har vi sagt at vi ikkje ønskjer, for då ville enkelte ikkje fått barnetrygd i det heile teke. Våre utrekningar viser at vi med vår tilråding kan løfte halvparten av barna ut av fattigdomsgruppa. Det er vel brukte midlar. Vi som har meir pengar og ikkje treng barnetrygda i same grad, må medverke til at alle barn får ein betre oppvekst. Samfunnsøkonomisk er det fornuftig på kort og lang sikt. Det vil gje fleire barn høve til å fullføre skulen, få betre helse og gå inn i arbeidslivet. Det kjem alle til gode.

– Kvifor kunne de ikkje berre tilrå å auke barnetrygda? Kvifor må ho også skattleggjast?

– Det ligg i mandatet at vi skal prøve å finne inntening til utgifter, og då er skattlegginga ein måte å finansiere auken på. Ordninga vil framleis koste 2,4 milliardar med auken vi tilrår. Det er vel brukte pengar for å løfte barn ut av fattigdom.

– Kvifor er eit tilsynelatande så enkelt tiltak som å auke barnetrygda tilsynelatande så vanskeleg å gjennomføre politisk?

– Det er eit godt spørsmål. Kvifor gjer vi det ikkje berre, når vi veit at det er det som verkar? Det ein har uroa seg for politisk, er om færre foreldre i denne gruppa vil arbeide, fordi dei får for god økonomi. Men dette er det empirisk ikkje dekning for å seie. Knappleikstyranniet blant fattige familiar i Noreg i dag gjer at fleire i mindre grad klarer å gå inn i arbeidslivet, enn om dei hadde ein romslegare livssituasjon. Barnetrygda vil ikkje falle bort ved arbeid, slik mange andre stønader gjer. Innslaget på skatt er sett såpass høgt at det alltid vil lønne seg å jobbe.

– Uroa kjem av at familiar med mange barn vil få så mykje meir barnetrygd.

– Ja. Men her må vi våge å tenkje i eit generasjonsperspektiv. Vi må investere i desse familiane her og no, og dermed gje barna eit utgangspunkt som gjer at dei kan stå på eigne bein når dei sjølve vert vaksne. Vi må ikkje reprodusere fattigdom i fleire generasjonar.

– De vil også ha innført barnehagegaranti frå den månaden borna fyller eitt år, og gratis kjernetid. Kvifor er barnehage for dei aller minste så viktig?

– Forsking viser at barnehage bidreg til at barn i fattige familiar klarer seg betre i livet. Det å starte tidleg med meistring, læring og utvikling har mykje å seie for den vidare skulegangen, og då er det å komme tidleg i barnehagen særleg viktig for barn i låginntektsfamiliar. Det er også dei som i minst grad går i barnehagen tidleg.

– De vil avskaffe kontantstøtta. Er de ikkje redde for at eit slikt tiltak vil fjerne høvet foreldre i dag har til å vere heime med eittåringar som treng litt ekstra tid heime?

– Det er ikkje dekning for å seie at kontantstøtte bidreg til at desse barna klarer seg betre gjennom livet, snarare tvert om. Om ein skal finansiere større tilgang til barnehage, kan vi nytte kontantstøtta, som meir og meir er vorten ein ventestønad for dei som ikkje har barnehageplass. Om ein fjernar kontantstøtta og lettar tilgangen på barnehage, har ein ikkje lenger eit insentiv til å utsette barnehagestart.

– Er det mogleg å utrydde barnefattigdom?

– Ja, det handlar først og fremst om politisk vilje og mot. Det handlar også om at vi andre må forstå at vi ved å delta i omfordelinga av pengar totalt sett vil komme betre ut, fordi utanforskapet i samfunnet kostar oss store pengar heile tida.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis