– Dei fleste er heilt friske

Allmennlege og forfattar Kaveh Rashidi vil endre måten vi tenkjer på helsa vår på.

Kaveh Rashidi seier at mange av dei som går til lege utan eigentleg å vere sjuke.
Kaveh Rashidi seier at mange av dei som går til lege utan eigentleg å vere sjuke.

– Gjer vi for mykje for å halde oss friske, kan vi verte sjuke av det òg.

Det seier allmennlege og forfattar Kaveh Rashidi.

Han har jobba som fastlege og legevaktslege sidan 2012 og gjennomfører mellom 4000 og 5000 konsultasjonar med pasientar årleg. Gjennom dei har han sett at mange går til lege utan eigentleg å vere sjuke. Dei bestillar time fordi dei uroar seg for alvorlege sjukdomar dei har lese om eller har høyrt at andre har fått, eller fordi dei har plager som han kallar heilt vanlege og «uunngåelege i livet».

– Det er ikkje nødvendigvis feil å gå til lege likevel. Det er fint at dei kjem med uroa si, men ofte gjer dei seg sjølv berre ei bjørneteneste, seier Rashidi.

Han tok til å undre seg over paradokset det er at ei befolkning som ifølgje statistikkane aldri har hatt så god helse som i dag, likevel har fleire diagnosar, bruker fleire medisinar og går langt oftare til lege og behandlarar enn før.

Det vart utgangspunktet for boka Kanskje du er frisk? En bok om alt det syke vi gjør for helsa vår, som kom ut denne veka.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement