Aserbajdsjan

Vener og fiendar

Jødane i Den raude landsbyen lever i eit område der etniske motsetnader har fått blodige følgjer i hundrevis av år.

Minnesmerket over det aserbajdsjanarar kallar armenarane sitt folkemord på muslimane, er teikna av Vahid Kasimoghlu.
Publisert Sist oppdatert

Folk flest verkar venlege der det golde slettelandet vest for Kaspihavet stig mot 4000 meter høge toppar, men tre ubehagelege episodar overraska då eg vitja Den raude landsbyen. I april køyrde eg og dei to reisefrendane mine med ein ganske full T-bane i hovudstaden Baku. Ein av oss sette seg ved sida av ei ung kvinne. Ho sat saman med to veninner og var vel i 20-åra.

Ein augneblink seinare gav ein ung mann med vakkert skjegg på motsett seterad venen min ordre om å flytte seg. Tonen var streng og handrørsla tydeleg. Nordmannen gjorde som han sa. Kvinnene var tause, men såg brydde ut. Vi undra oss over kvar han henta autoriteten til å kommandere framande frå, og om han sette kvinnene òg på plass.

Då vi dagen etter rusla frå nabobyen Quba til landsbyen til fjelljødane, kasta nokre gutungar nevar med jord og kvist etter oss i trappa ned til elva Gudyal. Det var ikkje skremmande, men uventa.

Neste kveld, då to av oss gjekk heim til hotellet etter å ha vore i synagogen på gudsteneste, small mursteinsbitar fleire gonger i bakken rundt føtene våre. Det var mørkt, vi oppfatta angriparane som tenåringar og skunda oss vidare.

Stemmer lovorda?

Hendingane etterlét tvil om lovorda om fredeleg naboskap mellom fjelljødelandsbyen og den muslimske nabobyen verkeleg stemde. Var det sinne over Gaza som slo ut i fiendtlege kjensler for turistar på vitjing hos jødane? Misunning eller sjeldne rampestrekar?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement