JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

– Svekkjer fagrørsla og Ap i nord

I Nord-Noreg har arbeidsinnvandringa svekt fagrørsla og Arbeidarpartiet, meiner forskar Edgar Henriksen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3161
20210219
3161
20210219

peranders@dagogtid.no

Arbeidsinnvandringa får ulike politiske følgjer i ulike næringar og landsdelar, og fiskeindustrien i Nord-Noreg er eit interessant døme. Fiskeforedling er ein av bransjane der innslaget av utanlandsk arbeidskraft er størst. Som Dag og Tid skreiv for to veker sidan, kan så mykje som tre firedelar av dei tilsette vere utanlandske, og dei fleste arbeidsinnvandrarane kjem frå Aust-Europa. Når norske arbeidarar forsvinn ut av fiskeindustrien, har det òg politiske konsekvensar i Nord-Noreg, meiner Edgar Henriksen, forskar ved Nofima i Tromsø.

– Store delar av arbeidsfolket i fiskeindustrien røystar ikkje i norske val, og det får følgjer. I tillegg blir det stadig færre fiskeindustribedrifter som har tariffavtale – berre 18 av 90 bedrifter har ein slik avtale, skreiv Nordlys nyleg.

Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund, som har vore ein verkeleg maktfaktor i nord, er sterkt svekt, påpeikar Henriksen.

– Dette er alvorleg. Det organiserte arbeidslivet har vore grunnlaget for den norske modellen. Og denne utviklinga går òg ut over Arbeidarpartiet. Eg skal ikkje seie at dette er heile forklaringa på at Ap har gått så sterkt attende i nord, men eg trur det har medverka. I Nord-Noreg røysta over halvparten av veljarane på Arbeidarpartiet tidlegare, og partiet har tapt veldig dei siste åra.

Når det blir færre innfødde nordmenn som arbeider i fiskeindustrien på land, og færre som taler saka for kystflåten som leverer til lokal foredling, kan det på sikt òg få konsekvensar for fiskeripolitikken, meiner Henriksen.

– Om industrien ikkje lenger er så viktig for lokal sysselsetjing og busetnad, svekkjer det argumenta for at fisken skal leverast og bearbeidast i Noreg. Og vi ser at fiskerinæringa har mindre å seie for folketalsutviklinga i Nord-Noreg enn før. Store delar av arbeidsstokken i industrien er her berre tre–fire månader i året, folketalet går enda meir ned, og desse samfunna får mindre politisk påverknad. Og det blir mindre interesse for fiskeripolitikken også nasjonalt.

Biletet er ikkje eintydig, understrekar Henriksen: Somme stader i Nord-Noreg slår dei austeuropeiske arbeidarane seg ned permanent.

– Særleg i Finnmark, der råstofftilgangen er meir stabil, ser vi at ein del av arbeidsinnvandrarane etablerer seg og stiftar familie. I Lofoten og Vesterålen er sesongpreget sterkare.

Henriksen undrar seg over at arbeidsinnvandringa og arbeidsvilkåra i fiskeindustrien ikkje blir meir debattert i Nord-Noreg.

– Denne næringa er i ferd med å bli uinteressant for nordnorsk ungdom, ei næring med lågt omdøme og svak rekruttering. Det fører igjen til færre fastbuande i lokalsamfunna og meir sentralisering. Men sjølv om det er dokumentert at det er mykje dumping og fusk i næringa, er det overraskande lite politisk engasjement i landsdelen. Ordførarane i kystkommunane må jo vite kva som går føre seg, men dei held kjeft.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Store delar av arbeidsstokken i industrien er her berre tre–fire månader i året.

Edgar Henriksen, forskar ved Nofima

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis