– Ein heilt annan situasjon enn i Sverige
Det er ingen fare for svenske tilstandar i Noreg, ifølgje politihøgskuleprofessor Paul Larsson.
Det er svært lite truleg at svenske nettverk kjem til å etablere seg i Noreg, meiner Paul Larsson.
Foto: Gustav Larsson
Paul Larsson er professor ved Politihøgskolen og har forska på organisert kriminalitet og politiets metodebruk på feltet. Han er samd i at det trengst meir ressursar til både etterforsking, etterretning, analysearbeid og operativ innsats i arbeidet mot kriminelle nettverk og organisert kriminalitet generelt. Samstundes åtvarar han mot å hausse opp situasjonen rundt dei kriminelle nettverka i Noreg i dag.
– Eg skjønar at folk er alarmerte som følgje av det som skjer i Sverige, men det er ikkje store endringar i dei kriminelle nettverka i Noreg. Dette med at personar frå svenske nettverk opererer i Noreg, er heller ikkje nytt. At norske kriminelle og svenske kriminelle har kontakt og gjer jobbar for kvarandre, har gått føre seg i tiår. Og det betyr heller ikkje at svenske nettverk no kjem til å etablere seg i Noreg. Det ser eg tvert om som lite truleg, seier han.
– Men det er snakk om grovare og meir valdeleg kriminalitet frå nettverka no enn før?
– Det kan det sjølvsagt vere, men eg har ikkje sett studiar som kan dokumentere det. Eg har også vore i denne businessen lenge, og stort sett har endringar gått svært treigt.
– Samstundes, dersom svenskane for ti år sidan hadde visst kva dei veit i dag, ville dei kanskje gjort meir den gongen?
– Eg jobba i Sverige for ti år sidan, og den organiserte kriminaliteten i Sverige i dag ikkje er ny. Mykje av han har røter tilbake til 1980-talet. Det har òg vore skytingar og eit generelt høgare valdsnivå i nokre miljø i Sverige i meir enn 15 år, seier han.
– Så du ser ingen risiko for at vi skal få ei liknande utvikling?
– Nei. Det er to grunnleggjande hovudskilnader mellom Noreg og Sverige. For det fyrste har Sverige det politiet definerer som utsette område, kjenneteikna av sosial og økonomisk utanforskap og arbeidsløyse, der det er anslått at så mykje som seks prosent av befolkninga i Sverige bur. Det er mykje, nær 600 000 menneske. Det er ei klassisk oppskrift på område som skapar problem. Det andre er at nokre av dei kriminelle miljøa i Sverige har røter tilbake til 1980-talet. Det betyr at dei er godt etablerte både i lokalmiljøa i organisasjonslivet og til og med i næringslivet på visse område. Den typen integrasjon, og det at kriminelle miljø er så sterkt etablerte i samfunnet, har vi heller ingen kjende døme på i Noreg. Så Noreg er i ein heilt annan situasjon enn Sverige. Heilt klart, seier Larsson.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?