JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

– Godkjenning er ingen garanti

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Eva Vangsnes Bergli er ytingsdirektør i Nav.

Foto: Nav

3362
20231013
3362
20231013

Nav har fått lagt fram ei oppsummering av historia til kvinna vi skriv om på desse sidene, men etaten har teieplikt og kan såleis ikkje uttale seg om saka hennar. Eve Vangsnes Bergli, som er ytingsdirektør i Nav, svarar i staden generelt på tre spørsmål Dag og Tid har stilt med utgangspunkt i opplysningane som kjem fram i saka. Svara er trykte i heilskap.

– Personen vi har intervjua reiste utanlands med godkjenning frå Nav, men opplevde at arbeidsavklaringspengane i 2011 vart stoppa midt inne i den godkjende perioden. Kva kan forklare at Nav går tilbake på ei godkjenning om opphald utanlands, og i kva grad er og var det vanleg å gjere det?

– Nav stoppa feilaktig ytingar til ei rekkje brukarar som har opphalde seg innanfor EU/EØS-området på grunn av feil praktisering av EØS-regelverket. Sidan Nav ikkje er friteken frå teieplikta, kan vi ikkje uttale oss om den konkrete saka. Nav har korrigert praksisen og stiller i dag ikkje krav om godkjenning av opphald innanfor EØS. Ved opphald utanfor EØS vert det framleis stilt krav om godkjenning. Generelt er det likevel ikkje slik at ei godkjenning av eit utanlandsopphald er ein garanti for å få behalde arbeidsavklaringspengar i heile perioden. I tillegg til inngangsvilkår har ytinga ei rekkje løpande vilkår, som til kvar tid må vere oppfylte for å halde på retten til ytinga. Dette gjeld uavhengig av kvar ein oppheld seg. Dette gjeld til dømes krav til nedsett arbeidsevne, krav til aktiv medverknad i saka og krav til å levere meldekort. Dersom dei løpande vilkåra for ytinga ikkje er oppfylte, vil ytinga kunne verte stoppa, sjølv om utanlandsopphaldet opphavleg er godkjent.

– Ho fortel også at ho frå 2012 fekk stadig nye saksbehandlarar i Nav, at ingen sette seg skikkeleg inn i saka hennar, og at ho også kom til møte der saksbehandlaren ikkje eingong hadde sett på saka hennar. Er dette vanleg saksbehandling, eller har det skjedd feil her?

– Rettleiarar som har eit planlagt og avtalt møte med ein brukar, vil setje seg inn i saka så godt han eller ho kan. Vi er opptekne av at brukaren skal verte møtt med respekt og forståing og at oppfølginga vert tilpassa situasjonen til den enkelte. Det kan nokre gonger skje at ein brukar får ny rettleiar undervegs i oppfølginga, og det kan det vere mange grunnar til. Nokre rettleiarar får andre oppgåver ved kontoret eller andre stader i Nav, nokre går ut i foreldrepermisjon, medan andre av ulike grunnar sluttar i Nav. Vi har forståing for at det kan opplevast vanskeleg å måtte byte eller forhalde seg til fleire rettleiarar når ein får oppfølging frå Nav. Ringjer du Nav, kjem du til Nav kontaktsenter. Rettleiarane som svarar på telefon, kan gå inn i saker og gje informasjon og rettleiing, men dei behandlar dei ikkje. Av omsyn til arbeidsmengd, kompleksiteten i sakene og saksbehandlingstider vil det ikkje vere føremålstenleg at éin saksbehandlar følgjer ein brukar heile vegen i Nav.

– Ho har òg døme på at vurderinga gjord frå rådgjevande legar i Nav går imot vurderingane frå fleire andre legar – som har møtt henne. Kor vanleg er dette?

– Rådgjevande overlege gjer ei trygdemedisinsk vurdering. Dette er ei vurdering der ein ser medisinske opplysningar opp mot regelverket i folketrygdlova. Rådgjevande lege skal ikkje gjere medisinsk undersøking, utgreiing og behandling. Dette skjer i helsetenesta.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis