JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

­– Eit godt norsk avløysarord

Mange nye ord har prega året, men det var KI-generert som fekk førsteplass i Språkrådets nyordliste.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Eitt av spørsmåla som har vore viktige i 2023, er kva KI gjer med språket vårt.

Foto: Michael Dwyer / AP / NTB

4157
20231222

Samtalen

Åse Wetås

direktør i Språkrådet

Aktuell

Årets nyord

4157
20231222

Samtalen

Åse Wetås

direktør i Språkrådet

Aktuell

Årets nyord

sofie@dagogtid.no

Det er krig, klimakrise og rentehevingar. Og passande nok hamna orda polykrise, grøn kolonialisme og dyrtid på topp ti-lista til Språkrådet. Her finn me også demenskor, sensitivitetslesar, ultraprosessert, planvask og nevromangfald. Likevel var det KI-generert som vart kåra til årets nyord.

– Er det ikkje eit kjedeleg ord?

– Det er på ingen måte kjedeleg! Årets ord viser at nye teknologiar og digitalisering for alvor blei løfta inn i det allmenne ordskiftet i 2023. I tillegg har ordet interessante språklege kvalitetar, sidan førsteleddet er ei forkorting av det norskspråklege «kunstig intelligens», til erstatning for det engelskspråklege «artificial intelligence» og forkortinga AI. Me synest det er gledeleg at KI byrjar kome meir i bruk, for forkortinga høyrer til eit godt norsk avløysarord som er enklare å forstå for brukarane enn det engelske.

– Då er det freistande å spørje om nyordlista i år vart KI-generert?

– Det vart ho ikkje. Orda er henta ut av store tekstdatabasar med tekst primært henta frå media og sakprosa i året som gjekk. Me samanliknar tekstproduksjonen i det gjeldande året med året før. Då får me rålister med ord som har vore lite synlege tidlegare, men som har dukka opp eller auka i bruk no i inneverande år. Det er denne lista me brukar som utgangspunkt for topp ti-lista vår. Etter å ha vaska ut støy som til dømes skrivefeil, sit me att med eit utval der me plukkar ut dei orda me meiner viser kva som har vore mest brukt i det offentlege ordskifte, og som har særleg interessante språklege kvalitetar. I år var det interessant at KI var meir brukt enn AI i vinnarordet.

– Me seier PC ikkje PD. Kva er det som gjer at nokre norske avløysarord overlever, mens andre ikkje gjer det?

– Det handlar om kva norske avløysarord språkbrukarane lagar og aksepterer som gode og dekkjande. Denne kåringa er ikkje eit resultat av at Språkrådet har bestemt kva ord som skal brukast i norsk, for det driv me ikkje med, men eit resultat av kva ord som faktisk er i bruk i samfunnet. Generelt ser me at dei norske avløysarorda som har god kvalitet og er enkle å forstå, vinn fram. Til dømes nettbrett. Brukarane ser ut til å synast det er betre og meir sjølvforklarande enn tablet.

– Kor godt reflekterer lista året 2023?

– Året har vore prega av krig, konflikt og økonomiske nedgangstider. Dette er område med mykje etablert ordforråd, men årets liste har likevel med nokre ord som peikar inn mot desse områda. Det gjeld ikkje minst samansettinga polykrise. Også milliardærflukt og det ny-gamle dyrtid viser at økonomi har hatt mykje merksemd i det offentlege ordskiftet i året som gjekk. Planvask og grøn kolonialisme spring begge ut av klima- og miljøordskiftet, medan sensitivitetslesar og nevromangfald viser til ordskifte om inkludering og støytande eller ekskluderande språkbruk.

– Kvifor nådde ikkje eitt av desse orda heilt opp?

­– Topp ti-lista vår er ei popularisering. Fleire av orda kunne teoretisk hamna på toppen. I fjor var det krympflasjon, då var økonomi den store snakkisen, før det sportsvasking og året før det igjen koronaen. I november 2022 kom ChatGPT og mange brukar etter kvart kunstig intelligens. Viktige ordskifte i år var kring bruken av KI. Korleis skal me handtere det i skulen og arbeidslivet? Skal me ha vår eigen KI som er trent på eit norskspråkleg materiale slik at det reflektere norske haldningar og verdiar? Og kva gjer KI med språket vårt? Det var mykje diskusjon om dette, og difor meiner me det var rett å sette nett dette ordet på topplista i år.

– Var det noko som overraska deg eller som du sakna i år?

– Det generelle inntrykket er at me ser færre nylagingar enn under pandemien. Då var det mykje som var nytt og annleis, og som me trong nye ord for å skildre. I dag kan me kanskje humre litt når me tenkjer tilbake på nyord som balkongklapping, dorullkrise og hytteforbod, men desse var altså alle aktuelle for språkbrukarsamfunnet vårt tidleg i pandemifasen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis