JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

🎧 Toskete og rare fylkeskommunar

Lokaldemokratireforma er så langt ein robust fiasko, med smårusk som er sett på vent.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Etter førre kommunestyre- og fylkestingsval vart det raudgrønt styre i Viken. Kan dei gjere noko med fylkesgrensene? F.v. Tonje Brenna (Ap), Kristoffer Robin Haug (MDG), Anne Beathe Tvinnereim (Sp), og Camilla Sørensen Eidsvold (SV).

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

5269
20200110
5269
20200110

Lytt til artikkelen:

hompland@online.no

DET MÅ HA GÅTT ut bod frå keisarane i forvaltninga, Norsk rikskringkasting og andre statlege institusjonar om at dei nye og omvendt alfabetiske fylkesnamna skal brukast med stor og oppdragande eldhug. Derfor får me meiningsløyser som Vadsø i Troms og Finnmark, Vinje i Vestfold og Telemark, Veggli i Viken, Vinstra i Innlandet og Vik i Vestland.

Verst er det i nedslagsfeltet til den nedlagde «Østlandssendingen», som er transformert til «NRK Oslo og Viken». Dei strør om seg med meldingar om glatte vegar i Viken når det er underkjølt regn på Romerike, og trugsmål mot skular i Viken når det skjer i Drammen og Kongsberg.

Toskeskapen toppar seg med forvirrande varsel om kolonnekøyring og nattestenging over Strynefjellet og Hardangervidda, eller fylkesveg 50 mellom Viken og Vestland. Den vegen går som før mellom Aurland i Indre Sogn og Hol i Hallingdal.

«VESTLAND», som i seg sjølv er eit namnerov, har stole Vestlandets nasjonalsong «Å Vestland, Vestland, når eg ser deg slik», sanktifisert av Sissel Kyrkjebø. Det er eit røveri som kunne vore sogningen Gjest Baardsen verdig.

Opphavet til den offisielle hymnen for «Vestland fylke» (Hordaland og Sogn og Fjordane hev vore, og før det Bergenhus amt) syner kor forvirrande, forvriden og ufullstendig dette administrative lappeteppet er blitt. Teksten av Tore Ørjasæter frå Skjåk (i Viken!) blei trykt i diktsamlinga I dalom i 1909. Då hadde Ørjasæter våga seg over fjellet, ned Romsdalen og sørover til indre Sunnmøre på Vestlandet. Til «Vestland» kom han ikkje. Då han skreiv teksten, sat han i Geiranger i Møre og Romsdal og lengta ut og heim.

DEI NYE FYLKESNAMNA er forvirrande og skaper heimløyse fordi styresmaktene har ovtru på administrative inndelingar og forvekslar forvaltningsnivå med stad, område, landslut, landskap, heimstad, dialekt og identitetsregion som folk kjem frå og kan knyta til noko kjent og kanskje kjært.

Byråsjefen kan vera samd i det, men han set sin lit til forvaltningas langsiktige overtak og trur at om hundre år er dei gamle fylkesnamna like gløymde som fogderi, prosti og amt, same kor seigliva dei har vore. Han om det.

Vertinna, derimot, meiner dette er eit høve til å droppa oppstylta fylkesnamn med og utan «og». I staden vil ho plassera stader der dei høyrer heime: Finnmarken, Hallingdal, Valdres, Telemark, Grenland, Gudbrandsdalen, Hedemarken, Toten, Østerdalen, Sogn, Nordfjord, Sunnfjord, Voss, Hardanger, Setesdal. Det er
opplysande og dannande kunnskap om land og folk. Så kan trøndarane vera herregud så gode dei vil, både i nord og sør.

FYLKESKOMMUNANE, også dei som er samanslegne med tvang, er merkeleg lojale og gjer sitt beste for å lata som dei er oppglødde. I det minste gjer dei gode miner til slett spel når det er statlege løyvingar å henta til ymse påfunn. Viken skal levera felles bunad frå Hemsedal til Halden, men ettersom hovudstaden framleis er eit hòl i Vikensmultringen, får Oslobunaden leva vidare.

FYLKESMAGEPLASKET har skapt einingar som få ville ha, men som eit parlamentarisk kompromiss oss gav. Dei to store regjeringspartia har programfesta å avskaffa fylkeskommunen som forvaltningsnivå mellom Staten og hundre store og robuste kommunar. Dei to små tullepartia, med Geir Toskedal (KrF) som merkesmann, trudde på fylkeskommunen; tenkte på eit tal mellom 5 og 19 og hamna på 11.

Lokkematen var løftet om at større og meir robuste fylkeskommunar skulle få hand om fleire statlege oppgåver. Det har berre blitt litt lommerusk som små kommunar ikkje har råd til, og som Staten vil kvitta seg med: Nokre hòl i tannrøkta, pluss personalansvar for dei som jobbar med fylkesvegane.

AV ALLE fylkeskommunale vanskapningar er Viken utan Oslo den mest vanskapte – frå Hallingskarvet til Halden, med hjarta i kroppen til eit anna fylke. Men Staten har slege saman Oslo og Viken for sine føremål, så nå har fylkesmann Valgjerd Svarstad Haugland hovudbøle i Moss med visitas-
plikt i Oslo og Drammen.

Viken fylkeskommune hadde kjøpt tomt for å sentralisera (eller var det desentralisera?) seg til Sandvika i Bærum, men den planen er sett på vent. Til så lenge held tunge delar av administrasjonen framleis til i kontora til Akershus fylkeskommune i Galleri Oslo, mellom Cafe Fiasco og bussterminalen. Reiserekningar blir ein budsjettvinnar både i Viken og andre store og grisgrendte fylke utan kjerne.

ETTER VALET i fjor haust er det politisk fleirtal for å løysa opp Viken og andre tvangssamanslegne fylkeskommunar om det blir eit anna fleirtal etter stortingsvalet i 2021. Det blir eit underleg spel, for dei gamle fylka er framleis innskrivne i Grunnlova som valdistrikt.

Byråsjefen er i tvil om Arbeidarpartiet kjem til å stå fast på å oppløysa tvangsgifta fylke. Det vil i så fall vera fordi dei vaklar og ikkje er seg sjølve lenger. I velmaktsdagane hadde dei gjennomført ei mykje kraftigare sanering sjølv, eller teke til vitande at Høgre gjorde det – etter prinsippet om at det eit fleirtal har gjennomført, skal ikkje eit nytt fleirtal pressa inn att i tuba.

Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Reiserekningar blir ein fylkes-
kommunal budsjettvinnar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Foto: Privat

DiktetKunnskap
Svein Gjerdåker

Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid

«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Thor Magnus Tangerås debuterte som lyrikar i 2022.

Foto: Tove K. Breistein

Meldingar

Flyg høgt

Thor Magnus Tangerås skriv ujamt om naturen og teknikken i Landskap med vindturbinar.

Kjetil Berthelsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis