JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

– Språk er ei vanesak

Fleire og fleire nyttar alternative pronomen som «dei» og «hen» om seg sjølv. Forfattar Helene Uri meiner det er ein naturleg del av språkutviklinga.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Berit Roald / NTB

Foto: Berit Roald / NTB

4665
20220121

Samtalen

Helene Uri

forfattar og språkvitar

Aktuell

kjønnsidentitet i språket

4665
20220121

Samtalen

Helene Uri

forfattar og språkvitar

Aktuell

kjønnsidentitet i språket

jesper@dagogtid.no

Førre veke skreiv NRK om Ravn Stiklestad Opli som vil verte omtala med pronomenet dei. Opli vil ikkje definere seg sjølv som mann eller kvinne, men det ein kallar ikkje-binær. Omgrepet kjem frå engelsk they, som har vorte eit alternativ på fleire sosiale medium. I norsk prøver mange å få innarbeidd hen som kjønnsnøytralt pronomen etter finsk førebilete. Språkrådet har enno ikkje teke opp verken hen eller dei i eintalstydinga i ordbøkene sine.

Helene Uri er forfattar og språkvitar.

– Kva er samanhengen mellom språk og identitet?

– Dei fleste nyttar språket til å teikne eit bilete av seg sjølve. Språket er berre eitt av fleire verkemiddel til å syne kven ein er. Nett som klesstil, hovudplagg eller smykke.

– Spesielt uttrykk for kjønnsidentitet i språket har vorte ei kampsak i det siste. Her heime i Noreg byrjar hen å få fotfeste, iallfall i somme krinsar. Kvifor skal me nytte det ordet?

– Ordet har ein dobbel funksjon. For det første kan ein nytte det generisk, altså i samanhengar der kjønn er irrelevant. Omskrivingar som «han/ho» eller «vedkommande» er ofte tunge. Då er det lettare med til dømes: «Ein forfattar må sjølv passe på at hen ikkje misbrukar makta si». I tillegg vert det nytta av personar som definerer seg som verken mann eller kvinne. Eg synest det speglar røynda på ein praktisk måte.

– Etter kvart er det fleire som ønsker å verte omtala med pronomenet dei. Kvifor det?

– For mange fyller det same funksjon som ordet hen, nemleg som ein ikkje-binær kjønnsmarkør. Fleire som nyttar det, vil framheve det fleirstemde i eigen identitet.

– Det er forvirrande. Kvifor skal me innføre eit ord frå engelsk når me alt har eit norsk omgrep?

– Eg trur ikkje norske språkbrukarar hadde komme på det sjølv. Likevel er det ikkje så rart at det har vandra over, sidan det meste av faglitteraturen er på engelsk. Sjølv meiner eg hen er eit betre alternativ. Men det får vere opp til kvar enkelt.

– Korleis gjer dei det i andre språk?

– I både tyrkisk, farsi og finsk har dei eitt felles pronomen i tredje person eintal. Det finske hän er opphavet til hen. Ulike språk har ulike måtar å uttrykke kjønn på. Me er heldige og har eit fleksibelt språk, der ein kan gå for nøytrale former, til dømes statsforvaltar. Trass i at dette er eit hankjønnssubstantiv, vert det oppfatta som eit kjønnsnøytralt ord, i motsetning til fylkesmann, som mange oppfattar som kjønna.

– Kven bestemmer over språket?

– Rettskriving er det Språkrådet og i siste instans Kulturdepartementet som styrer med. Med ord er det annleis. Heile tida kjem det nye ord inn i språket. Berre tenk på koronapandemien. I løpet av dei siste to åra har vi alle nytta ord som karantenehotell og søringkarantene, utan at dei stod i ordboka frå før. Drivarane av språkleg endring er språkbrukarane, altså folket. Og folket har som kjent ikkje ei meining. Sånn sett er språket herleg demokratisk. Om hen vert brukt av mange, så vert det òg ein del av språket.

– Sjølv merkar eg at foreldra mine har vanskelegare for å akseptere dette med nye pronomen enn veslebror min har. Er det ein generasjonskonflikt her?

– Alle har ei førestilling om ein språkleg gullalder i eiga levetid. Min generasjon er vaksen opp med førestillinga om kjønn som ei oversiktleg og todelt verd. Det speglar ikkje røynda for mange menneske, og det må vi tolerere. Også at det har språklege konsekvensar.

– Nye ord er jo éin ting, men trur du ikkje det er komplisert for folk?

– Endring av pronomen grip meir inn i språksystemet enn nye substantiv. Likevel er dei nye pronomena berre eit supplement. Det er verken farleg eller ulovleg å nytte dei. Språk er ei vanesak. Til sist handlar det om respekt. Eg hadde òg vorte sur om du hadde kalla meg han.

– Vert språket meir og meir politisert?

– Språket har alltid gitt uttrykk for politisk meining. Forskjellen i dag er at ting spreier seg mykje fortare enn før, fordi me har sosiale medium.

– Kan eit for stort fokus på korrekt språkbruk føre til at folk ikkje tør å ytre seg i samfunnsdebatten?

– Eg trur det i verste fall kan føre til at folk vert redde for å trø feil. På den andre sida får fleire grupper stått fram på den måten dei ønskjer. Me må vere tolerante i begge retningar. Både lytte til dei som vil dette, og ha respekt for at ikkje alle klarer å følgje med.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Min generasjon er vaksen opp med førestillinga om kjønn som ei oversiktleg og todelt verd.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.

Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Krigen mellom kjønna

Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis