JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

– I strid med eiden å gripe inn

Leiaren for delstatsforsamlinga i Arizona, Russell «Rusty» Bowers, nekta å gi etter då president Trump prøvde å presse han til å endre valresultatet i delstaten.
Dag og Tid trykkjer her eit utdrag frå vitnemålet til Bowers frå kongress­høyringa denne veka.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Russell Bowers (i midten med briller) i den fjerde av åtte høyringar i kjølvatnet av kongresstorminga.

Foto: Doug Mills / Pool / Reuters / NTB

10824
20220624

Høyringane

6. januar i fjor vart kongressbygningen storma av Trump-tilhengjarar i eit forsøk på å stoppe godkjenninga av valresultatet.

Fem menneske døydde i etterkant av åtaket.

Etter elleve månader med etterforsking og meir enn 1000 vitnefråsegner er dei offentlege høyringane no sette i gang.

Russell «Rusty» Bowers er leiar for delstatsforsamlinga i Arizona. Han motsette seg Trumps gjentekne forsøk på å gjere presidentvalet ugyldig. Likevel har han sagt at han ville ha røysta på Trump igjen.

Natt til tysdag heldt han sitt vitneprov i kongresshøyringa.

Kjelder: NPR, Washington Post

Du kallar deg sjølv konservativ republikanar. Er det rimeleg å seie at du ønskte at Trump skulle få ein andre periode som president?

– Ja.

– Forstår du det slik at president Biden vann valet i Arizona i 2020?

– Ja.

– Før vi byrjar med spørsmåla, vil eg gjerne spørje deg om ei fråsegn frå den tidlegare presidenten Donald Trump som eg fekk nett før høyringane. Har du fått sjå denne fråsegna?

– Rådgjevaren min ringde frå Arizona og las ho for meg.

– I den fråsegna byrjar Trump med å kalle deg ein rino, berre ein påstått republikanar. Så viser han til ein samtale i november 2020 der han hevdar at du sa til han at røystinga var forfalska, og at han hadde vunne Arizona. Eg siterer: «I samtalen sa han til meg at valresultatet var forfalska, og at eg hadde vunne Arizona.» Hadde du ein slik samtale med presidenten?

– Eg hadde ein samtale med presidenten, og det er delar av han som er sanne, men det er òg delar som ikkje er sanne.

– Og det eg las til deg, er det sant?

– Same kven som seier kva, når og kvar som helst: At eg har sagt at presidenten vann, det er ikkje sant.

– Og når den tidlegare presidenten hevdar at du fortalde han at han hadde vunne Arizona, er det òg usant?

– Det er òg usant.

Telefonsamtalen

– Bowers, eg forstår det slik at etter valet fekk du ein telefon frå president Trump og Giuliani der dei tok opp resultatet av presidentvalet i Arizona. Vil du vere så snill å fortelje oss om den samtalen, og om den tidlegare presidenten og Giuliani la fram påstandar om valfusk?

– Kona mi og eg hadde nett kome heim etter eit møte i kyrkja. Det var ein søndag og vi stod i oppkøyrsla. Eg fekk telefon frå ein kollega som sa at Det kvite huset prøvde å få kontakt med oss. Kona mi sa at om dei ringde meg, skulle vi prøve å ta samtalen saman. Like etterpå fekk eg ei oppringing. Det som må ha vore ein operatør på sentralbordet i Det kvite huset, spurde om eg ville ta imot ein samtale frå presidenten, og eg takka ja. Først kom Giuliani med nokre høflegfrasar, så kom president Trump til, og vi byrja samtalen.

– Under den samtalen, spurde du Giuliani om prov på påstandane om valfusk?

– Ja, mange gonger.

– Da du spurde han om prov, kva sa han?

– Han sa at dei hadde prov. Eg spurde om han hadde namn? «Vi har til dømes over 200.000 illegale immigrantar, i alle fall mange, fem eller seks tusen døde menneske og så vidare.» Og så spurde eg om dei hadde namna på dei? «Ja.» Kan du gje meg dei? «Ja.» Så avbraut presidenten og sa: «Gje mannen det han treng, Rudi. Det skal eg», sa han. Dette hende ved minst to høve, dette skiftet i samtalen.

– Giuliani sa i samtalen at det var hundretusenvis av udokumenterte personar og tusenvis av døde personar som skulle ha teke del i valet, og du bad om prov på det?

