– Er bestefar din chippa?Sjølv om GPS-sporing av eldre vart lovleg i 2013, forsvinn dei framleis frå sjukeheimar kvar veke.
Sjølv om GPS-sporing av eldre vart lovleg i 2013, forsvinn dei framleis frå sjukeheimar kvar veke.
Alle eldre som forsvinn frå sjukeheimen, har truleg ikkje like god helse som Allan Karlsson.
Foto: Skjermdump / Hundraåringen som klev ut genom fönstret och försvann
– Allan? Allan! Å, herregud, vart har han tagit vägen, hyler sjukepleiaren på skjermen.
Det er søndag, og eg er godt parkert i sofaen etter ei fuktig natt. På skjermen leitar sjukepleiaren under senger og bord og inne i skap. Bak henne står ein skokk menneske, ein bråte ballongar og ei bursdagskake på ei tralle, i stor smeltefare under hundre kakelys. Hundreåringen Allan er skriven inn på sjukeheim etter å ha sprengt i filler reven som tok livet av katten hans. No har han fått nok av sjukeheimen og har hoppa ut vindauget. I sofaen ler eg i takt med min eiga dunkande hovudpine, men inst inne er eg glad for at eg ikkje har besteforeldre på sjukeheim. Eg kjem til å tenkje på veslebror min då han var liten. Han stakk fleire gonger av frå barnehagen – sprang ut porten og forsvann. Seinare kunne ein finne han att, anten hos farmor eller i det einaste busskuret som fanst i bygda, med flagrande krøllar og utan sko.
– Han stakk av no igjen, fortalde mor mi, på veg inn døra.
Og bak mamma, med handa i hennar, våte lestar og glis frå øyre til øyre, kom veslebror.
Fullt så festleg er det ikkje når det i 2018 støtt forsvinn eldre frå norske sjukeheimar. Alt i 2012 melde Fedrelandsvennen om nett det same. Sjukeheimane dei skreiv om, hadde forsvunne pasientar kvar veke, og året etter vart det lovleg å nytte GPS-sporing. Men i fjor melde statskanalen at berre 20–30 kommunar hadde teke teknologien i bruk. Og denne veka melde NRK om at Oslo-politiet òg får meldingar om forsvunne eldre kvar veke. No ønskjer dei betre GPS-sporing. Teknologien er altså tilgjengeleg, han er berre ikkje sett ordentleg i system. Attåt dette stadfester generalsekretær Lisbet Rugtvedt i Nasjonalforeningen for folkehelsen at GPS-sporing vert altfor lite brukt. Det krev store politiressursar å leite opp eldre. Så kva er det som tek sånn tid?
I 2014 ville fleirtalet over 50 år ha GPS-sporing av eldre. Då var utfordringa balansen mellom personvern og sikring. For er det etisk forsvarleg å chippe bestefar? I tillegg melde lokalavisa i Oppdal i 2016 at kommunen ikkje hadde pengar til å halde fram med GPS-sporing, sjølv om dei hadde delteke i eit kommunalt forsøksprosjekt. Men seinast tysdag denne veka stadfesta seniorrådgjevar Erlend Aarsæther i Norsk Folkehjelp at han ikkje kunne sjå nokon reelle argument mot å nytte slik sporing.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.