JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

– Skapar meir motstand

Mange spør seg om Israel med angrepet vil provosere fram vald, som i neste omgang rettferdiggjer ytterlegare undertrykking, seier Kjersti G. Berg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Palestinarar går gjennom ei øydelagd gate etter det israelske angrepet på Jenin-leiren denne veka.

Foto: NTB / Raneen Sawafta

4925
20230707

Samtalen

Kjersti G. Berg

førsteamanuensis ved Høgskolen NLA

Aktuell

Angrepet på Jenin-leiren

4925
20230707

Samtalen

Kjersti G. Berg

førsteamanuensis ved Høgskolen NLA

Aktuell

Angrepet på Jenin-leiren

sofie@dagogtid.no

Tolv personar, inkludert tre born, er drepne etter angrepet på flyktningleiren Jenin på Vestbreidda denne veka. Israelske styresmakter kallar det for ein «omfattande kontraterroroperasjon». Leiren er eit lite område på om lag ein halv kvadratkilometer, med 14.000 innbyggjarar. Kjersti G. Berg er førsteamanuensis ved Høgskolen NLA. Ho har i fleire år arbeidd med problemstillingar knytte til Palestina–Israel-konflikten og gav i år ut boka Palestina: fakta på bakken.

– Dette er det største angrepet på Vestbreidda på over 20 år. Førre gong Israel gjekk inn på Vestbreidda, var under den andre intifadaen i 2002, då hæren delvis øydela leiren.

– Kvifor angreip Israel flyktningleiren Jenin no?

– Militante palestinske motstandsgrupper har vakse fram nord på Vestbreidda dei siste åra. Desse gruppene har angripe den israelske hæren og busettarar i området som svar på israelsk okkupasjonspolitikk. Dei palestinske styresmaktene har jobba hardt for å slå desse gruppene ned, i samarbeid med Israel.

– Så palestinske styresmakter støttar ikkje dei militante gruppene?

– Nei.

– Dersom terroristar og militante grupper brukar Jenin som base, er det ikkje då forståeleg at Israel angrip leiren for å verne befolkninga si?

– Angrepet på Jenin-leiren bidrar ikkje til å verne Israel. Angrepet skapar tvert om meir sinne og motstand.

–?Kva er då målet med angrepet?

– Ein må sjå det i eit større perspektiv. Målet er både å slå ned militant motstand, å avskrekke og straffe palestinarane kollektivt for motstand og å øydelegge infrastruktur. Mange ser angrepet mot Jenin-leiren som del av ein større israelsk agenda, med mål om ein formell anneksjon av land. Netanyahu gjentok for få dagar sidan at «det blir ingen palestinsk stat».

– Trur du det kan kome fleire angrep framover?

– Det er enno ikkje klart. Mange spør seg om Israel med angrepet vil provosere fram vald, som i neste omgang rettferdiggjer ytterlegare undertrykking. Ein må ha i mente at «slå ned terror» er eit refreng som Israel har brukt for å slå ned mange former for palestinsk motstand, frå menneskerettsorganisasjonar til militant motstand. Så lenge okkupasjon, kolonisering og apartheid held fram, vil palestinarane gjere motstand på ulike måtar.

–?Korleis har angrepet ramma sivile i Jenin-leiren?

– Angrepet har fått enorme sivile kostnader. Infrastruktur for vatn, elektrisitet og helsetenester er ramma, ambulansar kom ikkje fram, tåregass blei brukt inne på sjukehus, og om lag 3000 innbyggjarar, som er flyktningar frå krigen i 1948, blei pressa ut av leiren.

– Har angrepa støtte i den israelske befolkninga?

– Argument om å trygga israelarar har ofte støtte i Israel, men eg har enno ikkje sett meiningsmålingar. Israel vil erklære siger og at dei utførte operasjonen som planlagt. Vestlege regjeringar godtek ofte premissen om israelsk sjølvforsvar. Israel har i stor grad hatt straffefridom for menneskerettsbrot og brot på folkeretten, og det bidrar til at den israelske politikken kan halde fram.

– Og kva med dei palestinske militante motstandsgrupper? Har dei støtte blant innbyggjarane på Vestbreidda?

– Både militant motstand og støtte til militant motstand har vakse fram over tid. Mange unge er utan framtidshåp, dei har vakse opp utan ein politisk horisont. Den viktigaste årsaka er den langvarige og brutale okkupasjonen.

– Kva vilkår er det palestinarane lever under?

– Situasjonen er særs vanskeleg. 2,1 millionar palestinarar lever på den svært oppstykka Vestbreidda, innkapsla av militære grensepostar og muren. På same tid bur 700.000 israelske busettarar inne på Vestbreidda og i Aust-Jerusalem. Dette gjev eit sterkt press på palestinsk land og busetnad.

– Ein bil køyrde på tilfeldige menneske i Tel Aviv tysdag denne veka, og Hamas seier dei står bak. Er det fare for at situasjonen kan eskalere?

– Ja, det er det. I Israel har ein no ei høgreorientert regjering med ministarar som har uttalt at dei vil utvise palestinarane og formelt annektere Vestbreidda. Dette er ei dramatisk eskalering, samtidig som land grabs er ein klar kontinuitet i israelsk politikk.

–?Kan Palestina vente å få militær støtte frå andre land? Til dømes gjennom Den arabiske ligaen?

–?Ein kan sjå for seg at militante grupper i naboland vil støtte og væpne militante grupper inne i Gaza og på Vestbreidda. Når det gjeld dei arabiske statane, har ein ofte sett retorisk støtte til palestinarane, men ikkje at det gjev seg utslag i praktisk politikk. Jenin er under palestinsk jurisdiksjon eller sjølvstyre. Men dei palestinske styresmaktene har ikkje mynde til å verne eigne innbyggjarar frå den israelske hæren. Palestinarane er overlatne til seg sjølv.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Historia om Gilles Andruet (1958–1995) er ein gjengangar i «true crime»-sjangeren.

Frå sjakkverdaKunnskap

Lagnaden til minnemeisteren

Fekk han eit rom for natta, vart senga og golvet straks dekte av appelsinar, appelsinskrell, klede og sovjetiske sjakkblad.

Atle Grønn

Å rekna nautiske mil med passar og rullelinjal, er det nesten ingen som gjer lenger.

Foto: May Linn Clement

KunnskapFeature

Vegen til båtførarkortet

Kva må til for å kunna føra store fritidsbåtar i høg fart?

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis