Kalving
Mjølkefeber og kalving
Tysdag morgon var det dramatikk i fjøset. Symra, Dag og Tid-kua, skulle kalva.
Berre velstand. Symra og kalven pustar ut etter ei hard økt.
Foto: Hilde Lussand Selheim
«Symra har mjølkefeber. Er i kalving.» Det er tysdag morgon denne veka. Eg vaknar til meldinga frå Hilde Selheim. Biletet som fylgde med, var av Lars som heldt posen med kalsium som Symra fekk intravenøst rett i blodet.
Dette er ikkje bra, såpass har eg lært etter over ti år med stølsdrift. Mjølkefeber er alvorleg.
Kvelden før var Symra på veg bort frå fjøset mot beitet. Ho har kalva ute kvart år, og ho gav tydeleg teikn til at no ville ho gjera det same. Heldigvis såg dei at ho skulle kalva snart, og tok henne med inn att.
Kalde øyre
Mjølkefeber kjem av akutt mangel på kalsium, som oftast rett etter kalving når kua tek til å produsera mykje mjølk. Symptoma er tydelege. Kua vert slapp, legg seg ned og får kalde øyre og kald mule. Det var slik Symra hadde det no, Hilde kjende det med det same. At mjølkefeberen i tillegg kom før kalvinga var skikkeleg i gang, gjorde meldinga denne tysdagsmorgonen ekstra skummel.
Får ikkje kua behandling med kalsium raskt, vert hjartemuskelen svekt, og både kua og kalven kan døy. Det må berre ikkje skje. Symra er Dag og Tid-stølen. Roleg, sindig og vakker. Utan henne vert ingenting som før. Dessutan døydde mora, Ameline, brått av blodforgifting i fjor. I tillegg fekk den faste hyrekua vår, Vårsøg, også kalla Tripso, vond bakfot og vart slakta. Så no var det nok på ei stund.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.