– Det gjorde eg.

Og fekk du nokon gong prov, anten under samtalen, etter samtalen eller nokon gong seinare til denne dag?

– Aldri.

– Kva spurde han om i denne samtalen? Han kom med desse skuldingane om juks, men var ute etter noko du kunne gjere for dei?

– Det eg hugsar, er at først ville dei at eg skulle halde attende. At eg skulle tillate ein offisiell komité som kunne høyre desse prova, slik at vi kunne gjere tiltak etterpå. Eg avslo. Eg sa at inntil da hadde sirkuset, eg kalla det eit sirkus, fått koke og byggje seg opp til demonstrasjonar både ved vallokalet, ved Capitol Hill og andre stader. Eg ville ikkje ha dette i delstatsforsamlinga. Eg hadde inga kjensle av at prova var slik at dei fortente ei høyring, og eg ville ikkje verte nytta som ei brikke i spelet deira. Om dei hadde behov for andre ting, ville komitéhøyringane sentralt gje dei det. Så det var det første ønsket, at vi skulle halde ei komitéhøyring i Arizona.

Eiden

– Og kva var det andre han bad om?

– Eg sa: «Kva føremål skal høyringa ha?» Han sa: «Eg har høyrt av ein høgtståande republikanar, ein folkevald, at det er ein juridisk teori eller ein lovleg heimel i Arizona til at du kan fjerne valmennene som valde president Biden, og erstatte dei. Og vi vil gjerne ha denne moglegheita for at komiteen kan kome til det resultatet at dei må fjernast.» Eg sa at det er fullstendig nytt for meg, eg har aldri høyrt om noko slikt. Han pressa på, og eg svara: «Du ber meg om å gjere noko som er i strid med den eiden eg svor om å forsvare USAs grunnlov og grunnlova og lovverket i staten Arizona.» Eg sa at dette er heilt framandt for meg både som tanke og som teori, og eg ville aldri gjere noko med slike graverende følgjer utan å samrå meg med dei kvalifiserte advokatane mine. Eg sa: «Eg kan gje dykk namna på desse advokatane. Men de ber meg gjere noko som er mot eiden min, og den vil eg ikkje bryte.» Og det var det, så langt.

– Under samtalen som vi høyrde utdrag frå, der Giuliani sa han snakka med andre republikanske delstatsrepresentantar. Sa han noko tilsvarande til deg, eller snakka han om at du er med i det same partiet?

– Han tok opp dette meir enn éin gong, anten det var i den samtalen eller i eit seinare møte.

– Korleis tok han det opp?

– Han sa: «Er vi ikkje alle republikanarar her? Eg trudde vi ville takast betre imot, at du ville lytte meir ope til mine framlegg, vi er alle republikanarar.»

Og desse prova du bad han om, som skulle rettferdiggjere desse uvanlege tiltaka, og som eg synest du sa dei aldri kom med. Kvifor følte du at det dei bad deg om, anten i fravær av prov eller med prov, var å bryte eiden din til grunnlova?

– For det første: Da folket, og i Arizona trur eg det var minst førti år tidlegare, hadde etablert valsystemet med valmenn til presidentvalet, da vart dette ein grunnleggjande rett for folket. Så for min del, når nokon ber meg om noko i mangel av prov... Det fanst ingen prov av nokon som helst styrke. Prov kan vere noko ein har høyrt, men det er likevel berre noko ein har høyrt. Men sterke prov med rettslege kvalitetar, kva som helst som kunne seie til meg at det var tvil... Men bryte eiden min, det vil eg ikkje gjere. Og dette vart teke opp meir enn ein gong under alt dette. At grunnlova er guddomleg inspirert, er noko av det mest grunnleggjande i trua mi. Så å gjere noko slikt berre fordi nokon har bede meg om det, det er heilt framandt for heile mitt vesen. Eg ville ikkje gjere det.

– Under den samtalen, sa du til han at det han bad om, aldri har vore gjort før?

– Det gjorde eg.

– Og kva sa han?

– Han sa: «Eg kjenner ikkje lovene i Arizona eller andre lover så godt. Men eg trur ikkje det.» Og dette vart teke opp i seinare samtalar, med han, John Eastman og andre.

«Høyringa»

– Eg forstår at Giuliani saman med andre i krinsen rundt Trump ei veke etterpå ville forkaste valresultatet på grunnlag av ei høyring i eit hotell i Phoenix. Var dette ei offisiell høyring?

– Nei, det var ikkje det.

– Og kvifor var det ikkje ei offisiell høyring i delstatsforsamlinga?

– Ei lovgivande delstatsforsamling kan halde eit gruppemøte. Du kan kalle det ei høyring. Men når dei bad meg om å ha ei offisiell høyring, så følgjer vi protokollen og kunngjer ho for ålmenta. I dette tilfellet vart eg spurd ved fleire høve om å tillate ei slik høyring. Eg nekta. Men eg sa til den personen som spurde: Det står deg fritt å halde kva møte du vil. Noko han til slutt gjorde.

– Dette møtet var same dag som guvernøren i Arizona, Doug Ducey, godkjende Biden som vinnaren av presidentvalet i Arizona. Møtte du Giuliani eller medarbeidarane hans medan dei var i Phoenix i tida etter den såkalla lovhøyringa på hotellet?

– Ja, det gjorde eg.

– Under dette møtet framførte Giuliani skuldingane om valfusk på nytt?

– Hans første utsegn var, igjen, ei oppramsing av grupper. Av illegale innvandrarar og avlidne personar og så vidare. Eg var ikkje åleine på det møtet. Det var andre der. Det var andre medlemer av Senatet som var hissige i utspørjinga av han. Eg heldt fram med å spørje han ut om provet han skulle ta med til meg. Men han tok opp desse skuldingane, ja.

– Desse andre senatsmedlemene, dei var også republikanarar?

– Ja.

– Sette dei han òg under press for å prove desse skuldingane?

– Dei sette han under hardt press. Spesielt to av dei.

– Og på eit tidspunkt bad Giuliani ein av advokatane sine om å hjelpe han med provet?

– Det gjorde han. Han spurde Jenna Ellis til høgre for han. Han spurde ho om dei hadde provet. Og ho sa ja. Eg sa eg ville ha namna. Har du dei? Ja, svara ho. Vi har all informasjonen. Så sa eg: Kan du gi meg denne informasjonen? Har du teke han med deg? Ho sa nei. Både Giuliani og eg spurte ho om dei hadde teke det med. Ho svara nei, eg har det ikkje med meg, men eg kan få tak i det. Eg sa: Så du tok ikkje med prova til meg? Det heile gjentok seg med ulike formuleringar over ei viss tid.

Berre teoriar

– Var det nokon som på eit tidspunkt sa at dei «ikkje hadde prov, men mange teoriar»?

– Det var Giuliani.

– Og nøyaktig kva sa han, og korleis kom det opp?

– Etter det eg hugsar, sa han: «Vi har mange teoriar. Vi har berre ikkje provet.» Eg veit ikkje om han forsnakka seg, eller om han berre ikkje tenkte riktig gjennom det han sa. Men både eg og dei andre i gruppa mi hugsar det nøyaktig slik i etterkant. Vi berre lo av det den gongen.

– Eg forstår det slik at å ta dei modige stega du har teke til forsvar for lova og for veljarane i Arizona, har ført til vonde opplevingar og trugsmål mot deg og familien din. Kan du fortelje oss noko meir om kva verknad dette har hatt for deg og familien din?

– Sekretærane mine kan opplyse at det har kome over 20.000 e-postmeldingar, titusenvis av talemeldingar og SMS-ar som belasta kontoret vårt og gjorde det vanskeleg å få gjort arbeidet. Men heime, inntil no nyleg, er eit nytt innslag i livsmønsteret vårt kva som vil skje på laurdag, for ulike grupper kjem forbi, og dei har hatt lastebilar med videoskjermar som viser meg som pedofil, pervers og korrupt politikar, og høgtalarar i nabolaget og pamflettar på eigedomen min som trugar meg og naboar.

Omsett av Jesper Hommefoss Johnsen og Lasse Takle.

Redaksjonen har korta litt ned og redigert vitneprovet for å gjere det lettare å lese.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Å seie opp EØS-avtala ville vere ei stor ulukke for norske verksemder, skriv Jan Erik Grindheim, professor og statsvitar i tankesmia Civita.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Ordskifte

Bør nasjonalegoisme styre vårt forhold til EU?

Å seie opp EØS-avtala er ikkje nokon veg å gå for å styrke det norske folkestyret, slik leiar i Nei til EU Einar Frogner seier.

Jan Erik Grindheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis