– Det blir verre før det blir betre
Gatevalden i Oslo sist helg er truleg berre starten på eit større problem, meiner journalist og forfattar Einar Haakaas.
Politiet har rykt ut til åstaden for ein skyteepisode ved Ensjø i Oslo 31. august i fjor.
Foto: Frode Hansen / VG / NTB scanpix
I ein storby er det ikkje ei helg utan valdsepisodar, men den siste helga i Oslo skilde seg ut: Frå fredag til søndag registrerte politiet 16 valdelege, uprovoserte åtak på gata ulike stader i byen. Fleire av åtaka hadde preg av blind vald, somme av dei vart utførte av fleire gjerningsmenn, og mange av gjerningsmennene var tenåringar med innvandrarbakgrunn. Å snakke om ei valdsbølgje er forhasta: Kan hende var denne helga eit blaff. Men desse åtaka burde ikkje kome som ei overrasking verken for politiet eller for samfunnet elles, meiner Einar Haakaas.
– Eg trur dessverre at det vi såg sist helg, berre var ein forsmak. Eg er heilt overtydd om at det blir verre før det blir betre.
Haakaas er tidlegare journalist i Aftenposten og i dag frilansar og forfattar. I 2018 gav han ut boka Advarsel. Svenske tilstander i Norge, der han skildrar framveksten til kriminelle gjengar i Oslo, særleg Young Bloods på Holmlia, og den brutaliteten som ganske unge gutar i gjengane er i stand til å vise.
– Vi har sett ei utvikling i denne retninga ganske lenge. Det spesielle med det som skjedde sist helg, var at valden råka blindt, også i område der folk har kjent seg trygge. No ser vi at slike ting kan skje over heile byen. Når nokon blir angripen på vestkanten, reagerer samfunnet sterkare. Men i Groruddalen, på Mortensrud og på Holmlia har mange levd med slike problem i kvardagen lenge.
Råkar blindt
Haakaas trekkjer parallellen til skyteoppgjeret mellom medlemmer av B-gjengen og Young Guns på Aker Brygge i 2006. Da hadde fleire brutale gjengar vakse seg sterke i Oslo over lang tid, men etter Aker Brygge-episoden vart det sett inn langt større ressursar for å stogge gjengkriminaliteten.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.