JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

– Endrar ikkje norsk politikk

Religionshistorikar Torkel Brekke trur ikkje KrF kjem til å dra norsk politikk i meir konservativ retning.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
– Norsk politikk er svært liberal. Eg kan ikkje sjå at det skulle endre seg ved at vi får nokre statsrådar frå KrF, seier religionshistorikar Torkel Brekke om regjeringsutvidinga.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

4687
20190125

Samtalen

Torkel Brekke

Professor i religionshistorie

Aktuell

KrF går inn i regjeringa

4687
20190125

Samtalen

Torkel Brekke

Professor i religionshistorie

Aktuell

KrF går inn i regjeringa

eva@dagogtid.no

Firepartiregjeringa vart møtt av demonstrantar utkledde som kvinnene i den dystopiske HBO-serien The Handmaid’s Tale, basert på Margaret Atwood-romanen med same tittel, då dei kom ut på Slottsplassen. Det var ein demonstrasjon mot at KrF og Kjell Ingolf Ropstad, «som har såpass kristenkonservative holdninger», har fått ansvaret for barn og familiar, sa komikar og demonstrant Sigrid Bonde Tusvik til VGTV.

Torkel Brekke, som er professor i religionshistorie ved Universitetet i Oslo, trur ikkje KrF kjem til å dra norsk politikk i meir konservativ retning.

– Nei, eg trur politikken i substans kjem til å halde fram med å vere liberal. Det som vert spanande å sjå, er om vi no får ein symbolsk konkurranse om kristne veljarar mellom KrF og Frp. Frp har appellert til dei kristne veljarane i mange år, og no kan konkurransen flyttast inn i regjeringa. Men eg trur ikkje det flyttar politikken. Vi ser jo at KrF ikkje kom nokon veg med kravet om å endre paragraf 2c i abortloven. Likeins med Sylvi Listhaug som brukar store kors og eit kristennasjonalistisk språk, det betyr ikkje nødvendigvis noko for innhaldet i politikken.

– Men det gjer noko med retorikken.

– Ja, men det handlar nok meir om kva saker politikarane vel seg ut, og korleis dei vel å framstille seg sjølv. Det er etter kvart mange politikarar langs heile det politiske spekteret som appellerer til den kristne norske identiteten gjennom å fortelje kva dei trur på. Men det handlar ikkje om politikk. Det er skilnad på religion som tru og religion som tilhøyrsle, og dette handlar om tilhøyrsle. Vi må ikkje gløyme at Noreg er eit svært sekularisert land. At religiøse språk og symbol vert meir synlege i det offentlege rommet, endrar ikkje det faktumet.

– KrF har fått innskrenka dagens reglar for fosterreduksjon. Det er ikkje berre symbolpolitikk.

– Nei, men å gjere det til ei sak om kristenkonservative som står mot kvinnekamp og det sekulære, er å trekkje det for langt. Det ser ut til å vere delte meiningar om vedtaket, både blant kristne og ikkje-kristne og blant dei med medisinsk kompetanse og andre. Det er òg snakk om ei lita sak og få tilfelle. At Ropstad ikkje vil gå i Pride-paraden, er heller ikkje noko som endrar norsk politikk. Det er sikkert mange som vert irriterte av dette, sjølvsagt, og det er lett å skjøne, men det har ikkje noko med dei store linene i politikken å gjere.

– Korleis kan du vere viss på at det ikkje vert substansielle endringar? Solberg opna trass alt for å forhandle om abortloven.

– Viss kan eg ikkje vere, men norsk politikk har sakte, men sikkert vorte stadig meir liberal. Jamfører ein med andre land, er norsk politikk svært liberal. Eg kan ikkje sjå at det skulle endre seg ved at vi får nokre statsrådar frå KrF. Sjølv om det var ein spesiell prosess før dei gjekk inn i regjeringa, vil det overraske meg stort om dei andre partia går med på viktige endringar. Det er meir truleg at dette øydelegg for KrF og kan gjere det endå meir uthola som eit kristent parti i auga til potensielle veljarar. Eg trur alt bråket og debattane rundt abortlova stadfestar at det er sterk støtte til liberal politikk og liberale lovar.

– Jeløya-erklæringa sa at staten verken skulle diskriminere eller favorisere livssyn, medan den nye regjeringserklæringa no understrekar at Den norske kyrkja har ei særstilling og ei særskild rolle i samfunnet. Kan kristendommen verte viktigare i politiske avgjerder framover?

– Vi har alltid favorisert kyrkja. Ikkje kristendommen nødvendigvis, men Den norske kyrkja. Eg trur ikkje kristendommen som tru og religion kjem til å verte viktigare, men eg trur han kjem til å verte stadig viktigare som symbolsk kraft og som identitetsmarkør i politikken. Fordi vi lever i ei tid med akselererande globale prosessar, der nasjonale identitetar vert sette under press, er det mange som meiner dei nasjonale identitetane må styrkjast gjennom symbolpolitikk. Det er ikkje spesielt for Noreg. Dei fleste samfunn i verda opplever liknande prosessar.

– Men er det mykje nok symbolpolitikk, kan det verte realpolitikk av det.

– Det er eg samd i. Du kan som politikar godt seie at du er oppteken av 17. mai, at du går i kyrkja, og at du bed så og så mykje. Men det går ei grense for kor langt du kan ta det før du skaper avstand til dei som ikkje tilhøyrer same religion, og støyter nokre grupper ut av fellesskapen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Eg trur ikkje kristendommen
som tru og religion kjem til å
verte viktigare.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis