Musikk
Russisk wagnerianar

Megalomani, mystisisme og eksentrisitet – Aleksandr Skrjabin scora høgt på alle desse punkta. Som sitt magnum opus planla han eit verk ved namnet Mysterium. Her skulle alle kunstartar sameinast, tid og rom skulle oppløysast, og deltakarane skulle gjennomgå «fullstendig transcendens» – kva no det skal tyda. Ikkje minst skulle det heile framførast ved foten av Himalaya.
Det treng ikkje presiserast at prosjektet aldri kom ut over skrivebordsstadiet. Det gjorde derimot symfonien og klaverkonserten som Oslo Filharmoniske Orkester no gjev oss ei makelaus god innspeling av: Symfoni nr. 2, op. 29, syner at russaren ikkje berre hadde mykje av den kunstfilosofiske megalomanien til Wagner, men òg kjende godt til tonespråket hans. Fyrstesatsen «andante» har nemleg bølgjande wagnerske harmoniar og ein endelaus melodisk straum, der slutten på kvar frase er byrjinga på den neste – eit storfelt klangbilete som Oslofilharmoniens sjefdirigent Vasily Petrenko styrer med absolutt kontroll over dei minste detaljane.