– Er avhengige av store kutt
Høgskulelektor Thomas Cottis meiner ein overgang frå raudt kjøt til meir plantekost og fisk er bra også for jordbruket.
Ifølgje Klimakur 2030 kan vi kutte 2,9 millionar tonn CO2-ekvivalentar fram til 2030 ved å redusere kjøtforbruket til fordel for plantebasert kost eller fisk.
Foto: Frank May / NTB scanpix
Rapporten Klimakur 2030, som vart lagd fram førre veke, legg til grunn at det kan kuttast 5,1 tonn CO2-ekvivalentar i landbruket fram mot 2030, i hovudsak gjennom å redusere kjøtforbruket til fordel for plantebasert kost eller fisk. Dette vil innebere omfattande endringar av norsk landbruk. Landbruksdirektoratet reknar med at 1 million dekar jordbruksareal går ut av drift.
Høgskulelektor i landbruk og klimakunnskap ved Høgskolen i Innlandet Thomas Cottis meiner likevel klimakuren er bra for jordbruket.
– Ei global oppvarming på over 1,5 grad utgjer ein stor risiko for matproduksjonen i verda. Difor er vi avhengige av at alle næringar gjer store kutt, og då må jordbruket sjølv ta sin del.
– Burde det ikkje vere skilnad på å kutte i jordbruket, som produserer mat, og i andre sektorar, som transport?
– Jordbruket har signert ein intensjonsavtale med staten om å kutte 5 millionar tonn CO2-ekvivalentar frå 2021 til 2030. Det tilseier rundt 7 prosent kutt i løpet av ein tiårsperiode, og det er lite jamført med andre næringar, som må vente kutt på 7 prosent kvart einaste år.
– Éin million dekar jordbruksjord ut av drift inneber mindre produksjon. Vil ikkje det berre gje meir import?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.