JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

– Kan gje betre lønsoppgjer

Arbeidslivsforskar Isak Lekve meiner streiken styrkjer balansen i lønsfor­handlingssystemet og kan gje betre oppgjer framover.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
LO-leiar Peggy Hessen Følsvik og NHOs administrerande direktør Ole Erik Almlid etter brotet i meklinga i lønsoppgjeret sundag.

Foto: Terje Pedersen / NTB

4969
20230421

Samtalen

Isak Lekve

arbeidslivsforskar

Aktuell

Storstreiken i privat sektor

4969
20230421

Samtalen

Isak Lekve

arbeidslivsforskar

Aktuell

Storstreiken i privat sektor

eva@dagogtid.no

Både LO og NHO sa tidleg at lønsoppgjeret kom til å verte krevjande. LO-leiaren formidla òg at LO var budd på storstreik. Arbeidslivsforskar Isak Lekve ved Samfunns- og næringslivsforsking ved Noregs handelshøgskule trudde likevel ikkje det kom til å verte streik.

– Det var fordi det er lettare å streike i eit hovudoppgjer, når det kan vere strid om prinsipp. I mellomoppgjer, som berre handlar om løn, har det ikkje vore streik sidan forhandlingssystemet vi har i dag, vart etablert like etter krigen. Det har heller aldri skjedd at toppane i eit samordna oppgjer ikkje har vorte samde. Streiken i 2000 kom av at grunnplanet i LO sa nei til den framforhandla avtalen, seier han.

– I tillegg har pandemien, energikrisa og krigen i Europa medført stor uvisse om økonomien framover. LO har dessutan kritisert Noregs Bank for å heve renta, nett med argument om at partane i arbeidslivet er ansvarlege. Eg trudde òg streikeviljen skulle vere lågare med Ap i regjering, legg han til.

– Det som låg på bordet, var ei ramme på 5,2 i lønsvekst, som jo er relativt mykje?

– Tala frå Teknisk berekningsutval (TBU) tilseier at prisveksten vert på 4,9 i år. I lys av det, og jamført med andre oppgjer, er 5,2 mykje. Men prisveksten TBU la til grunn i fjor, synte seg å vere for låg. Og torsdag førre veke kom Statistisk sentralbyrå med anslag på konsumprisindeksen, på 6,5 prosent, altså monaleg høgare enn ramma. Dessutan handlar streiken om fordelinga av dei 5,2 prosentane, og at 1,9 prosent av desse skal hentast gjennom lokale forhandlingar. Ikkje alle får ut så mykje lokalt, og det råkar som regel dei som alt har dårleg løn frå før.

– Kven pleier å kome dårlegast ut lokalt?

– Fyrst og fremst bedriftene i privat sektor utan mange organiserte og utan tillitsvaltapparat. Det er snakk om ganske mange i låglønsbransjar som reinhaldarar og i utelivet til dømes. Nesten ingen utelivsaktørar har tariffavtalar. Boda som reiser rundt med varer, er eit anna døme.

– LO har fått gjennom låglønstillegg i alle oppgjer sidan 1990, ifølgje FriFagbevegelse. Kva gjer det vanskelegare no?

– I det sentrale tillegget på 1,9 prosent låg det sju kroner per time til alle og to kroner ekstra i låglønstillegg – eit tillegg for dei med under 90 prosent av gjennomsnittleg industriarbeidarløn, som vil seie under 490.000 kroner om lag. Men LO vil ha det sentrale tillegget, som alle er sikra, opp for å garantere dei låglønte meir. Tidlegare år har funksjonærar og leiarar teke ut meir enn andre, og skilnadene har auka. For LO er det nok viktig no, med Ap i regjering, å syne at dei kan snu den utviklinga. Slik sett er streiken del av ein retorisk offensiv.

– Dei har ikkje berre lukkast med denne offensiven så langt. No vert det òg åtvara om at renta kan auke som følgje av streiken.

– Rentespøkelset er der, og framover vert det nok vanskelegare for LO å kritisere renteauke. Om auken vert solid over 4,9 prosent, kan dei i alle fall kritiserast for å bryte eigen retorikk. Eg synest derimot det har kome klart fram at streiken handlar om låglønte og ikkje høgre ramme. NHO er heller ikkje særleg offensiv. Dei har to argument: uvissa i norsk økonomi, som er reell, og at nokre bransjar går bra og andre ikkje, som talar for lokale forhandlingar. Men det er vanlegvis argument for å verne om konkurranseutsett industri, og no går den konkurranseutsette industrien greitt. Dei som slit i dag, er barar, restaurantar, hotell og byggjebransje, der risikoen er konkursar, ikkje svekt norsk konkurransekraft. Det gjer det vanskeleg for NHO å kome på offensiven.

– Kva ser du føre deg skjer framover?

– Eg trur ikkje streiken varar lenge. Ei til to veker, kanskje. Det kostar for både LO og NHO, og ein kjem jo fort til eit punkt der streiken kostar meir enn kva det vert forhandla om. Mange av bedriftene i NHO har òg rygg til å klare auka løner, så det er nok eit sterkt press internt i NHO for å kome til semje.

– Kvar trur du lista for LO ligg?

– LO er avhengig av å flytte ein god del frå det lokale til det sentrale tillegget. Nett kor mykje, veit eg ikkje, men det må i alle fall skje ei rørsle der, og ho må vere stor nok til at dei etterpå kan seie at det var verdt ein streik.

– Kan denne fyrste streiken i eit mellomoppgjer få følgjer for forhandlingssystemet?

– Eg trur den norske modellen og forhandlingssystemet vert styrkt av streiken. Systemet er avhengig av likeverdige maktforhold for å fungere, men makta i arbeidslivet er jo i stor grad hjå eigarar og leiarar. Eg trudde ikkje LO kom til å streike. NHO trudde nok ikkje det, og neppe Riksmeklaren eller politikarane heller. No har dei synt at streikeviljen er reell. Det kan styrkje balansen i forhandlingane og gje betre oppgjer framover.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram er på turné for å fortelje om langtidsmeldinga for Forsvaret. Her besøkjer han ubåten «KMN Utvær» i Bergen 10. april.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB

ForsvarSamfunn

Vil ruste opp ei lekk skute

Regjeringa lovar eit historisk forsvarsløft. I dag slit Forsvaret med å halde på mannskapet som alt er der.

Per Anders Todal

Tore Pryser har skrive boka "Samarbeid, tilpasning og motstand. Mer svik og gråsoner". Delar av innhaldet vekkjer debatt.

Foto via Wikimedia Commons

Ordskifte
Bjørn Skåret

Tore Pryser og Reidar Hedemann

Tore Pryser gjev nytt liv til ei «ikkje-sak» i boka Samarbeid, tilpasning og motstand.

Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Erlend Skjetne er frå Melhus og arbeider med norskopplæring for innvandrarar, i tillegg tl å vere forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Foto: Leikny Havik Skjærseth

BokMeldingar
Kjetil Berthelsen

Med lånt lyre

Erlend Skjetne går i nærsynt dialog med Olav Nygard i Liv, eg har drukke.

Etter ein betre middag blei det jam i gardsrommet. Frå venstre Zala Zulu og Deko Ébongué.

ReportasjeFeature

Om å snuble inn i ein framand kultur

Vi hadde høyrt Manu Dibango spele under Mela-festivalen på Rådhusplassen i Oslo. Det var freistande å følgje sporet hans attende til Kamerun.

Øyvind Pharo

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis