JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

– Kva skal vi forhandle med dei om? Gravferder?

TEL AVIV: Barak Herscowitz tilhøyrer høgresida i israelsk politikk og støttar Benjamin Netanyahu. Geir Olav Jørgensen møter Barak på ein kafé i Tel Aviv for å høyre meiningane hans om Israel.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Barak Herscowitz er politisk rådgjevar.

Barak Herscowitz er politisk rådgjevar.

Foto: Geir Olav Jørgensen

Barak Herscowitz er politisk rådgjevar.

Barak Herscowitz er politisk rådgjevar.

Foto: Geir Olav Jørgensen

10894
20190503

Israelske monologar

Kva meiner israelarar om situasjonen i Israel? Geir Olav Jørgensen lar israelarar med ulik bakgrunn og ulike syn seie kva dei meiner. Denne veka: Barak Herscowitz.

Bakgrunn

Barak Herscowitz

Yrke: Politisk rådgjevar

Alder: 33

Fødd: Haifa

Bustad: Tel Aviv

Politisk plassering: til høgre

Geir Olav Jørgensen

Geir Olav Jørgensen er skjønnlitterær forfattar og har budd periodevis i Israel dei siste tjue åra, mellom anna på dei okkuperte Golanhøgdene.

– Barak, kva meiner du eigenleg om situasjonen i Israel?

Sjå deg rundt. Livet er godt. Økonomien går så det susar. Teknologibransjen vår har stor suksess internasjonalt. Og israelarane hugsar Oslo-avtalen, med alle dei katastrofale følgjene som han fekk for landet. Vi hugsar Ehud Barak og alt han ville gje opp.

Då eg voks opp, i nittiåra, var vi sikre på at freden var like rundt hjørnet. Snart skulle den arabiske verda opne seg for Israel. Vi hadde tru på framtida. Ehud Barak, som var statsminister i dei dagar, tala om ein soloppgang. Shimon Peres såg for seg eit nytt Midtausten. Vi trudde verkeleg på fred.

Eg som voks opp i ein høgrefamilie som var ideologisk og politisk aktiv, blei òg riven med. Endeleg skulle vi slutte fred med palestinarane. Til slutt blei den store fredsavtalen lagd fram av Ehud Barak, ein avtale som strekte seg langt i retning palestinarane, mykje lenger enn tidlegare forsøk, og lenger enn nokon har gjort seinare. Mellom anna ville Barak gje bort mesteparten av Vestbreidda og delar av Jerusalem. I tillegg ville han gje svært mange palestinske flyktningar, eller det som palestinarane definerer som flyktningar, retten til å vende tilbake innanfor grensene frå 1967.

Israelarane såg på planen hans som svært radikal, men Barak fekk størsteparten av folket med seg, sjølv om prisen var høg. Endeleg skulle ein bryte gamle mønster og få til noko positivt.

Ifølgje Oslo-avtalen skulle ein ny og meir fast fredsavtale mellom israelarane og palestinarane bli utarbeidd i tidsrommet 1999 til 2000. Håpet var difor sterkt då dei to partane sette seg ned i USA. Vi trudde det kom til å ende godt, sidan avtalen var såpass sjenerøs frå vår side.

Sjølvsagt stilte ein krav i retur. Ein forventa at palestinarane skulle gje opp alle andre krav, og at dei skulle godkjenne staten Israel. Ikkje minst blei det stilt krav om at dei skulle slutte å bruke terror som politisk verkemiddel.

Og merk deg éin ting: Konflikten handlar eigentleg ikkje om landområde eller vatn, eller om kven som har rett på Jerusalem. Han handlar om noko anna: Skal jødane ha rett på eit eige land i Midtausten? Her ligg kjernen i konflikten.

Og israelarane er ikkje villige til å gje opp landet. Vi kjem ikkje til å dra tilbake til Polen eller kor det måtte vere, om nokon skulle tru det.

Det kom ikkje fred ut av forsøket. I staden fekk vi intifadaen. Han var ei klar melding til oss frå palestinarane om kva dei er villige til å akseptere. Ein del er ikkje nok for den som vil ha heile kaka for seg sjølv. Tilbodet var ikkje godt nok for dei, og palestinarane reagerte med sinne. Under intifadaen skulle meir enn tusen israelarar bli drepne.

Det er mange i Europa som trur at konflikten handlar om deling av landområde og forhandlingar. Men eigentleg har han å gjere med eksistensgrunnlaget til den jødiske staten. Det er her kjernen ligg.

Eg lovar deg: Det var tungt å leve her under intifadaen. Kvar dag opplevde vi nye terrorangrep, med bomber på bussane. Folk visste ikkje om ungane ville kome levande frå det når dei sende dei på skulen om morgonen. På skulen der eg gjekk, var det mange foreldre som sende ungane sine på to ulike bussar. Slik ville dei ikkje miste begge eller alle ungane dersom det gjekk av ei bombe på den eine bussen.

Har du ungar? Prøv å sjå for deg noko slikt. På kort tid skulle ein altså gå frå det sterke håpet om fred til ein kvardag med bomber og terror. Det var ei frykteleg tid som skapte djupe og dramatiske endringar i det israelske folket.

Nokre år seinare såg vi eit nytt forsøk på å skape fred. Ariel Sharon gav palestinarane Gaza tilbake i 2005. For oss var han ein sterk og karismatisk høgremann, godt likt her i landet, for mange var han ein helt. Sharon måtte vere den rette mannen, med all erfaringa som han sat på. «Dette er prisen vi må betale for fred», blei det sagt av venstrefolket i dei dagar.

Det gjekk som det måtte gå: Gaza er blitt ein verkebyll for Israel, med rakettar og stadig nye terrorangrep.

Vi har prøvd å få til fred, men det gav oss bølgjer av vald. Vi prøvde éin gong, vi prøvde to gongar, men vi prøver ikkje ein tredje gong. Ikkje så lenge motparten vil bruke dei nye ordningane som svake punkt. Punkt som dei kan bruke i striden mot Israel.

I Tel Aviv finst det mange venstrefolk som lever i ei boble. Dei fleste av venene mine er venstrefolk, og dei lever som andre venstrefolk i si eiga trygge og komfortable verd. Men utanfor Tel Aviv, i resten av Israel, har ein for det meste gjeve opp håpet om fred. Majoriteten gav opp etter intifadaen. Og her ser ein årsaka til at venstresida ligg med broten rygg.

Både Netanyahu og Sharon, begge solide høgremenn, gjekk i si tid til val med slagord om fred. I desse dagar kan ikkje eingong venstresida inkludere ordet «fred» i slagordet sitt. Ordet er oppbrukt. Ingen trur på forhandlingar med Hamas. Kva skulle vi forhandle med dei om? Gravferder? Folk kan tru på ein mildare agenda overfor Hamas, til dømes i sentrumspartia, men ingen trur på forhandlingar eller fred med Hamas.

Og dette høyrer du frå ein som er optimist, eg er meir optimistisk av natur enn israelarar flest. Eg trur inst inne at fred er mogeleg. Men for at det skal bli fred, må palestinarane inngå visse kompromiss. Eg forventar ikkje at dei skal elske oss, men dei må godta at vi blir verande her. Vi drar ingen plass.

Likevel trur palestinarane enno at «det sionistiske prosjektet» er forbigåande. Dei ser for seg at staten Israel ein dag vil gå under. Men i dag er Israel så sterkt at dei ikkje greier å fjerne oss, heller ikkje med hjelp frå europearane, dei ulike boikottrørslene og arabarlanda rundt oss. For dei er det snakk om å halde ut til palestinarane før eller seinare skal verte sterke nok til å ta opp kampen mot sionistregimet, gjenerobre heile landet og drepe alle jødane som er her. Først når palestinarane innser at vi blir verande, kan vi få til fred.

Kva er det statsministeren vår gjer i dag? Han unngår kaos og held stø kurs. Han prøver ikkje å få i gang ein ny fredsprosess, den risikoen tar vi ikkje. Ein statsminister i dette landet, i vår tid, må manøvrere landet framover på eit vis som er forsiktig og gjennomtenkt. Samtidig må han ikkje føre landet inn i nye krigar. Og Netanyahu klarer å oppretthalde status quo. Han er god til å observere det som går føre seg i samtida. Han minner om ein dyktig sjakkspelar. No ser folket at ting er meir eller mindre stabile, og difor er det at mange stemmer på Netanyahu og at landet har dreia over på høgresida.

Ein gjev seg ikkje ut på nye, risikofylte føretak. Folk vil leve i fred med sitt. Ta ein kikk på Midtausten i desse dagar, med krigar og elende i alle retningar, med arabarane som slaktar kvarandre på sekterisk grunnlag: blod, fattigdom, hungersnaud, mangel på utdanning, ja, galskap og liding på alle frontar. Israel er verna mot alt dette, vi er ein slags oase.

Gå rundt i Tel Aviv. Kafeane og dei fine restaurantane, den kulinariske scena er utmerkt. Eit heftig natteliv går føre seg i denne byen. Dei homofile og lesbiske har rimeleg gode rettar. Vi har eit levande demokrati. Vi har fantastiske strender. Livet her er fargerikt. Ja, kulturen vår er rik på mange måtar. Mange reiser til utlandet på ferie. Israelarane reiser som aldri før, likevel klagar mange, til dømes over privatøkonomien. Men dei har ingen grunn til å klage dersom dei samanliknar seg med det som hender i andre delar av Midtausten.

