JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

– Ein stat utan grenser

– Regjeringar i demokratiske statar er under eit stort press når det gjeld å ha eit tydelegare språk for å få til ei fredeleg løysing mellom Israel og palestinarane, seier Hilde Henriksen Waage.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) kunngjer at regjeringa vil anerkjenne Palestina som sjølvstendig stat frå 28. mai.

Foto: Erik Flaaris Johansen / NTB

6788
20240524

Samtalen

Hilde Henriksen Waage

professor i historie ved Universitetet i Oslo og seniorforskar ved Prio

Aktuell: Noreg har anerkjent Palestina

sofie@dagogtid.no

Den israelske ambassadøren til Noreg, Avi Nir-Feldklein, kommenterte onsdag denne veka avgjersla til regjeringa om å anerkjenne Palestina som sjølvstendig stat: «I dag har forholdet mellom Norge og det israelske folk nådd et bunnivå», og «dette kommer ikke til å hjelpe palestinere, og det kommer ikke til å endre forholdene på bakken», sa han til NRK. Sylvi Listhaug, leiar i FrP, besøkte den israelske ambassaden tidlegare på dagen. Ho uttalte til VG at anerkjenninga, som ho ser på som ei symbolsk handling, har øydelagt Noregs rolle som mogleg fredsmeklar i konflikten mellom Israel og palestinarane. Også KrF og Høgre har uttalt at dei er usikre på om anerkjenninga no vil føre til at ein kjem nærare ei politisk løysing på konflikten.

SV, MDG og Raudt på den andre sida er nøgde med avgjersla.

Statsminister Jonas Gahr Støre var på pressekonferansen tydeleg på at heilt sidan Oslo-avtalen har strategien vore at anerkjenninga skulle kome etter ei fredsløysing. Men dette har ikkje fungert, og palestinarane kan ikkje lenger vente til etter ei fredsløysing, sa han. Støre la òg vekt på at ei anerkjenning kan styrkje dei moderate kreftene på palestinsk side.

Hilde Henriksen Waage er ikkje overraska over at regjeringa no har anerkjent Palestina som sjølvstendig stat.

– Kva synest du om avgjersla?

– Noreg anerkjenner no ein stat som ikkje finst. Det er for så vidt ikkje noko nytt, Noreg gjorde akkurat det same med staten Israel i 1949, utan å vite kva grenser staten hadde, og kva menneske som budde der, og utan å vite korleis dei skulle løyse eit enormt palestinsk flyktningproblem. Ved å anerkjenne Palestina sender ein eit sterkt politisk signal, slik ein også gjorde då ein anerkjente Israel.

– Var det rett å gjere dette no, meiner du?

– Eg meiner at Noreg med dette har forlate den politikken me har ført i 30 år. Noreg har vore aktive i ulike typar fredsmeklingsarbeid mellom Israel og palestinarane. Den norske rolla har gått ut på at Noreg ikkje har kunna tillate seg å kritisere den sterke parten, Israel. Noreg har i desse åra ført ein forsiktig, nesten unnfallande politikk for å halde seg på lag med Israel, den aktøren som må gi frå seg territorium. Noreg har no forlate dette standpunktet og denne politikken, fordi det i 30 år har vist seg å ikkje vere mogleg å få Israel til eit fredeleg forhandlingsbord for å forhandle om tostatsløysinga.

– Men kvifor skjer dette no?

– Grunnen til at Noreg har valt side i denne konflikten, er at Israels krigføring på Gazastripa og politikken til den israelske regjeringa har ført til at nordmenn aldri nokon gong har vore så kritiske til Israels politikk som no. Regjeringar i demokratiske statar er under stort press, og har vore det lenge, når det gjeld å ha eit tydelegare språk for å få til ei fredeleg løysing. Det er med på å forklare at den norske anerkjenninga kjem no. Presset har vore der lenge. Og Noreg må føre ein mykje tydelegare politikk overfor Israel.

– Noreg har jo i mange år bidrege til palestinsk statsbygging. Er ikkje då anerkjenninga ei formalisering av politikken?

– Nei, Noregs forsøk på å byggje ein palestinsk stat og å byggje betre relasjonar mellom Israel og palestinarane viste seg å vere mislukka 7. oktober. Difor har Noreg og regjeringa no sett at her har me ikkje lukkast, og me må då vende om og føre ein ny politikk. Israel har i fleire månader vore ekstremt kritisk til Noregs klare tale om våpenkvile og forhandlingar om fred.

Hilde Henriksen Waage.

Hilde Henriksen Waage.

Foto: Prio

– Israel kalla heim den israelske ambassadøren til Noreg. Kva konsekvensar får det?

– Ingen. Problemet me står overfor, er at Israel er i gang med å gjennomføre ein bakkeoperasjon i Rafah, dei har stansa naudhjelp, den amerikanske utstikkarbryggja der det skulle kome inn naudhjelp, fungerer sjølvsagt ikkje, sidan det ikkje er eit apparat på den andre sida til å ta imot hjelpa. Me har ei enorm krise på Gazastripa. Så at den israelske ambassadøren reiser heim ein tur, er vel det minste problemet me står overfor akkurat no.

– Har Noreg mista posisjonen som fredsforhandlar?

– I fredsforhandlingar forhandlar ein ikkje fred med englar, men med fiendar, og når ein forhandlar om fred, må ein også ha med seg den sterke parten. Det som står att som eit særs stort problem, er at Israel verken har tillit til Noreg eller ca. 150 andre statar i verda. Så Noreg kan ikkje lenger bruke sitt tradisjonelle gode forhold for å få til forhandlingar. Israel vil ikkje snakke med Noreg, den rolla er utspelt. Den rolla hadde nok Noreg mista uansett. Noreg har leia givarlandsgruppa for Palestina (AHLC), den einaste staden der Israel og palestinarane møttest ansikt til ansikt. Anerkjenninga denne veka har gjort det vanskelegare for Noreg å spele på lag med Israel.

– Kor langt unna ei fredsløysing er me mellom Israel og palestinarane?

– Langt unna. Israel har vist at dei er mot ei tostatsløysing og mot ei forhandla løysing. Dei har heller ikkje oppnådd nokon av krigsmåla sine. Det går nemleg ikkje an å utslette Hamas som rørsle. Men på den palestinske sida er det heller ikkje ein part å forhandle med. Hamas er sjølvsagt heilt ute av biletet etter det grufulle terroråtaket. Men dei palestinske sjølvstyresmaktene, som på ein måte er venen til det internasjonale samfunnet, har ekstremt lita oppslutning blant palestinarane. Det er også eit stort problem i dag når Noreg anerkjenner staten Palestina, som ikkje finst: Kva styresmakt det er der som har legitimitet til å forhandle med Israel og resten av det internasjonale samfunnet om ei internasjonal løysing?

– Kor samla står palestinarane på Vestbreidda og Gaza?

– Dei må minst ha ein eigen fredsprosess for å få dei palestinske grupperingane til å snakke med kvarandre. Det er eit djupt splitta folk der også hatet mellom Fatah og PLO på den eine sida og Hamas på den andre er stort. Det er eit problem at me ikkje har ein samlande figur. Me har ingen Yasir Arafat. Me har ingen palestinske leiarar med legitimitet. Dette er ei stor utfordring viss det blir forhandlingar. Kven skal Israel og eventuelt det internasjonale samfunnet forhandle med? Stoda er den same på den israelske sida, me har aldri hatt ei så ekstremt yttarleggåande regjering som me har i dag, og me har også eit djupt splitta israelsk folk. Så freden er langt unna. Denne anerkjenninga er eit val den norske regjeringa har teke for å prøve å bidra til eit internasjonalt press som kan gå i retning av forhandling og ikkje meir krig.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis