– Reforma er underfinansiertPolitiet må få meir pengar, meiner Lene Vågslid (Ap), leiar i Justiskomiteen på Stortinget.

Politiet må få større ressursar, meiner Lene Vågslid (Ap), leiar i Justiskomiteen på Stortinget.

Publisert

– Politireforma er ikkje tilstrekkeleg finansiert, og og ho blir gjennomført medan politidistrikta slit med kapasiteten og får kutt i driftsbudsjetta sine. Da aukar liggetida for mange saker, seier Lene Vågslid.

– Regjeringa har ikkje sytt for god nok kapasitet og handlingsrom til det daglege politiarbeidet samtidig som reforma skal implementerast. Forliket om reforma hadde som klar premiss at dette ikkje skulle bli ei sparereform.

Vågslid meiner òg at meir komplekse saker fører til tregare saksbehandling.

– Vi gar ein auke i krevjande saker som vald mot barn og seksualovergrep. Desse sakene krev mykje tid, ressursar og kapasitet. Når dette skjer samtidig som politidistrikta får kutt i driftsbudsjetta, aukar liggetida. Regjeringa må levere eit forslag til statsbudsjett for 2019 som monnar for politidistrikta, og prioritere frie midlar. Det hjelper ikkje det daglege politiarbeidet at Politidirektoratet veks.

– Sverre Bromander i Politijuristene meiner at målet om to politifolk pr 1000 innbyggarar er eit mistak: Ikkje fordi det ikkje trengst fleire politifolk, men fordi det ikkje er der flaskehalsen i systemet ligg. Har han eit poeng?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement