JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

🎧 Pest eller science-fiction

Dersom vi ikkje passar på no, kan pandemien verte eit vasskilje i historia.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Filmen «The World after Corona» kan lagast som ein moderne dystopi.

Foto: Fabian Bimmer / NTB scanpix

8335
20200327
8335
20200327

Lytt til artikkelen:

Den andre koronaveka er snart til endes, og den nasjonale samkjensla kan minne om «Kvelden før kvelden». Alle er inne, på same kanal. Vi ventar på det som skal skje, men det er ikkje på julaftan denne gongen.

I ventetida på sjukehusa er det korkje karantenekos eller abstraksjonar som rår, men intensivplassar, smitteverndrakter og pasientar som kjem inn med pustevanskar. Der står dr. Rieux klar, den nøkterne lækjaren som kjempar mot pesten i romanen til Albert Camus. Han veit at konklusjonen alltid er denne: Det gjeldt å kjempe og ikkje gje seg. «Alt dreide seg om å hindre så ofte som mulig at mennesker døde og ble skilt fra sine for alltid. For å oppnå dette fantes bare et middel for Rieux, nemleg å kjempe mot pesten».

Dei av oss som ikkje kjempar i frontlina, bør – forutan å halde smitta nede – freiste å forstå kva det er som skjer. Kva stad i historia er vi på no?

Lyft blikket

Svaret er at vi ikkje veit. Men vi kan fylgje med og bør lyfte blikket utover trugsmålet om bypåske for hyttefolket og digitalt barnetog på 17. mai. Det er større vyar i horisonten.

I land der den økonomiske krisa er av ein litt annan dimensjon enn her på Oljeberget, hevdar røyster at krisa varslar ein ny tidsalder. Den kroatiske wonderboy-filosofen og venstreaktivisten Srecko Horvat er ein av dei. Han har venta lenge på apokalypsen og vonar at covid-19 betyr kapitalismens fall. Marknaden har kollapsa, kapitalismen har spelt fallitt. Dette vert anten sivilisasjonens undergang eller berging.

Rørsla han driv saman med blant anna kollega Slavoj Zizek, Democracy in Europe Movement 2025 (DiEM 25), har starta daglege direktesendingar på Youtube: «World after Coronavirus». I den fyrste sendinga, måndag, vart det proklamert til all verdas sosialistar: «Unify or die!» No gjeld det å anten finne saman eller overgje seg til nyfascistar. Alternativa er revolusjon eller diktatur.

Den same forteljinga kjem i ein litt annan variant frå den israelske historikaren Yuval Noah Harari, forfattaren av Sapiens og Homo Deus. Han er van med å gje dei verkeleg store perspektiva, som i Sapiens, der han dreg menneskeslekta si historie hundre tusen år attende.

I artikkelen «The World after Coronavirus» er det menneskeslekta si framtid det gjeld. Harari tar utgangspunkt i at vi står overfor ei global krise, og seier at dei avgjerdene folk og styresmakter tar dei neste vekene, vil forme verda i åra som kjem. Han held fram to viktige val. Det fyrste står mellom totalitær overvaking eller myndiggjering av borgarane. Det andre står mellom nasjonal isolasjon og global solidaritet.

Overvaking

Sjølv står vi midt i desse vala. Skal hyttefolk jagast dit dei høyrer heime, eller skal vi lite på at dei er ansvarlege? Har Bergen kommune rett til å overvake simkorta i byen for å sende ut varsel dersom for mange samlar seg på éin stad? Skal ein ringe politiet når ungane i gata speler fotball på løkka?

Avgrensinga av koronalova til regjeringa var ein refleks mot totalitære tendensar. Og samanlikna med Kina og til dømes Israel, som Harari kjem frå, har vi mykje å gå på. For fyrste gong i historia er det jo faktisk mogleg å overvake heile befolkninga på éin gong. Det var noko KGB berre kunne drøyme om, med sine gamaldagse metodar baserte på agentar av kjøt og blod. No handlar det om allstadnærverande sensorar og effektive algoritmar.

Dei fleste har fått med seg at dei i Kina har motarbeidd korona ved hjelp av ein app som varslar om du kjem nær ein person som er smitta, eller rettare sagt mobiltelefonen til ein person som er smitta.

I Israel har Netanyahu godkjent å nytte overvakingsteknologi frå kampen mot terrorisme for å spore pasientar med koronavirus. I Noreg er styresmaktene i ferd med å utvikle ein liknande app som i Kina. Kva form det tek, står att å sjå.

Eit tankeeksperiment vi kan gjere på oss sjølve, er: Kva vel eg, fridom eller helse? Stilt overfor eit par prosent sjanse for potensiell alvorleg sjukdom ropar mange på handlekraft og kontroll. Dei ofrar viljug fridomen for kjensla av tryggleik, om tiltaka er aldri så totalitære og kanskje ikkje eingong tilrådde av smitteekspertane.

Følg med på dette, seier Harari. Dersom vi ikkje passar på no, kan pandemien verte eit vasskilje i historia om overvaking. Ikkje berre fordi situasjonen normaliserer masseovervaking, men fordi overvakinga no flyttar seg til under huda. Når du, hittil, har rørt skjermen på smarttelefonen med fingertuppen og klikka på ei lenke, er det det du har klikka på som har vore av interesse, men med koronaviruset skiftar interessa. No er det temperaturen i fingeren, og blodtrykket, som er mest interessant. Harari skisserer eit science fiction-scenario som overgår det meste.

Men for oss som har nytta ventetida til blant anna å sjå filmen iHuman, er åtvaringane hans ikkje heilt på jordet. Lat oss seie at kontinuerleg overvaking av kroppstemperatur, blodtrykk og hjarterytme stoppa pandemien i løpet av nokre veker. Vi ville alle vere takksame. Men korleis ville då ein slik reiskap verte nytta etterpå? «Tenk deg Nord-Korea i 2030, når kvar borgar må bere eit biometrisk armband 24 timar i døgnet. Viss du lyttar til ein tale av Den store leiaren og armbandet plukkar opp avslørande teikn på sinne, er du ferdig». I andre delar av verda vil overvakinga heller verte nytta til å selje produkt eller politiske løysingar. Korleis dette kan gå føre seg, kan du sjå på iHuman. Leig han på Get i kveld.

Fridom og helse

Harari vil ikkje velje mellom fridom og helse. Han vil ha begge delar. Den einaste måten å få det på, er å ha ei ukueleg tru på det opplyste, gode, tillitsfulle og ansvarlege mennesket. Løysinga Harari peiker på, er den myndige verdsborgaren som handlar etter kunnskap, og den frie globale flyten av varer og elite, i den grad dei er garantert smittefrie.

Ei velinformert befolkning er mykje meir effektiv enn ei overvaka ignorant befolkning, seier han og går vidare med å agitere for ei naudsynt globalisering etter koronakrisa. Valet står, som også Horvat peiker på, mellom «nasjonal isolasjon» og «global solidaritet». Lesaren treng ikkje vere i tvil om kva som er vondt og kva som er godt av desse alternativa. «Unite or die!» Ein utopi, spør du meg. Som om det ikkje finst nokon mellomting? Som om løysingar ikkje er prega av kultur og lokale omstende? «Stol aldri på en barnløs, visjonær veganer», var slutten på ein kommentar eg ein gong las om Harari.

Den liberale globaliseringa er sjølvsagt ikkje det einaste naudsynte framhaldet på historia, sjølv om profeten Harari ser det som sigeren over alle farar: «Menneskeslekta treng å velje. (…) Dersom vi vel splitting, vil det ikkje berre forlenge krisa, men sannsynlegvis også resultere i endå verre katastrofar i framtida. Dersom vi vel global solidaritet, vil det ikkje berre vere ein siger over koronaviruset, men over alle framtidige epidemiar og kriser som kan ramme menneskeslekta i det 21. hundreåret.» Ikkje mindre.

Kornlager

Her heime, og no ser eg på meg sjølv som nordmann, ikkje som global borgar, gjekk vi straks inn i vår eiga nasjonale boble, fyrst på hytta og så på dugnad. Og nasjonal sjølvberging vert drøfta som alternativ til aukande globalisering.

Det er ikkje lenger sidan enn i fjor at regjeringa sa nei til beredskapslagring av korn, medan det på starten av 1800-talet var kornlager i kvar ei bygd. Det er vi som no ser nasjonen som ein vesentleg beredskap, som i Horvat sine auge kastar seg i armane på nyfascistane.

Tida vi er i no, er som blanke sider i ei bok. Kva skal skrivast? Det veit vi ikkje. Men det eg har forstått, er at det som skjer, utanfor sjukehusa, ikkje kan samanliknast med pesten i byen Oran, der dr. Rieux behandlar pestoffer. Camus’ pest, sjølv om han er ein allegori på krigen og kva krigen gjer med menneska, er ein avgrensa affære. Modellen for det vi står midt oppe i no, er korkje pest eller krig, men science-fiction. Filmen «The World after Corona» kan lagast som ein moderne dystopi der kontroll og redsle for døden har avskaffa fridomen og styrer livet vårt.

Eivor Andersen Oftestad er forfattar, forskar ved MF vitenskapelig høyskole for teologi, religion og samfunn og fast skribent i
Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Harari vil ikkje velje mellom fridom og helse. Han vil ha begge delar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

Det er ein svir å oppleve korleis den bokelskande Matilda tar eit oppgjer med vonde rektor Trunchbull.

Foto: Grethe Nygaard, Rogaland Teater

TeaterMeldingar
DAG OG TID

Festleg framsyning av musikalen Matilda

Matilda har i årevis gjort suksess som musikal. No også på Rogaland Teater.

Den tsjekkiske nasjonalromantikaren Antonín Dvořák (1841–1904).

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Grått og keisamt

Bestion mislukkast i å modernisera Scarlatti og Dvořák.

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

Ordskifte
Anne GunnPettersen

Ein endrar ikkje naturen med talemåtar

HumorFeature

Matprat og alder

Sei meg korleis du uttalar namn på matvarer, og eg skal seia kor gamal du er.

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis