JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

– Eg lovar

Psykiatrane greier ikkje å verte samde om korleis dei skal hjelpe pasientar som skader seg sjølv.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Belteseng, som denne, kan verte teken i bruk dersom pasienten er valdeleg, slår eller driv med omfattande sjølvskading.

Foto: Håkon Mosvold / NTB scanpix

3247
20181214
3247
20181214

Eg sit i fadderveka i 2014 og ventar på nytt hòl i øyra hos lokaltatovøren. Ved sida av meg sit det ei kvinne. Ser ein bort frå at ho sit i eit tatoveringsstudio, er det ikkje noko påfallande med henne. Pent kledd, iPhone i handa og termokopp på benken ved sida av. Så er det hennar tur. Ho set seg i skinnstolen og dreg opp genseren. Huda hennar er nesten berre arr, ruglete som gammal tapet og i nyansar av lyseraudt og kvitt.

– Kan du love meg at eg får sjå att denne tatoveringa om eit år, spør tatovøren.

Kvinna smiler usikkert og ser ned på kontaktpapiret med kunstverket han skal risse inn i armen hennar. Små plastkoppar med blekk, vaselin og nye plastforsegla nåler ligg klare på benken. Ho trekkjer pusten. – Eg lovar det, seier ho.

Fire år seinare melder forskning.no at norsk helsevesen slit med å hjelpe pasientar med ekstrem sjølvskading. Det går fram av ei kartlegging av 61 psykiatriske avdelingar i 2017. For det finst svært lite forsking på personar som slit med dette. Kartlegginga syner ei jamn spreiing over heile landet.

– Så omfattande døgnbehandling tyder på at helsevesenet truleg ikkje greier å hjelpe pasientane på ein god måte.

Det seier Elfrida Hartveit, prosjektleiar ved seksjon for personlegdomspsykiatri ved Oslo universitetssjukehus.

Kartlegginga synte nemleg at 427 pasientar ved desse avdelingane var lagde inn på akuttavdelinga anten svært ofte eller svært lenge om gongen.

Medan tatovøren set i gang maskina og dyppar nåla i blekket, hugsar eg ein samtale endå nokre år før, med nokon som hadde mistenkjeleg like armar som kvinna i stolen:

– Eg var lagd inn på ei avdeling der sjukepleiarane kasta bandasjane på golvet og bad oss fikse det sjølve, seier ho.

Og i eit lesarinnlegg i Tønsberg Blad frå 2016 fortel innsendaren at lækjaren ho gjekk til, sydde henne saman utan bedøving.

– Lækjaren meinte at dersom det var smerte eg var ute etter, kunne eg takle dette òg, skriv innsendaren.

Psykologspesialist Karoline Lindquist ved sjukehuset i Vestfold seier at ein del av problemet med å behandle menneske som skader seg sjølve, kjem av at tilboda i psykiatrien fylgjer diagnosar.

For sjølvskading er ikkje ein diagnose i seg sjølv.

– Først og fremst er det eit uttrykk for manglande evne til å regulere kjensler og relasjonar konstruktivt, sa professor Lars Mehlum i Nasjonalt senter for sjølvmordsforsking til nettsida sykepleien.no i fjor.

Er ikkje då første steg i behandlinga å forstå at det kan ligge svært problematiske kjensler og relasjonar bak? At den som skader seg sjølv, faktisk ikkje har kontroll?

– Pasientar med mønster av alvorleg sjølvskading, treng engasjerte behandlarar som toler at pasientane slit over tid, seier Karoline Lindquist. Ho kallar dei ei gruppe som historisk sett er forsømt i psykisk helsevern.

Attende hjå tatovøren går den jamne låge duren av maskina, no bak eit forheng. Medan ho som skal stikke nytt hòl, desinfiserer øyreflippen min, tenkjer eg at det ikkje berre er kvinna i stolen som skal måtte love å halde seg i skinnet.

Mone Celin Skrede er frilansjournalist og fast skribent i
Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Sjølvskading er ikkje ein diagnose i seg sjølv.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Kristin Vinje.

Kristin Vinje.

Foto: NOKUT

Ordskifte

Nokut alene kan ikke sjekke alle detaljer

Jeg har tillit til at de aller fleste studenter er redelige og gjør sitt eget arbeid på en skikkelig måte, skriv Kristin Vinje.

KristinVinje

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis