– Det ser mørkt ut i Sverige
Åsa Linderborg går av som kulturredaktør i Aftonbladet. Ho ser mørkt på den offentlege samtalen i Sverige.
Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix
Forfattar og historikar Åsa Linderborg går av som kulturredaktør i svenske Aftonbladet etter ti år. I ein avskjedstekst som stod på trykk førre veke, kritiserer ho det svenske samfunnet for å vere einsretta, ureflektert og flokkbasert, og ho skildrar ei ideologisk maktforskyving der konservatisme har trengt unna det liberale hegemoniet, og der den marxistiske og sosialistiske venstresida nær er radert ut:
– «Var det här ska sluta vågar jag nästan inte tänka på», skriv du. Ser du så få teikn til optimisme?
– Ja, eg ser mørkt på den svenske ålmenta. Reint politisk har Sverige vorte eit veldig borgarleg land. 60 prosent røystar borgarleg, Socialdemokraterna samarbeider mot midten, og venstresida har aldri vore så svak som no. For meg som ser verda frå venstresida, ser det mørkt ut. Den offentlege samtalen ser eg òg svært mørkt på, for det er så mykje «sånt kan du ikkje seie» og «slik skal ein ikkje tenkje». Det er litt av forklaringa på kvifor eg ikkje orkar å vere kulturredaktør lenger. Det er for vanskeleg å tenkje høgt i Sverige.
– Men det har ikkje med borgarleg dominans å gjere?
– Venstresida er svak både politisk og intellektuelt, og ho forsvarar heller ikkje dei demokratiske milepålane vi har kjempa oss til. Det er venstresida saman med liberalarar som vil avgrense ytringsfridomen og fridomen i kunsten, til dømes – det er dei som ropar at vi skal stogge visse barnebøker og teaterframsyningar. Det finst eit tunnelsyn i Sverige som eg sjølv dessverre har vore med på å skape. Vi hadde lenge den lina at vi ikkje skulle diskutere innvandring, til dømes. Det meiner eg er feil. Innvandring er noko som påverkar alle, så det er klart vi må diskutere det òg. Det vart tydeleg i 2015. Antirasistar på venstresida må ha eit progressivt svar på det høgrepopulistane snakkar om. At dei ofte ikkje har det, er eit problem, og det kjem av at vi ikkje har trena på det.
– Kunne du ikkje ha gjort meir med dette ved å halde fram som kulturredaktør?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.