– Mange likar toget av prinsipp
Idar Mo har rett i mykje, meiner Jørgen Aarhaug, forskingsleiar ved Transportøkonomisk institutt (TØI).
peranders@dagogtid.no
– Om suksesskriteriet for kollektivtransporten er å flytte folk på ein kostnadseffektiv måte, har Idar Mo rett. Ser du på kostnadene, er ikkje tog ei særleg fornuftig transportform i Noreg, seier Aarhaug.
– Buss går litt seinare enn tog, men er mykje billegare. Det er ikkje minst fordi vegen som bussen køyrer på, ville vore der uansett, medan toget treng dedikert infrastruktur. Om du ser på ressursbruk, har Mo absolutt rett.
Samstundes kan jernbanen ha nokre ringverknader som bussen ikkje har, påpeikar Aarhaug.
– Ein jernbanestasjon gjev eit signal om at det er verdt å investere pengar på ein stad. Det er styrande for byutvikling på andre måtar enn bussen, og dette er vanskeleg å talfeste. Men om du berre ser på kostnadene, er det ikkje grunn til å satse mykje på jernbane i Noreg. Dette er noko vi diskuterer i lunsjen på TØI: Kvifor i all verda brukar vi så mykje pengar på tog, seier Aarhaug.
– I snitt kostar det mykje mindre å køyre buss enn å køyre tog.
– Jernbanen står for nokre få prosent av reisene, og det blir mykje pengar per personkilometer. Særleg intercitytoga er dyre. Vi har ikkje sikre tal som gjer det mogleg å samanlikne kostnadene, men i snitt kostar det mykje mindre å køyre buss enn å køyre tog.
– Er det noko irrasjonelt i prioriteringane, rett og slett fordi folk er glade i toget?
– Ja. Mange likar toget av prinsipp. Vi har eit togtilbod som ikkje har med økonomi eller transportbehov å gjere, og som handlar meir om identitet. Men vi har valt politikarar som prioriterer slik.
– Kva er grunnen til at argumenta til Mo ikkje har fått meir gjennomslag?
– Det er noko på grunn av ein stor fascinasjon for jernbane, og toget blir oppfatta som ei grøn transportform. Og prioriteringane har ikkje vore retta inn mot å dekke transportbehova, det har vore mange andre omsyn bak, seier Aarhaug.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.