JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

– Må tenkje langsiktig

Me er samde i problema slik dei er skildra av politiet, men ikkje løysinga, seier Thov Midsund Nordbø i Barneombodet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Valdeleg jentegjeng i Kristiansand dokumenterer sjølv illgjerningane sine mot andre ungdomar.

Skjermdump frå video på NRK Sørlandet

5040
20230825

Samtalen

Thov Midsund Nordbø

seniorrådgivar hos Barneombodet

Aktuell

Auken i ungdoms­kriminalitet

5040
20230825

Samtalen

Thov Midsund Nordbø

seniorrådgivar hos Barneombodet

Aktuell

Auken i ungdoms­kriminalitet

sofie@dagogtid.no

Ungdomsvalden har auka i dei norske byane. I Oslo med 18 prosent sidan pandemien. Denne veka var Inga Bejer Engh frå Barneombodet og politimeisteren i Oslo, Ida Melbo Øystese, i debatt om kva tiltak ein bør setje i verk. Er det meir tvang som skal til, slik Øystese løftar fram, eller er dette feil prioritering?

– Me meiner at ein debatt om meir bruk av tvang er feil ende å starte i. Eg vil kalle det for brannsløkking. Me er samde i problema slik dei er skildra av politiet, men ikkje løysinga og ønskjer difor å få debatten over på førebygging.

Thov Midsund Nordbø er seniorrådgivar hos Barneombodet. Han har sjølv kjent på kroppen kva konsekvensar ungdomskriminalitet kan føre til.

– Då eg flytta til Oslo, vart eg banka opp av ein ungdomsgjeng på T-banestasjonen. Det var noko av grunnen til at eg ønskte å arbeide med ungdomskriminalitet.

– Me får inntrykk av at situasjonen berre blir verre og verre. Kva er det som har endra seg dei siste åra?

– Me veit at ungdomskriminalitet og vald går i bølgjer. No ser me at me beveger oss oppover. Det gir grunn til uro. Me veit frå forsking kva for tiltak som verkar. Desse må styresmaktene få på plass, elles vil historia berre gjenta seg.

– De meiner at meir tvang er eit blindspor. Kva må gjerast?

– Me ser at bruk av tvang mot dei som driv med mest alvorleg kriminalitet, kan ha ein effekt dersom tvangen har eit innhald ein veit fungerer, men det løyser jo ikkje problemet for dei nye generasjonane som kjem seinare. Då må me tore å tenkje langsiktig, til dømes få på plass tiltak knytte til vald, rus og seksuallovbrot i alle kommunane i Noreg. No er ein litt prisgitt kva kommune eller bydel ein bur i. Alle kommunar bør ha eit minimum av førebyggjande tiltak som kan stoppe ei negativ utvikling hos barnet før det når ein alder der ein typisk startar med kriminalitet. Diverre er det få politikarar som går til val på «mjuke tiltak» framfor harde, resolutte tiltak, som tvang.

– Me har sett videoar med alvorleg vald der 13 år gamle jenter bankar opp andre for å spreie frykt. Dei har sjølv sagt at dei veit dei ikkje kan straffast når dei er under 15 år. Korleis kan me verne oss mot dei?

– Det er politiet og kommunen sitt ansvar å verne folk. Men eg vil understreke at me har verkemiddel til å gjere noko når det er så alvorleg vald. I 2014 fekk me eigne straffeaksjonar for ungdom mellom 15 og 18 år; ungdomsstraff og ungdomsoppfølging. Straffa handlar om at ungdommen skal få tett oppfølging og hjelp til å møte dei utfordringane ungdomane har. Det har me hatt i ni år, men me ser at tiltaka ikkje er gode nok i alle kommunar, og at oppfølginga diverre ikkje kjem raskt nok.

– Kva tiltak finst for dei under den kriminelle lågalderen?

– Dei kan ikkje straffast, men dei kan likevel bli møtte med reaksjonar. Politiet og barnevernet har ulike verkemiddel. Politiet kan køyre barnet heim eller innkalle til bekymringssamtale. Barnevernet kan i ytste konsekvens plassere born i tvang. Konfliktrådet kan også ta tak i saker der ein ungdom gjer lovbrot og er under kriminell lågalder. Det er viktig at politi, i samarbeid med kommunen og andre etatar, lagar gode planar for korleis slike saker skal handterast.

Thov Midsund Nordbø er seniorrådgivar.

Thov Midsund Nordbø er seniorrådgivar.

Foto: Barneombodet

– Vaksne som er farlege for andre og seg sjølv, vert skjerma frå samfunnet. Kva er i vegen for at born som utøver like alvorleg vald og kriminalitet, skal kunne straffast? Me har jo sett fleire knivangrep og drap blant ungdom. Bør ein senke den kriminelle lågalderen?

– Det er feil veg å gå. Uavhengig av om ein er over 15 år eller ikkje, seier FNs barnekonvensjon at å ta fridomen frå nokon skal vere siste utveg. Born er meir sårbare enn vaksne, og dei blir rekna som mindre klanderverdige enn vaksne. Dette er nok eit døme på at ein innfører ei symbolsk løysing utan at det set søkelys på dei utfordringane som faktisk er der.

– Viss me flyttar perspektivet til allmenta, til dei som bur i område med mykje kriminalitet, og ser at same ungdomen gjentekne gonger driv med vald. Det er jo traumatisk. Skal me ikkje ta omsyn til deira frykt?

– Jo, det skal me. Og som nemnt skal me møte ungdomen med reaksjonar. Men styresmaktene har også eit ansvar for at det skjer raskt. No tek det altfor lang tid, og då kan det sjå ut som om ingenting blir gjort, at det ikkje får konsekvensar. Det er verken bra for den fornærma eller for personen som utfører valden.

– Bør ikkje ei akutt løysing då vere å ta i bruk meir tvang?

– Men løyser det rota til det faktiske problemet? Nei. Det er ei mellombels løysing. Ein lukkar døra i ein periode, så blir ho opna att, og spørsmålet då er kven som kjem ut på andre sida. Ofte gjer tvang berre vondt verre. Det kan vere ubehageleg å tenkje lenger fram i tid, men det er det som må til for å få bukt med den mest alvorlege kriminaliteten me har i samfunnet.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis