JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

– Du er ikkje redd meg

Stortinget vil opne for å gje heroin til rusmisbrukarar på statens rekning.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Noko av det som gjer heroinassistert behandling kostbart, er at det må vere helsepersonell til stades mens heroinen vert injisert. Det er ikkje tilfellet i dette biletet.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

3059
20180817
3059
20180817

Det står ein mann under gatelykta med armane i vêret. Eg er på veg heim ein sein kveld, og nett i det eg passerer han, glitrar det i ei nål. Han ser meg, gjer ei overdriven rørsle med armane og kastar frå seg sprøyta så eg skal sjå det. Han ser ikkje at eg skjønar at sprøyta er tom, og at han er på god veg opp. Plutseleg står han framfor meg og grip meg i armen.

– Eg ser at du ikkje er redd meg, seier han.

– Skal eg vere redd deg, spør eg, roleg.

Eg går sakte heimover og lèt han snakke.

Han framfører sitat frå bøker han har lese, og fortel om livet sitt. Auga hans er så glasaktige, smilet så breitt og halsen så tynn at han minner om ei dokke. Han fiklar med ein glidelås og mister det han har i lommene. Det trillar og klirrar bortetter vegen. Han bøyer seg, rekkjer meg ein hundrelapp.

– Eg har pengar nok, seier eg, og ristar på hovudet.

– Du er ikkje redd meg, seier han igjen.

– Nei. Eg er ikkje redd deg. Men no skal eg heim.

Eg løyser varsamt grepet hans frå overarmen min, men kjenner fingrane hans der lenge etter at eg har låst meg inn heime.

Medan eg les om prøveprosjektet med heroinassistert behandling (HAT), som kan starte tidlegast i 2020 i Noreg, tek eg meg sjølv i å lure på om mannen framleis er i live. Om han har vorte ein av dei i underkant av 300 som døyr av overdose i Noreg kvart år.

Med heroinassistert behandling vil Helsedepartementet nemleg ha ned tala på overdosedødsfall og betre livskvaliteten til dei tyngst rusavhengige. Professor Helge Waal i Senter for rus og avhengighetsforskning (SERAF) meiner derimot at heroinassistert behandling ikkje vil føre til at færre døyr av overdose. Men færre vil verte kriminaliserte, fordi dei slepp å kjøpe dosane sine ulovleg. Han meiner òg at framlegget frå Bent Høie om eit slikt prøveprosjekt er ein del av eit politisk spel. Han er uroa for at framlegget ikkje kjem frå forskarar og helsestyresmakter. Men dette stemmer ikkje. Ifølgje Bergensavisen var det nemleg Haukeland universitetssjukehus som først ville søkje om å få nytte heroin i behandling i 2013. Og grunnen til at behandlinga er kostbar, ifølgje Aftenposten i fjor, er at heroinassistert behandling krev at helsepersonell er til stades når heroinen vert injisert. Men då er det òg lettare å hindre overdose. Og når færre døyr, færre får tilleggssjukdommar av skite utstyr og færre kjøper stoff ulovleg, vil det vege opp for kostnaden. Det skal òg fungere betre enn metadon, melde Minerva alt i 2008. Då kan det ikkje skade å prøve.

Neste gong eg går heim så seint, står det ingen under gatelykta, og det ligg ikkje lenger ei tom sprøyte på vegen. Eg ser ikkje mannen fleire gonger. Hadde han fått heroinassistert behandling, er det ikkje sikkert han hadde vorte frisk, men det hadde hjelpt han. Han hadde ikkje vore nøydd til å gøyme seg bort, setje sprøyta under ei gatelykt midt på natta og håpe at ho ikkje ville ta livet av han.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Færre vil verte kriminaliserte, fordi dei slepp å kjøpe dosane sine ulovleg.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis