– Kan verte nye rundarSVs Karin Andersen ser ikkje vekk frå at det kan verte nye rundar om asylbarna i Stortinget.
SVs Karin Andersen ser ikkje vekk frå at det kan verte nye rundar om asylbarna i Stortinget.
I Arbeidarpartiet, som fremja forslaget om ny behandling for dei einslege mindreårige asylsøkjarane, har oppfølginga av stortingsvedtaket skapt protestar. Ap-veteranar og lokallag meiner partiet bør leggje press på regjeringa for å gje ein ny sjanse til dei 35 unge afghanarane som har fått avslag frå UNE med ny grunngjevinga. Det har innvandringspolitisk talsperson Masud Gharahkhani i Ap avvist, ifølgje Dagbladet.
Geir Jørgen Bekkevold, som er stortingsrepresentant for KrF, vil heller ikkje leggje seg opp i vurderingane frå UNE.
– Men KrF har fleire gonger reagert på at Noreg ser ut til å ha lågare terskel for å returnere barn til eit utrygt Afghanistan enn dei fleste andre europeiske land. Den uroa vert ikkje mindre med desse vedtaka, seier han.
Karin Andersen i SV kallar det «heilt uhøyrt» at UNE har kome til ei anna grunngjeving enn UDI, men meiner samstundes det er stortingsfleirtalet sitt ansvar, sidan Stortinget ikkje ville vere med på å tolke vedtaket og leggje strengare føringar for Listhaug. Ho trur det kan verte nye rundar om saka i Stortinget til hausten.
– Endringane hjelper jo uansett ei avgrensa gruppe, og er eit steg i rett retning, men berre eit lite når vedtaket vert fortolka strammare enn det kunne vorte, seier ho.
Bekkevold meiner òg det er uheldig at det vert gjeve nye mellombelse opphaldsløyve, og at dei nær hundre unge personane som har søkt om ny handsaming etter at søknadsfristen gjekk ut, har fått søknadane avviste.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.