JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

– Mange sit på gjerdet

– Trump har ikkje fått den oppslutninga han hadde håpa på, seier professor Torbjørn Lindstrøm Knutsen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Tysdag denne veka kunngjorde Donald Trump at han vil stille som kandidat ved presidentvalet i 2024.

Foto: Jonathan Ernst / Reuters / NTB

4959
20221118

Samtalen

Torbjørn Lindstrøm Knutsen

professor i sosiologi og statsvitskap ved NTNU

Aktuell

Trump som president­kandidat

sofie@dagogtid.no

Mange republikanarar meiner Trump har skulda for at mellomvalet ikkje gjekk så bra som dei hadde håpa. Det var likevel venta at Trump ville stille som presidentkandidat, noko som vart stadfesta i talen tysdag kveld.

– Kvifor valde Trump å stille til val igjen?

– Det er egoistisk frå hans side. Han trivst med å bli tilbeden og hylla, han likar å vere viktig og mektig, det er den viktigaste drivkrafta, seier Torbjørn Lindstrøm Knutsen, professor i sosiologi og statsvitskap ved Noregs teknisk-vitskaplege universitet (NTNU).

– Kva var inntrykket ditt av talen til Trump tysdag kveld?

– Trump var moderat i tonen og hadde ingen av desse underlege improvisasjonane, iallfall ikkje noko å snakke om. Det var openbert at han las opp frå ein teleprompter. Han hadde fått beskjed om å vere kontrollert. Forma på talen var god, men innhaldet var som tidlegare: fullt av bløff og sludder. Likevel gjorde måten han serverte det på, at det verka truverdig.

– Mange republikanarar skuldar på Trump for at valet ikkje gjekk så bra som det kunne ha gjort. Er Trump no skadeleg for Det republikanske partiet?

– Ja, ein del meiner det. Men det er ikkje noko nytt. Mange senatorar som var kritiske til Trump då han var presidentkandidat i 2016, støtta han fullt ut då han vart president. Det kjem nok av at partiet har hatt ein sterk partidisiplin. Men no verkar det som ei rekkje republikanarar sit på gjerdet. Trump har ikkje fått den oppslutninga han hadde håpa på, og dette tolkar eg som at dei synest han er skadeleg for partiet.

–?Vil Trump som presidentkandidat tene demokratane ved presidentvalet i 2024?

– Det er mange demokratar som tenkjer slik. Og i enkelte statar sponsa demokratane dei mest ekstreme trumpistane for å få ein ekstrem motstandar i valkampane, det var ein god strategi som gav utteljing i år. Ein risikabel strategi, men vellukka. Difor meiner eg same logikken gjeld for presidentvalet om to år.

– Republikanar og guvernør i Florida, Ron DeSantis, blir peika på som ein motkandidat til Trump om han skulle stille som presidentkandidat. På kva måte er Trump og DeSantis ulike?

– Det er ingen store ulikskapar mellom dei. Kva Trump eigentleg står for, er uklart, han seier så mykje rart. Men ser me på den politikken han har ført, liknar det på det DeSantis står for. Til dømes vil ikkje DeSantis ha noka innstramming av våpenlova.

– Vil han føre partiet i enda meir ekstrem retning enn Trump?

– Nei, men han er meir effektiv i å gjennomføre politikken sin, og politikken som Det republikanske partiet har no, kan difor bli gjennomført lettare. Likevel meiner eg at politikken som Trump og DeSantis står for, er på veg til å gå ut på dato. Ein av grunnane til at Trump gjorde det dårlegare enn venta, og at demokratane gjorde det heller godt, var at dei unge mobiliserte – på miljø, den ny abortlovgivinga og ein meir LHBT-tolerant politikk. Med andre ord alt det republikanarane er intenst mot. På sikt er det dette som er den store utfordringa for republikanarane, at nøkkelstandpunkta deira har gått ut på dato.

– Har Trump sjanse til å bli president igjen i 2024?

– Det avheng av kven som blir hovudmotkandidaten hans. Eg trur ikkje det blir Joe Biden, ingen demokratar vil ha han. I tillegg må Trump kome seg gjennom to hinder: først primærvalet der partia kårar sine eigne kandidatar, så presidentvalet. Han må altså ha støtte i partiet og i befolkninga.

– Kva gjer han for å få støtte i Det republikanske partiet?

– Han har alt byrja å skremme bort rivalar i partiet ved å erklære sitt kandidatur og kome med ein god tale tysdag kveld. Det er også interessant at han, i kjend stil, har vore ute og kritisert DeSantis. Mellom anna har Trump kalla DeSantis for inkompetent. Dette er eit forsøk på å rydde veg internt i partiet. Men om han har støtte i partiet no? Det er vanskeleg å seie. Ser me på reaksjonane etter mellomvalet, er det mange republikanarar som sit på gjerdet. Eg ser føre meg at dei leitar etter ein ny kandidat.

– Og blant veljarane?

– Amerikansk politikk er så omskifteleg. Om han vil ha støtte om to år, er ikkje godt å seie. Det er også viktig å peike på at han har mista nokre av dei viktigaste sponsorane sine, ein av dei er mediemogulen Rupert Mur­doch. Heller ikkje Fox News er på Trumps parti lenger.

– Har amerikanarane fått nok av Trump?

– Ja, han representerer ikkje lenger noko nytt, som han gjorde for fem–seks år sidan. Det er for mykje bråk med han, sjølv folk som støttar han, forstår at mykje av det han seier, er løgn, men dei likar å sjå han stikke fingeren i auga på eliten. Om denne trenden kjem til å halde fram, er ikkje godt å seie, men eg trur ikkje Trump vil ha den same støtta i 2024 som han hadde for nokre år sidan.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Kongsbonden Johan Jógvanson bur i den Instagram-venlege bygda Saksun. Men sjølv om han skjeller ut turistar, er det ikkje dei han er forbanna på. Det er politikarane inne i Tórshavn.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Turistinvasjonen

Kvar sommar invaderer fleire tusen turistar garden til Johan Jógvanson i Saksun. Det har gjort han til den sintaste bonden på Færøyane.

Hallgeir Opedal

Teikning: May Linn Clement

UtanriksSamfunn

Den nyreligiøse avantgarden

NEW YORK: Blant trendsettarar på Manhattans Lower East Side
er katolisisme siste skrik. 

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis