🎧 – Må gjere verdival
Ola Didrik Saugstad er uroa for kva bioteknologien kan gjere med menneskesynet i samfunnet på sikt.
I over 40 år som barnelege har Ola Didrik Saugstad opplevd mange tilsynelatande vonlause situasjonar med for tidleg fødde barn der det til slutt gjekk veldig bra. Han har vore ein pådrivar for å behandle endå tidlegare fødde, såframt det er medisinsk forsvarleg.
Foto: Ariel Schalit / AP photo / NTB Scanpix
Bakgrunn
Ola Didirk Saugstad
Barnelege som sidan 1970-åra har forska på behandling av oksygenmangel hjå nyfødde
Gjorde oppdaginga som bidrog til å endre internasjonal praksis på feltet, frå bruk av rein oksygen, som hadde vore praksis i 200 år, til bruk av vanleg luft
Har òg engasjert seg for rettane til fosteret i møte med bioteknologien, vore ein pådrivar for å behandle endå tidlegare fødde barn, og jobba for å skape forståing for at ME ikkje er ein psykisk sjukdom

Lytt til artikkelen:
Medisin
eva@dagogtid.no
Denne månaden tok forbodet mot sjølvbestemt fosterreduksjon til å gjelde. Frå no av kan såkalla tvillingabort berre gjerast etter løyve frå nemnd. Endringa vert sett på som den fyrste innsnevringa av abortloven sidan 1970-åra og har møtt stor motstand.
Den kjende barnelegen og forskaren Ola Didrik Saugstad er på si side redd vi generelt ikkje gjer nok for å verne det ufødde livet. Det er blant tinga han skriv om i sjølvbiografien Kampen om oksygenet – mitt engasjement for de minste, som kom ut i år. «Kanskje ettertiden vil dømme oss kraftig for at vi ikke tok et kraftigere oppgjør med dem som vil beholde adgangen til tvillingabort og abort av fostre med visse arveanlegg», skriv han.
Dag og Tid har snakka med Saugstad om både abortlov og arbeidet hans for nyfødde og for tidleg fødde barn, som han skriv om i sjølvbiografien.
Farleg behandling
Det Saugstad er mest kjend for, er å ha starta ein revolusjon i korleis legar verda rundt behandlar barn som vert fødde med alvorleg oksygenmangel. Det gjeld nær fire millionar barn årleg. Rundt ein halv million fleire av desse kan bergast kvart år som følgje av forskinga Saugstad og doktorgradsstipendiatane hans, og etter kvart fleire utanlandske forskingsgrupper, har utført.
Det har gjort barnelegen til ein av dei fremste og mest siterte medisinske forskarane Noreg har.
Saugstad har nett kome heim frå fagkongress i Istanbul og skal vidare til ein ny fagkongress utanlands dagen etter at Dag og Tid møter han. Han driv framleis med både forsking og forskingsrettleiing, han kallar det berre ikkje jobb lenger no når han er pensjonist. Men det har vore jobb nummer éin for han i over 40 år.
Han var nett ferdigutdanna og berre nokre veker inne i ei ulønt forskingsstipendiatstilling ved Akademiska sjukhuset i Uppsala då han oppdaga det som la grunnlaget for heile forskarkarrieren. Han fann ut at stoffet hypoxantin, som finst i små mengder i ein pustande menneskekropp, auka ved oksygenmangel og såleis kunne brukast til å måle oksygenmangel hjå nyfødde.
Nokre år seinare forstod han at stoffet ikkje berre var ein markør for oksygenmangel, men også farleg. Årsaka er at det, ved tilføring av oksygen, dannar kjemiske substansar som kan øydeleggje cellemembranar, arvestoffet DNA, protein og andre strukturar i kroppen.
Oppdaginga tilsa at det å behandle nyfødde med oksygenmangel med oksygen, som hadde vore praksis verda rundt i 200 år, faktisk var farleg. Han la fram ideen på ein nordisk kongress i 1979 og i eit vitskapleg tidsskrift året etterpå. Likevel tok det tre tiår og mange stadfestande studiar frå både Saugstad og gruppa hans, og andre forskarar, før dei internasjonale retningslinene for gjenoppliving av nyfødde tilrådde behandling med luft i staden for rein oksygen.
I mellomtida var Saugstad som barnelege sjølv med på å behandle fleire nyfødde med oksygen.
– Eg var lojal mot retningslinene. Du kan seie at det tok for lang tid å endre dei, men det er betre enn om vi hadde gjort feil og kanskje skadd barna. Eg tenkte jo heile tida at eg kanskje hadde teke feil, seier han.
Seinare er det synt at behandling med luft reduserer dødstala med 30 prosent jamført med å behandle med oksygen. I tillegg kan ein no behandle barn med oksygenmangel også der det ikkje finst oksygen tilgjengeleg.
Canada og Australia var blant landa som endra praksis fyrst. Saugstad var der då det skjedde, og vart teken imot som ein helt. Seinare snudde Russland, Finland, Sverige, Storbritannia, Spania og Nederland. Noreg var blant dei siste landa som endra praksis, ifølgje Saugstad.
– Korleis kjendest det?
– Det var ikkje akkurat noka sterk pionerånd i Noreg. Ei stund tok vi eit mellomstandpunkt og brukte 40 prosent oksygen og resten luft. Det var i og for seg greitt. Problemet var at ingen hadde studert nett det, seier Saugstad.
Varslar
Spørsmålet om behandling av nyfødde med oksygenmangel er ikkje fyrste gong Saugstad har gått motstraums og møtt protestar. Han vart utsett for det som seinare er omtalt som «regelrett forfølging» då han i 1995 varsla om at to kollegaer, ein overlege og assistenten hans, hadde drive eksperimentell forsking der ein to år gamal gut døydde.
Blant alvorleg ME-sjuke og deira pårørande vart Saugstad òg kjend som legen som brydde seg, og som tok dei på alvor på eit tidspunkt då det var lite forståing og hjelp å hente elles i helsesektoren. Ja, heller motstand.
Saugstad har sjølv ein son med ME og byrja i 2008 å reise på besøk til andre ME-sjuke for å kartleggje sjukdomen. Han gjorde det for eigne midlar, og det sjølv om det låg utanfor forskingsfeltet hans. Besøka gjorde han heilt sikker på at ME ikkje var ein psykisk sjukdom. I fleire tilfelle måtte han prøve å mekle i konfliktar mellom pasientar eller pårørande og det lokale helsestellet, sjukeheimar, barnevernet og Nav.
Pendel som svinga
I sjølvbiografien skriv Saugstad at det òg finst barn han har behandla som har fått skadar. Det er i hovudsak barn som har vore fødde veldig mykje for tidleg.
Då han byrja å jobbe som lege på Rikshospitalet i 1984, var det ikkje vanleg å behandle barn som var fødde før veke 28. Dei som var fødde tidlegare enn det, kunne ifølgje Saugstad verte lagde på skyljerommet. Ein gong fann han eit barn der som var fødd ein halvtime før, og som låg og gret. Han behandla barnet, og det overlevde.
Sidan har han vore ein pådrivar for å behandle endå tidlegare fødde, såframt det er medisinsk forsvarleg. Det hadde han lært under eit forskingsopphald i USA.
I dag er det 23. veke som gjeld, men Saugstad har òg vore med på å behandle barn som var fødde tidlegare enn det.
– Det er ikkje alltid vi kan vere sikre på terminutrekninga og kor langt svangerskapet er kome, seier han.
– Kvar går den etiske grensa di?
– Problemet er at vi ikkje veit på førehand kven som får skadar og ikkje. Det går ofte lang tid før ein kan vite korleis det går. Det er eit stort dilemma. Eg er blant dei som meiner vi då må starte behandling, med mindre vi ser at det ber svært gale av stad. Det er ei av dei store utfordringane i faget mitt: å ikkje behandle for lite og å ikkje behandle for mykje. Generelt har det nok vore ein tendens til å behandle for lite mange stader. No har pendelen svinga, somme vil seie for langt. Men Noreg ligg likevel ei veke etter Sverige, der dei no behandlar barn fødde ned i 22. veke, så vidt over eit halvgått svangerskap.
– Korleis er erfaringane?
– Når det gjeld barn fødde ned til veke 23, tek vi til å få gode erfaringar over heile Europa, og resultata vert betre og betre. Når det gjeld 22. veke, er det framleis for få barn til å kunne seie korleis det går. Vi må jo følgje dei over fleire år før vi veit det. Ein ting er korleis det går med dei i skulealderen, men vi veit heller ikkje korleis det går når dei vert ungdom og vaksne. Det får vi ikkje vite i mi levetid.
– Plikt til lærdom
I sine over 40 år som barnelege har han opplevd mange tilsynelatande vonlause situasjonar der det til slutt gjekk veldig bra. Det har han brukt som argument i abortdebatten i seinare tid. «Nå ønskes det å abortere fostre som i de fleste tilfeller overlever», åtvara han i Aftenposten i fjor haust då AUF, Unge Venstre og FpU ville endre grensa for sjølvbestemt abort.
Det finst dei som vil forklare engasjementet hans i både abortsak og bioteknologi med kristentrua. Trua har sikkert medverka, seier han sjølv, men han meiner òg han alltid har prøvd å argumentere med faglege og allmenngyldige argument. Han seier òg han tidleg prøvde å tenkje prinsipielt ut frå det han lærte av morfaren, universitetsrektor Didrik Arup Seip, som fortalde om vondskapen og avhumaniseringa i konsentrasjonsleiren Sachsenhausen. Finst desse tendensane i oss alle og i samfunnet framleis, har Saugstad spurt seg.
Han engasjerte seg i debatten om abort og såkalla sortering alt tidleg i 1980-åra, då Willoch-regjeringa ville utvide tilbodet om fosterdiagnostikk, som gjev informasjon om helsetilstand og genetiske eigenskapar ved fosteret.
– Eg har aldri teke avstand frå metodane i og for seg, men eg er imot den rutinemessige måten dei kan brukast på. Ein ting er kva det gjer med enkeltmenneske, men det eg er mest uroa for, er korleis det påverkar menneskesynet i samfunnet på sikt, seier han.
I eit føredrag han heldt på forsommaren, peika han på avhumanisering som eit viktig grunnlag for folkemord. «Hvis fosteret er fratatt rettigheter det burde ha, betyr det at vår generasjon er like grusom som andre generasjoner i menneskehetens historie», sa han.
– Meinte du verkeleg det?
– Eg vil aldri jamføre nazismen og brune ideologiar med dagens situasjon for abort og bioteknologi, men eg meiner vi har plikt til å trekkje lærdom av det som skjedde. Vi må tenkje på kva som kan verte ytste konsekvens av ein praksis der foster med lettare og lettare misdanningar, eller eigenskapar ein ikkje ønskjer, vert devaluerte og aborterte. Vi har plikt til å tenkje prinsipielt. Også fordi ein annan lærdom frå fortida er at menneskets evne til vondskap opp gjennom historia har synt seg å vere stor. Synet mitt på abort er ikkje upåverka av det faktum at menneske kan hamne i vanskelege livssituasjonar, men eg har eit prinsipielt syn som eg meiner må reflekterast i lov om abort og bioteknologi, seier han.
Har endra haldning
Willoch-regjeringa sette aldersgrensa for å få fosterdiagnostikk ved 38 år. Det finst det ingen annan logikk i enn at det var praktisk for å avslutte debatten den gongen, meiner Saugstad.
–?Dei som vil og har råd, kan jo uansett ta fosterdiagnostikk privat?
– Ja, og eg trur det vert svært vanskeleg å regulere fosterdiagnostikk i framtida.
– Hjelper det då å ha offentlege grenser i det heile?
– Ja, absolutt, og eg meiner samfunnet må gjere nokre verdival. Det er nok det eg etterlyser mest i abortdebatten, at vi har eit verdival i botnen. Og i abortloven meiner eg det må stå noko om verdien av eit foster, slik at samfunnet seier noko om det.
– Kva seier ein god abortlov, slik du ser det?
– Det er ikkje mi oppgåve å lage lovtekstar, men dersom det hadde stått noko om at verdien og rettane til mor og foster skal vegast mot kvarandre, ville ein til dømes ikkje automatisk kunne seie at norsk abortlov gjev rett til fosterreduksjon, slik det var før lovendringa. Då ville ein måtte reflektere rundt det frå tilfelle til tilfelle på ein heilt annan måte enn i dag.
– Kven meiner du skal gjere den refleksjonen, er det mora eller ei nemnd?
– Det er ikkje eit anten eller. Det gamle nemndsystemet fungerte ikkje godt, så vi må finne eit system der begge partar vert varetekne. Det eg synest er viktig, er at samfunnet legg nokre føringar og peikar på alvoret i vala ein gjer. Om samfunnet nedfelte nokre verdiar, trur eg det ville vere ei støtte for kvinnene òg. Kanskje medfører ikkje det så stort skilje i praksis frå i dag, men eg trur at lovgjeving er haldningsskapande.
– Ville det vore ein bra lov sjølv om han skulle medføre fleire abortar enn i dag?
– Det kjem an på kvifor ein tek abort. I 1970- og 1980-åra vart det hevda at fri abort ville auke aborttalet i Noreg veldig, men det har ikkje skjedd. Ein av grunnane til det trur eg er at vi har klart å halde den offentlege debatten gåande. Det er medvitsgjerande og like viktig som ein lov i seg sjølv, seier han.
Pessimistisk
Trass i denne haldninga er ikkje Saugstad særleg optimistisk for framtida. For ikkje lenge sidan var han på ein kongress der det aller nyaste innan fosterdiagnostikk vart presentert: Dei genetiske testane på foster vert meir og meir raffinerte, enklare og enklare å utføre og meir og meir treffsikre.
– Eg trur dette kjem til å spreie seg. Om vi ikkje då har ei verdiforankring i botnen, trur eg det fort kan skli ut. For 20–30 år sidan var det på fagkongressane ofte etiske vurderingar knytte til teknologiutviklinga, men no er det heile vekke. No er det berre teknologien som set grenser. Det er nett den utviklinga eg har vore redd skulle skje, seier han.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det var ikkje akkurat noka sterk pionerånd i Noreg.
Ola Didrik Saugstad
Fleire artiklar
Stillinga i VM-kampen mellom Ding Liren og Gukesh var 4–4 etter 8 av 14 parti.
Foto: Eng Chin An / FIDE
Sjakken lever vidare som eit kuriosum og freak-show, noko som passar meg ganske bra i denne spalta, skriv Atle Grønn.
Når den ambisiøse kokken Almut (Florence Pugh) møter nyskilde Tobias (Andrew Garfield), endrar livet seg for alltid.
Foto: Ymer Media
At eg tek til tårene, betyr ikkje at eg elskar We Live in Time.
Gjennom foto og tekst dokumenterte Maria Gros Vatne eit annleis liv på bloggen Wildandfree.no. Ho og mannen Nik Payne forlét bylivet og trygge jobbar til fordel for økologisk gardsbruk og heimeskule. Her ser me sonen Falk.
Foto: Maria Gros Vatne
Frå draum til sorg
Ukjent landskap vinn den eine prisen etter den andre. No er den å finne på lista over filmar som er kvalifiserte til vurdering av Oscar-akademiet i kategorien «Beste dokumentarfilm».
Peter Flamm (1891–1963) var ein tysk lege med jødisk familiebakgrunn som i 1926 gjorde furore med debutromanen.
Foto: Otto Kurt Vogelsang / Ullstein bild
«Jeg? er ein djupt fascinerande og høgst moderne tekst om sinnsforvirring og dobbeltgjengeri»
Marie Blokhus, Gard Skagestad og Kirsti Refseth spelar stykket til den tyske dramatikaren Marius von Mayenburg.
Foto: Monica Tormassy / Det Norske Teatret
Kven har makt over kven?
Velspelt om medviten og umedviten makt, sanning, manipulasjon og illusjon.