Merk deg: Vi har ikkje eit høgt valdsnivå i Israel. Vi ligg lågare enn mange vestlege land om ein måler talet på drap per innbyggar. Og vi seier ofte til kvarandre når ein av oss skal til utlandet: «Måtte du kome trygt heim att!»

Eg veit at biletet ser annleis ut på utsida. Situasjonen her nede vil alltid ta seg annleis ut frå utsida. Europearane ser på Israel og Netanyahu med heilt andre auge, det veit eg jo.

Palestinarane blir sett på som den svake parten i konflikten. Men er dei verkeleg det? Det kjem an på kor langt du zoomar ut biletet: Palestinarane er ein del av den muslimske verda, og den muslimske verda er verkeleg stor når ein stiller henne opp ved sida av Israel.

Dessverre er det slik at palestinarane blir brukte av dei arabiske landa som eit brekkjarn mot Israel. Dei utnyttar palestinarane og konflikten. Konflikten mellom Israel og palestinarane er eit storarta politisk verktøy for arabarlanda, og dei har lært seg å gjere nytte av han på kynisk vis, med manipulering og vern av eigeninteresser.

Eg synest det er uhøyrt at arabarlanda ikkje trør til og hjelper palestinarane i staden for å bruke dei slik dei gjer. Dagens situasjon er med på å halde oppe flyktningkrisa i staden for å løyse henne. Flyktningar i 70 år? Kor høyrde vi om slike situasjonar andre stader i verdshistoria? Ei stund er du flyktning, men med tida startar du eit nytt liv.

Palestinarane har tapt konflikten med Israel, men dei vil ikkje akseptere situasjonen. Ein kunne seie at dei manglar bakkekontakt og nektar å sjå den vanskelege røynda i auga.

Europearane vil aldri legge skulda på palestinarane. All skuld blir lagd på Israel, og det held sjølvsagt optimismen oppe på den palestinske sida. Ein dag, før eller seinare, skal dei greie å utslette oss, det drøymer dei iallfall om.

Mange palestinarar utgjer på fleire område ein elite i den arabiske verda. Mange reiser utanlands og får seg høgare utdanning. Mange oppnår suksess på ulike felt i utlandet, som finans, forsking, kultur. Eg har sjølv møtt sofistikerte, smarte og talentfulle palestinarar. Ofte er dei dyktige forretningsfolk. Det er fullt mogeleg for dei å få til noko tilsvarande som Israel, ein stat som fungerer. Vi kunne ha vore gode naboar, verkeleg. Difor er det trist å vere vitne til dagens situasjon, men dei vil ikkje opne for alternativ.

Verda burde vist ansvar og stilt visse krav til palestinarane i byte mot all pengestøtta dei får. Omverda burde vore tydeleg og sagt: «De må slutte å bruke terror som politisk verkemiddel, og de må godkjenne at staten Israel har rett til å eksistere. Vi skal hjelpe dykk, men de må vere villige til også å hjelpe dykk sjølve.»

Neste veke: Gili Lev Ari

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

«Eg synest det er uhøyrt at arabarlanda ikkje trør til og hjelper palestinarane i staden for å bruke dei slik dei gjer.»

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ingeborg Arvola har fått fleire prisar for forfattarskapen sin.

Foto: Fartein Rudjord / Norla

BokMeldingar

Heitt begjær ved islagt hav

Ingeborg Arvola held fram med soga om kvensk liv på 1800-talet.

Hilde Vesaas

Skodespelar Svein Tindberg flettar saman eigne barndomserfaringar med 4000 år gamle forteljingar frå Bibelen.

Foto: Marcel Leliënhof

TeaterMeldingar
KristinAalen

Høgaktuelle forteljingar frå Midtausten

Trur vi Bibelen er ei utdatert bok, tek vi feil. Svein Tindberg syner korleis gamle jødisk-kristne soger talar til vår eksistens no når bombene fell mellom folkeslag.

Foto: Dag Aanderaa

Ordskifte
DagAanderaa

Pyntesjuke og luksuslov

Christian Kvart ville styre pynten, krydderet og konfekten.

Miridae, ei bladtege med oval form.

Miridae, ei bladtege med oval form.

Foto: via Wikimedia Commons

BokMeldingar
Per Roger Sandvik

Levande innsikt om døyande insekt

Ein optimistisk tone råder i ei tettpakka faktabok om dystre utsikter for insekta.

Aasen-tunet opna i 2000.

Aasen-tunet opna i 2000.

Foto: Sverre Fehn / Aasen-tunet

Ordskifte

Spor av tid i arkitekturen

«Arkitekturopprøret vil gjerne støype fast i ubehandla betong forståinga av kva god arkitektur er.»

Ottar Grepstad

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis