JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

– Universiteta treng ei realitetsorientering

Me bør ikkje ha studietilbod som ingen etterspør, meiner Ola Borten Moe.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
NTNU, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, med hovudsete i Trondheim, er det største universitetet i Noreg, med campusar i Gjøvik og Ålesund.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

4019
20240621

Samtalen

Ola Borten Moe

stortingsrepresentant

Aktuell

Krise for utdannings­institusjonar

4019
20240621

Samtalen

Ola Borten Moe

stortingsrepresentant

Aktuell

Krise for utdannings­institusjonar

sofie@dagogtid.no

Det er ein vanskeleg situasjon for mange lærestader. OsloMet må kutte 100 millionar i 2025, og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) tilbyr sluttpakke til alle tilsette ved Institutt for lærarutdanning.

Direktør ved NTNU Bjørn Haugstad har sagt at han kan garantere at det vil bli oppseiingar. Dåverande forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp) sa alt i 2022 at «festen er over» i akademia. Kva tenkjer han no, to år seinare?

– Kvifor går det tilsynelatande så dårleg med universiteta?

– Det er sannsynlegvis både ein effekt av korona og lågare søkjartal ved ein del studium. Dei ekstra koronaplassane blir trekte tilbake som planlagt, og i tillegg ser me færre søknadar og mindre tilfang av studentar på ein del linjer. Dette igjen gjer at produksjonen går ned.

– Kva legg du i «produksjonen»?

– Talet på studiepoeng, gradar og doktorgradar som blir produserte. Det er jo trass alt det samfunnet er på jakt etter. Sektoren er ikkje til for seg sjølv. Eg har sagt tidlegare at festen er over etter mange år med sterk vekst i sektoren. Eg trur det er sunt med ei realitetsorientering i sektoren, i tillegg til å gå ein runde der ein faktisk må prioritere. Det burde dei sjølvsagt gjort i resten av offentleg sektor òg, men på grunn av altfor mykje oljepengar og for høg skatt aksepterer me dårleg produktivitet og mangel på resultat i all offentleg verksemd. Me lever i vår eigen variant av hollandsk sjuke.

– Kven skal universiteta skulde på for at det har blitt slik? Signala frå styresmaktene har jo vore at dei ville satse på høgare utdanning.

– Under korona kom det mange ekstra midlertidige plassar som no blir fasa ut. Dette er det som var planlagt og kommunisert frå to regjeringar og eit samla Storting. Noko som ikkje burde vere ei overrasking. Over tid kjem også demografiske endringar, med færre unge, til å slå inn om ein ikkje finn andre målgrupper.

Ola Borten Moe

Ola Borten Moe

Foto: Stortinget

– No må NTNU kutte i talet på tilsette ved Institutt for lærarutdanning. OsloMet må kutte 100 millionar i 2025. Me kan vel frykte at dette går ut over kvaliteten på undervisninga og tilbodet til studentane?

– Lærarutdanningane opplever mangel på studentar fleire stadar. Dette går sjølvsagt ut over finansieringa, trass i at norske universitet og høgskular sannsynlegvis har den høgste andelen grunnfinansiering i verda. Me bør ikkje ha studietilbod som ingen etterspør.

– Det blir fleire og fleire universitet i Noreg, det stiller krav om fleire tilsette, noko som er dyrt. Burde ein bremse denne utviklinga og heller oppfordre til å halde på høgskulane?

– Noreg er einaste landet med krav om så mange doktorgradsprogram for å kalle seg universitet. Det var eigentleg krav som var laga for at ikkje fleire skulle bli universitet. No er det nesten ikkje høgskular att fordi sektoren har brukt store ressursar på å klare krava. Ei openberr suboptimalisering, ville eg tenkt. At regjeringa føreslår å tilpasse kartet etter terrenget, vil i dette tilfellet gjere at institusjonane kan velje å bruke mindre midlar på kravet, meir på undervisning og studietilbod. Så det tenkjer eg er særs fornuftig og bra.

– Du nemnde at sektoren treng ei realitetsorientering. Korleis skal dei prioritere då?

– Skal det vere liv laga, må lærestadane tilby opplegg som studentar søkjer seg til, og det er jo strengt teke jobben deira. Det handlar om både fagleg og institusjonell autonomi. Så om dei til dømes likevel meiner at pengane skal gå til administrasjon og kommunikasjon, står dei sjølvsagt heilt fritt til det.

– Meiner du at det er for mange leiarar i akademia?

– Institusjonell autonomi gjer jo at det er eit ansvar sektoren sjølv har. Generelt meiner eg at me har eit altfor stort byråkrati i heile Noreg. Det svekkjer all utvikling og gjer alt dyrare og meir tungvint enn det burde vore.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Paul Giamatti i rolla som Paul Hunham og Dominic Sessa som Angus Tully i den nyaste filmen til Alexander Payne.

Foto: Seacia Pavao / Focus Features LLC

FilmMeldingar

Armert film

JEREVAN: Filmfestivalen i den armenske hovudstaden Jerevan er like kontrastfull som byen.

Håkon Tveit

Slik er byen Roma teikna i Nürnberg-krønika.

Foto: Terje Tøgard / Orfeus

BokMeldingar
Gjert Vestrheim

Ein milepåle i europeisk bokhistorie

Hartmann Schedels verdshistorie, som vart trykt i Nürnberg i 1493, er mor til alle salongbordbøker.

Jubileumsfeiring for Kristenretten på Moster i år.

Foto: Silje Katrine Robinson / NTB

Ordskifte
Eivor Andersen Oftestad

Fordommar på leseglasa

Det finst sjølvsagt nestekjærleik både i andre kulturar enn den kristne og hos folk som «ikkje trur» at mennesket er skapt i Guds bilete.

Gunnar Stubseid.

Gunnar Stubseid.

Foto: Stubseid.no

MinneordSamfunn
Hallvard T. Bjørgum

Gunnar Stubseid

(1948­–2024)

I den fyrste talen Keir Starmer heldt framfor Downing Street nr. 10, var han visjonær og energisk som få.

Foto: Toby Melville / Reuters / NTB

Samfunn

Røyster tel, valsystemet avgjer

Ikkje mange fleire britar røysta Labour i Storbritannia i år enn i 2019. Men røystene fordelte seg annleis. Det gav eit maktskifte.

Bernt Hagtvet

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis