JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

– Raudt har mykje å takke AKP for

Ytre venstre er i medvind om dagen. Det er eit resultat av mange år med hardt arbeid lokalt, meiner valforskar Tor Bjørklund.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Raudt-leiar Bjørnar Moxnes og statsminister Jonas Gahr Støre i ein munnleg spørjetime i november i fjor.

Foto: Javad Parsa / NTB

4798
20220218
4798
20220218

Raudt

jesper@dagogtid.no

Raudt er på fleire målingar oppe i 10 prosent. For eit parti som braut sperregrensa for første gong i stortingsvalet sist haust, er ikkje det småtteri. Ein skal ikkje lenger tilbake enn til stortingsvalet 2017 for å finne eit valresultat på 2,4 prosent. På somme målingar er Raudt no større enn både SV og Senterpartiet.

For mange har denne oppgangen komme brått på. Men valforskar Tor Bjørklund er ikkje overraska.

– Nett no rir dei ei stemningsbølgje. I straumkrisa har dei eit godt utgangspunkt med EU-motstand og truverd, i og med at dei aldri har hatt regjeringsansvar. Og så har dei ein dyktig leiartrio.

Bjørklund meiner òg at dei såkalla pendlarbustadsakene har råka dei etablerte partia hardt.

– Raudt er det einaste partiet med reint rulleblad i den saka. SV har òg problem. Raudt har difor best utgangspunkt når dei kritiserer fusk og fanteri.

Sperregrensa

Medan den store veksten den siste tida ikkje er så vanskeleg å forklare, meiner Bjørklund at det interessante heller er vegen over sperregrensa. Partiet haustar no fruktene av mange tiår med utrøytteleg arbeid i norske kommunestyre, meiner han. På lokalt nivå har forløparen Raud Valallianse (RV) vore representert heilt sidan 1975.

– AKP (m-l) har av gode grunnar vore eit utskjelt parti i norsk politikk. Likevel skal dei ha all ære for eit glødande arbeid lokalt. Det skal litt til å halde oppe motivasjonen når det buttar imot, og dei knapt når 1-prosentstreken i oppslutnad. Dei har klart å byggje den plattforma som ei rekkje flinke politikarar no gjer suksess med.

Bjørklund har den siste tida studert kommunevalet i 2019 og seier at veljarprofilen til Raudt har eintydige trekk.

– AKP (m-l) dyrka den fagorganiserte kroppsarbeidaren. Profilen til Raudt lever ikkje opp til det idealet. Tilsette i offentleg sektor utgjer over halvparten av dei yrkesaktive veljarane. Eitt tyngdepunkt finn vi i velferdssektoren, i helse-, sosial- og utdanningsvesenet. I tillegg er dei høgt utdanna, og eit knapt fleirtal er kvinner.

Ny arbeidarklasse

Bjørklund meiner Raudts suksess heng saman med auka vekt på økonomiske skilnader, og at klasseomgrepet har fått ny aktualitet i den politiske debatten. Samstundes har kart og terreng endra seg. Den mest streikeviljuge er ikkje lenger industriarbeidaren.

– Profilen til Raudt er vorten påfallande lik profilen til SV. Idealet i den muskuløse jern- og metallarbeidaren er bytt ut med barnevernspedagogen. Ingen av dei folkevalde i stortingsgruppa er arbeidarar. Før var det sånn at dei høgt utdanna røysta borgarleg. Den samanhengen er snudd på hovudet. Høg utdanning peikar no snarare mot venstre enn høgre.

– Har Raudt vunne fram med å snakke om fordelingsspørsmål, altså klassespørsmål, i staden for identitetspolitiske og verdipolitiske tema?

– Det trur eg absolutt. No er det så mange parti som kjempar om til dømes dei grøne veljarane, så dei har ikkje så mykje å tape på det. Men ein skal ikkje sjå bort ifrå at det er ein kime til konflikt i partiet.

Revolusjon

Kritikarar som Bård Larsen i Civita har vore ute og åtvara mot ein retorisk nærleik til den autoritære m-l-rørsla. I prinsipprogrammet til Raudt kan ein lese: «Som eit revolusjonært sosialistisk parti, er det ikkje Raudt si oppgåve å administrere kapitalismen i regjeringsposisjon.»

– Eit revolusjonært sosialistisk parti, er ikkje det eit gufs frå fortida?

– Formuleringa kan overraske. Men det går føre seg ei ideologisk loftsrydding i Raudt, slik SV tidlegare har vore gjennom. Truleg vil slike formuleringar verte fjerna.

– No har dei to venstresidepartia om lag 20 prosent til saman. Kan dei ikkje berre slå seg saman?

– Sett utanfrå verkar det logisk. Men for 20–30 år sidan hadde det vore heilt utenkeleg. Mange i SV følte seg lurt og herja med av AKP (m-l). Det sit nok igjen mykje vondt blod mellom partia.

Bjørklund peiker på at det danske partiet Enhedslisten har hatt suksess etter å ha gått gjennom ein liknande prosess. I kommunevalet sist haust vart dei det største partiet i København.

– Kanskje står dei såkalla museumsvaktarane sterkare i Raudt enn i SV. Men AKP-arane frå glansdagane på 1970-talet er alle vortne pensjonistar. Og veljarane til Raudt er unge, slik AKP-arane var den gongen.

Valforskaren vegrar seg for å prøve seg som spåmann, men trur iallfall posisjonen over sperregrensa er rimeleg trygg i åra framover.

– Den underlege m-l-rørsla har sett spor i historia. Ikkje berre med ei levande dagsavis, Klassekampen, men òg med eit stortingsparti.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Idealet i den muskuløse jern- og metallarbeidaren er bytt ut med barnevernspedagogen.

Tor Bjørklund, valforskar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Ja til skule, nei til studentfabrikk

Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Andrej Kurkov

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis