– Eg ser det urimelege
Namsfogd Alexander Dey vil halde oppe moralen, men helst ikkje slavebinde folk for småting.
Noregs største mottakar av utleggsforretningar frå inkassobyråa er Alexander Dey, namsmann i Oslo, Asker og Bærum. I 2018 kritiserte han auken i talet på inkassosaker i eit intervju med Nettavisen og sa mellom anna: «Selv i den gamle romerretten krevde man ikke inn fillekrav (...). Vi gjør folk til økonomiske slaver for bagateller.»
– Eg vil ikkje utan vidare seie at det er for lett å sende krav til namsmannen. Men talet på saker har nok blitt drive opp av salæra til inkassobyråa, seier Dey til Dag og Tid.
– I tillegg har faktureringskostnadene gått ned mykje. Før var det ingen kreditor som forfølgde desse småsakene. No kan inkassoselskapa handsame dei billeg, og det kjem ein flaum av småkrav.
Dey peikar òg på andre mekanismar som driv opp talet på inkassosaker: Treningssenter som sender eit nytt krav for kvar ubetalte månad av bindingsavtalen. Bompengeselskap og parkeringsselskap som sender kvart vesle krav til inkasso. Firma som tilbyd kreditt og betalingsløysingar som nærast inviterer til misleghald.
– Desse småkrava har blitt big business, og eg kunne ønskt det var ei nedre grense på kva ein kunne sende til namsmannen. Men korleis kan ein samtidig halde oppe betalingsmoralen? Eg har ikkje noko svar. Men kreditorar og inkassoselskap bør ikkje ha drivarar for få flest mogleg av desse sakene. Som representant for namsmannen ser eg det urimelege i at gebyra i småsaker kan bli så høge.
– Når bankane veit at namsmannen kan stå for innkrevjinga, er det vel eit insentiv til å vere slepphendt med forbrukslåna?
– Eg vil ikkje spekulere i det. Men eit effektivt inndrivingsapparat held misleghaldet og dermed lånekostnadene nede, så det blir billegare for alle å bruke kreditt.
– Er all denne kreditten bra for oss, da?
– Kreditt er jo den store samfunnsmotoren. Men når det gjeld forbrukslån, har bankane kanskje vore noko slepphendte. Det har nok vore gjeve lån som ikkje burde vore gjevne, seier Alexander Dey.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Fargerikt om tolsemd
Me får garantert høyra meir til komponisten Eilertsen.
Birger Emanuelsen har skrive både romanar, essay og sakprosa etter debuten i 2012.
Foto: Christopher Helberg
Endringar til godt og vondt
Birger Emanuelsen skriv om folk slik at ein trur på det.
Me drog til månen av di det var teknologisk mogleg. Eit strålande døme på det teknologiske imperativet. Her vandrar astronaut Buzz Aldrin frå Apollo 11 rundt og les sjekklista si på venstre arm på ekte ingeniørvis.
Kjelde: Nasa
Teknologisk imperativ!
«Birkebeinerne på ski over fjellet med kongsbarnet».
Foto: Morten Henden Aamot
Eit ikonisk stykke kunst er kome heim
Medan gode krefter arbeider for å etablere eit museum for kunstnarbrørne Bergslien på Voss, har den lokale sparebanken sikra seg ein originalversjon av eit hovudverk av målaren Knud Bergslien.
Frå rettsoppgjeret i Trondheim etter krigen. Henry Rinnan på veg inn i tinghuset i Trondheim 30. april 1946.
Foto: NTB
Rett i fella
Nikolaj Frobenius tar seg altfor godt til rette i kjeldematerialet. Rinnan-romanen hans er både problematisk og uinteressant.