– Patriarkatet kan verte styrkt i utlandet

– Eg har alltid trudd at patriarkatet vert svakare i utlandet, men det er motsett, det kan verte styrkt, seier Shazia Majid, som har skrive bok om historia til innvandrarkvinnene i Noreg.

Shazia Majid har skrive historia til innvandrarkvinnene i Noreg.
Shazia Majid har skrive historia til innvandrarkvinnene i Noreg.

– Eg håpar historia om mamma og generasjonen hennar får folk til å tenkje, både på kampane som er kjempa, og på kva vi kan lære av historia og feila som er gjorde. Og så håpar eg det vert innført introduksjonsprogram for hentekoner, slik som for flyktningar. Historia syner kor viktig det er at innvandrarkvinner lærer norsk og kjem seg ut i arbeid. Det er ikkje berre viktig for dei, men for klassereisa og fridomen til barna deira, seier Shazia Majid.

Ho er journalist i VG og gav denne veka ut boka Ut av skyggene. Den lange veien mot likestilling for innvandrerkvinner. Boka er eit nybrottsarbeid om historia til innvandrarkvinnene i Noreg frå 1970-åra og fram til i dag og eit feministisk kampskrift for komande generasjonar. Og ikkje minst er ho ei hylling til mødregenerasjonen, som Majid seier har vore avgjerande for at ho og generasjonen hennar har kunna gjere både karriere og opprør mot den mannsdominerte kulturen dei kjem frå.

– Eg var ikkje klar over den raude tråden som går frå mammas generasjon til vår, og korleis livet vårt er påverka av måten generasjonen hennar vart behandla på. Når eg ser kvar dei starta og utviklinga sidan, er eg optimistisk på vegner av framtida, seier ho.

Dei rette avgjerdene

Mora hennar, Gulzar Majid, kom til Noreg ein januardag i 1973. Ho hadde reist frå familien i millionbyen Rawalpindi i Pakistan og vart møtt av ektemannen, som hadde drege i førevegen til Oslo for å busetje seg der. Gulzar var 22 år, ho kunne ikkje språket, og ho kjende ingen andre i det nye heimlandet enn ektemannen. Han hadde ho møtt fyrste gong då dei gifta seg eit halvår tidlegare.

To veker etter at ho kom til Noreg, byrja ho å jobbe ved Oslo Reiseeffektfabrikk. Der sydde ho vesker med ei timeløn på 16,50. På kveldstid sorterte ho fiskekrokar på ein annan fabrikk saman med mannen. Seinare tok ho seg jobb på ein pleieheim, og då Shazia vart fødd, jobba ho for Fellesmeieriet. Det var alle jobbar ein kunne få som ufaglært.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement