JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

– Realistisk og naudsynt med auke

Folketalet i distrikta går nedover på grunn av lågare fødselstal, lågare innvandring og fråflytting. Statsråd Sigbjørn Gjelsvik (Sp) meiner det er realistisk å få til vekst igjen – også utan auka innvandring.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kommunar etter sentralitet. Raudt markerer dei mest sentrale og blått dei minst sentrale kommunane, der folketalsutviklinga også er særleg krevjande. Biletet er henta frå Stortingsmelding nr. 27 (2022–2023) Eit godt liv i heile Noreg – distriktspolitikk for framtida, som vart lagd fram tysdag.

5556
20230623

Samtalen

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

kommunal- og distriktsminister

Aktuell

Regjeringas nye distriktsmelding

5556
20230623

Samtalen

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

kommunal- og distriktsminister

Aktuell

Regjeringas nye distriktsmelding

eva@dagogtid.no

Tysdag la regjeringa fram ei distriktsmelding med nytt mål. I staden for å jobbe for å halde oppe hovudtrekka i busetnadsmønsteret i distrikta, som tidlegare regjeringar, skal målet framover vere å snu folketalsutviklinga i distrikta frå nedgang til auke.

Dag og Tid har snakka med kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

– Kva tidsperspektiv har de for å få til ein auke?

– Vi har ikkje sett nokon konkret dato, men det er ein tydeleg ambisjon frå vår side at folketalet i distriktskommunane skal auke. Noko som er gledeleg, er at tal frå i fjor også syner at mange distriktskommunar hadde folketalsauke. Det kjem i stor grad av at mange flyktningar frå Ukraina vart busette i distriktskommunar, men det handlar også om ny vekst og positiv utvikling mange stader.

– Gjennom dei fem åra før i fjor gjekk folketalet likevel ned i 200 av dei minst sentrale kommunane rundt om i landet, og i meldinga vert det forklart med lågare innvandring, færre fødslar og ei sentraliserande flytting. Kor realistisk er det å få til auke mot desse større trendane?

– Det er både realistisk og naudsynt. Det er heller ikkje slik at trendar går i ei rett line over tid. Etter pandemien har vi sett at fleire er interesserte i å busetje seg i eller i større grad enn før jobbe frå ein distriktskommune. Nokre av dei store industriutviklingane som er på gang no, skjer òg i distriktskommunar. Det gjev stor framtidstru.

– Fiskeindustrien, som i høgste grad er ei distriktsnæring, er heilt avhengig av utanlandsk arbeidskraft, i nokon grad også av å fly inn folk til å gjere jobben. Korleis skal de syte for at nye industriarbeidsplassar i distrikta fører til auka busetjing?

– Noko av det viktigaste svaret på det, er å bidra til heilårsarbeidsplassar, gjennom å kombinere arbeid i ulike næringar eller strekkje sesongen der det er snakk om sesongarbeid. Lokalsamfunn som gjer det, som Båtsfjord, til dømes, har i større grad klart å få til busetjing. Mange av dei som jobbar i fiske og fiskeindustrien i Båtsfjord, kjem frå andre land, men ved å tilby dei heilårsarbeidsplassar bidreg dei i større grad til ringverknader og til å byggje lokalsamfunn.

– Innvandringa til Noreg er lågare no enn i tiåret etter EU-utvidinga austover. Klarar vi å auke folketalet i distrikta utan auka innvandring framover?

– Det er det absolutt høve til. Og som sagt ser vi at mange lokalsamfunn klara å få til vekst og utvikling utover innvandring også i dag. Vi er opptekne av å understøtte dei gode lokale initiativa som finst, og leggje til rette for at folk skal kunne bu i distrikta i framtida.

– De vil leggje fleire statlege arbeidsplassar til distriktskommunar. Er det då snakk om kommunar i det som vert omtalt som sentralitetsklasse 6 – altså dei minst sentrale kommunane, der folketalsutviklinga er særleg krevjande – eller fyrst og fremst i meir sentrale distriktskommunar, med lågare sentralitetsklasse?

– Vi er opptekne av at kommunar i alle sentralitetsklassar frå 3 til 6 òg skal vurderast ved etablering av omlokalisering av statlege arbeidsplassar. Vi har alt lagt fem stillingar i tilsynsrådet for kriminalomsorga til Vardø, som ligg i sentralitetsklasse 6.

– Kor mange statlege arbeidsplassar er det realistisk å flytte ut?

– Vi har ikkje sett noko måltal, men vi seier at det ved nyetablering eller omlokalisering skal gjerast ei konkret vurdering som inkluderer lokalisering i ein av dei mindre sentrale kommunane. I tillegg seier vi at vi i utgangspunktet vil ha lokalisering utanfor Oslo og dei store byane. Men det må gjerast konkrete vurderingar i kvart enkelt tilfelle og for kvar enkelt verksemd.

– De vil òg gje kommunane meir fridom i arealpolitikken. På kva måte skal det kunne snu folketalsutviklinga?

– I dag opplever mange kommunar at dei har for lite handlingsrom til å leggje til rette for bustadbygging og næringsutvikling i områda dei sjølv meiner er best til det. Så arealpolitikken er viktig for å leggje til rette for ny vekst og sterkare utvikling i delar av landet. Vi vil òg bidra til meir aktiv bustadpolitikk og tiltak for bustadbygging, pluss auka tempo i utbygginga av høghastigheitsbreiband til alle, noko som er avgjerande for at bedrifter skal etablere seg og folk skal kunne jobbe frå distrikta.

– Både matjorda, ulike naturtypar og naturmangfaldet er under press fleire stader. Er det då så lurt å gje kommunane meir fridom i arealpolitikken?

– Vi skal ta vare på matjorda og viktige natur- og miljøkvalitetar, men det er ikkje det same som å seie at det generelt sett ikkje kan byggjast i 100-metersbeltet i strandsona eller i randsona rundt tettbygde strøk eller fjellområde. Vi vil ha ei større differensiering her. Eg var i fjor i Kvinnherad, som har mykje strandline, og der er det klart at det er fullt mogleg å kombinere det å ta vare på viktige natur og miljøkvalitetar samstundes som ein også byggjer ut i strandsona. Difor signaliserer vi at det må verte større handlingsrom for kommunane til å gjere dei gode vurderingane lokalt, både for å ta vare på natur- og miljøkvalitetar og for å kunne leggje til rette for auka bustadbygging og næringsverksemd.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det er ikkje slik at trendar går i ei rett line over tid.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek  Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

I rykk og napp

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis