Stølsglimt
Dag og Tid driv støl på Remlo på Voss kvar sommar. Tekst og bilete: Svein Gjerdåker
Stølen
Dei var det fyrste eg såg av liv då eg kom på stølen for sommaren. To røyskattar, forvitne så det held. Då er det fritt for myser her. Men røyskattane vil òg fort finna vegen til maten og kraftfôret eg har med. Fyrst prøvde eg å skremma dei bort med å banka på eit lok. Det gjorde lite nytte. Til slutt sette eg høgtalaren ned i fjøset og spelte musikk på full guffe. «Get Out of My Cloud» av The Rolling Stones på repeat. Då såg eg ikkje meir til dei.
Aslak L. Helleve døydde i sommar, 78 år gamal. Den eine stølsgrisen er kalla opp etter han. Aslak kunne svara på det meste om stadnamn og ålmennsoga på Voss. Han heldt på vossamålet: gùlù, aovelta og aofaott. Og gav ikkje ved dørene. Då han som student ville ha ein plass på galleriet på kinoen i Bergen, bad han om ein billett «på lemmen». Det var ikkje for ingenting at han på gymnaset vart kalla «den siste vossing». Han var motkulturell. Ein idealist som levde som han talte.
Symra er på veg ut av fjøset. Juret er vorte sidare, men er enno fint. Ho hadde mjølkefeber i vår, men stod han av. Seks kalvar har ho fått, fem av dei kyrkalvar, og ho mjølkar som aldri før. No er ho oppe i over 30 liter i døgeret. Åtte år og litt tyngre i sessen, men framleis kvikk. Og ikkje minst har ho autoritet. Ho gjer som ho vil no. I dag ville ho vera litt lenger i fjøset etter morgonmjølkinga.
Det er mangt du kan oppleva på ein Tønes-konsert. Som å møta ystaren på Kongsgarden på Bygdøy og verta invitert til eit lynkurs i ysting av halvfast kvitost. Kurset trong eg, for eg slit med å få til osten. Det gjer ikkje Helene Austvoll. 12.000 liter mjølk ystar ho kvart år. Og i sommar fekk ho sylvmedalje i oste-NM. Då eg drog frå Bygdøy, skjøna eg endeleg kor viktig rett pH-verdi er i ystinga.
Bolette tek seg til rette. No var det berre denne eine gongen, då grinda vart ståande open. Godt var det, for ho gjorde nok ugagn. Kona, Ingvild, sa for nokre år sidan: Neste år er det meg eller geitene! Men både geiter og kone kom att året etter. No er ho glad i dei kvikke og oppvakte geitene. Dei skaper stemning og liv.
Nei, han er ikkje daud. Indrebø likar å sova på taket. Elles ligg han mykje på berget ved inngangen til selet. Geiter vil vera med folk. Dei er berre to no: Bolette og Indrebø. Det burde vore minst ei til. Men bukken Blix døydde i fjor haust. Han vart obdusert, men veterinæren kunne ikkje konkludera sikkert. Sjølv mistenkjer eg at det vert for mykje leikestanging. Til slutt toler ikkje skallen meir.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.