– EØS-sporet er meir truleg
Det er framleis lite truleg at Theresa May får skilsmisseavtalen med EU gjennom parlamentet, seier Storbritannia-kjennar Øivind Bratberg.
– Skilsmisseavtalen til May er fæl for alle som trur på sjølvstyre, både for dei som vil ut, og for dei som vil verte verande i EU, seier Øivind Bratberg.
Foto: Peter Nicholls / Reuters
Samtalen
Øivind Bratberg
Fyrstelektor ved Universitetet i Oslo
Aktuell
Theresa May har utsett avrøystinga om skilsmisseavtalen med EU

Brexit
eva@dagogtid.no
Statsministeren i Storbritannia, Theresa May, overlevde mistillitsforslaget og reiste i går til Brussel for å prøve å redde skilsmisseavtalen med EU. Øivind Bratberg, fyrstelektor ved Institutt for statsvitskap ved Universitetet i Oslo, trur ikkje ho er noko nærare å få avtalen gjennom eige parlament.
– Avtalen er fæl for alle som trur på sjølvstyre, både for dei som vil ut, og for dei som vil verte verande i EU, seier han.
– Kva kan May då få utav dei nye rundane?
– Ho såg nok føre seg å få politiske støtteerklæringar og forsikringar frå EU om at innhaldet i avtalen berre skal vere mellombels. Samstundes ville ho gje parlamentet ein tenkjepause, eller høve til å roe seg, slik at dei skulle skjøne at avtalen ho har fått til, er det beste dei kan oppnå. Begge delar har lite føre seg. Eg trur det ho kan få ut av brusselbesøket, avgrensar seg til sympatierklæringar, utan nokon juridiske bindingar. Etter mistillitsvoteringa får ho meir arbeidsro internt i eige parti, men det er framleis lite truleg at ho får støtte til avtalen. Uavhengig av hennar leiarskap kjem gjengen som er for hard brexit, til å stå på sitt.
– Og dersom det skulle kome ei betre løysing på den såkalla backstop solution, som gjev EU makt til å halde britane i tollunionen om dei ikkje vert samde om ein avtale for ei saumlaus grense mellom Irland og Nord-Irland i løpet av overgangsperioden?
– Skulle dei uventa finne ei løysing her, er det sjølvsagt mogleg at mange nok kan snu og gå inn for avtalen. Samstundes er backstop-delen berre det fremste dømet på at Storbritannia går inn i ein slags vasallstatrelasjon og i stor grad må rette seg etter EU. Mange meiner det tidlegare burde vorte forhandla om fullverdig separasjon, i staden for den uklare halvvegsmodellen May har halde seg til.
– Kva kan dei som ønskjer å verte verande i EU, vinne på det som har skjedd denne veka?
– Fordelen for dei er at det no vert openlyst at parlamentet ikkje har noka løysing, og at ei folkerøysting dermed kan vere einaste moglege måte å løyse opp knuten på. Men dei kjem ikkje vidare før parlamentet har halde avrøystinga.
– Kva trur du skjer?
– No har May vorte utfordra internt. Sjølv om det hadde lukkast, er det tvilsamt om det ville løyst noko som helst. Det er for seint å endre avtalen og forhandlingsresultatet med EU. Det finst to moglege berekraftige løysingar i tillegg til ein hard brexit. Det eine er eit tverrpolitisk kompromiss om å gå inn i EFTA og verte verande i EØS-avtalen, som ei mellomløysing. Det andre er å halde ny folkerøysting i løpet av våren, med remain, altså å verte verande i EU, som eit alternativ.
– Analysar av målingar tyder på at 52 prosent av britane ønskjer å verte verande i EU. Er tendensen overtydande?
– Det har vore ei medvitsgjering, særleg blant yngre, om naudsynet av å vere del av EU. Så den sida har nok styrkt seg. På den andre sida finst det dei som har gått i vranglås på grunn av EUs manglande kompromissvilje, så det er uoversiktleg kva som ville vorte resultatet. Kjenslene er meir polariserte. Vert det ein ny valkamp om brexit, kjem det nok til å verte ganske utriveleg og stygt. Og det er fullt mogleg det kan gje nytt fleirtal for brexit. Det er feil å tru at ei ny folkerøysting nødvendigvis gjev fleirtal for remain.
– Så spørsmålet er framleis kor hardt brotet med EU vert?
– Det er eit ganske stort press for å stogge ein hard brexit. Difor trur eg EØS-sporet og ei ny folkerøysting vert løfta fram med større kraft så snart parlamentet har votert over avtalen til May. Ikkje minst av Labour.
– Skal det ikkje litt til før det konservative partiet går med på det?
– Jau, men det er ei næringslivsfløy i det konservative partiet som er oppteken av å avverje økonomisk nedsmelting, og som ser det som viktigare enn alt anna. For dei er EØS ikkje ein endestasjon, men ein mellomstasjon og ei redning – ein stad dei kan forhandle om ein framtidig fornuftig innretta frihandelsavtale.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Vert det ein ny valkamp om
brexit, kjem det nok til å verte
ganske utriveleg og stygt.
Fleire artiklar
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Foto: Universitetet i Bergen
Nord-Noreg ord for ord
Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.
Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.
Foto: Anja Bakken
Tru og tvil
Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?