Musikk
Saksisk tradisjonalist

Saksaren Georg Schumann (1866–1952) var i si tid ein mektig mann i tysk musikkliv, både som musikar, komponist og dirigent – i meir enn femti år leia han Sing-Akademie zu Berlin, verdas eldste blandakor, grunnlagt i 1791. Av verka som Deutsches Symphonie-Orchester Berlin under leiing av amerikanaren James Feddeck her gjev oss, finn eg mest glede i Symfoni i f-moll, op. 42 (1905), som syner Schumann som tradisjonalist. Sjølv om han er ein svært sein romantikar, er det ikkje noko overlest over instrumenteringa. Andresatsen «adagio con moto» høyrde eg om att fleire gonger; orkesterteksturen i byrjinga har mendelssohnsk klåre ved seg, og den djupt rørande melodikken han utviklar utover i satsen, er på høgd med det finaste eg kjenner til av den meir namngjetne kollegaen hans frå samtida, den to år eldre bayeren Richard Strauss.