– Hadde neppe gjeve ut boka i dag
Bernhard L. Mohr.
Foto: Åsmund Holien Mo
jesper@dagogtid.no
Cappelen Damm har stått for omsetjinga og utgjevinga av den russiske forfattaren Zakhar Prilepin i Noreg. Seinast i 2018, då romanen Klosteret kom ut. Då Mikhail Sjisjkin prata med Dag og Tid, var han opprørt over at forlaget ikkje nemner Prilepins støtte til Putin-regimet på nettsida si. No, etter Dag og Tids intervju med Sjisjkin, er omtalen endra.
Bernhard L. Mohr er forlagsredaktør for russisk litteratur i Cappelen Damm.
– Har de endra forfattaromtalen på heimesida i løpet av dei siste dagane?
– Vi har faktisk endra forfattaromtalen med den nyaste informasjonen på oppfordring frå Sjisjkin. No står det mellom anna at Prilepin er sett på EUs sanksjonsliste, seier Mohr.
Cappelen Damm omsette boka på grunnlag av dei litterære kvalitetane, understrekar han.
– Vi er det forlaget som omset mest russisk litteratur i Noreg, og Klosteret vart gitt ut lenge før dagens krig. Då boka kom ut, fekk ho unison hylling i både russiske og norske medium.
I bokmelding i Aftenposten frå 2018 skriv forfattar Erika Fatland at romanen er «750 sider med skitt, brutalitet og lopper – og pur litterær nytelse».
– Boka speler på 1920-talet. Det er stor avstand mellom handlinga i boka og ytringane til politikaren Prilepin. Etter at Klosteret kom ut, har han skrive mykje politisk essayistikk, seier Mohr og legg til at det ikkje hadde kome på tale å gje ut noko av dette.
– Men hadde de gjeve ut romanen i dag?
– Vi hadde nok ikkje gjeve han ut i dag. Det hadde vore umusikalsk.
– Kva ansvar har forleggjarar for å informere lesarar om den politiske identiteten til forfattarar?
– Det er naturleg å presentere forfattarbiografien. Vi har på ingen måte underslått kritikken av Prilepin, verken på nettstaden vår eller i bokomslaget.
– Kven er Zakhar Prilepin?
– Prilepin er ein av dei viktigaste russiske litterære røystene i generasjonen sin. Han har bakgrunn som soldat, mellom anna frå krigen i Tsjetsjenia. Lenge var han ein del av den kritiske opposisjonen og ei stund sjefredaktør for Nizjnij Novgorod-utgåva av Novaja Gazeta. Etter anneksjonen av Krim i 2014 har han derimot endra syn på den politiske leiinga i Russland. Sidan den gongen har han støtta regimet og russisk aggresjon mot Ukraina.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Vi har på ingen måte underslått kritikken av Prilepin.
Fleire artiklar
Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.
Foto: Lina Hindrum
Fadesar og fasadar
Roboten blir til mens vi ror.
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).
Foto: Ole Martin Wold / NTB
I rykk og napp
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.
Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.
Foto: Wildside
Roma – ein lukka by
Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.
Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Ja til skule, nei til studentfabrikk
Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.
Ragnar Bjerkreim har teke utgangspunkt i Josef-forteljinga i 1. Mosebok. Prosjektet tek for seg flukt, emigrasjon og folkevandring til ulike tider og på ulike kontinent.
Foto: Gry Monica Hellevik
Gjennom byar, under bru
Ragnar Bjerkreims Stjernesti famnar breitt, med mange røyster og opne landskap.