Reportasje

Soldatar til leige

JOHANNESBURG: Det skranglar i våpen medan vi humpar over den holete vegen. Av gatelykter og trafikklys er berre stumpar att.

Special Operations Group, eit av mange tryggingsselskap i Johannesburg.
Publisert Sist oppdatert

Sør-Afrika ligg fjernt frå oss, både geografisk og kulturelt sett, men landet har likevel ein stor plass i medvitet vårt. Kampen mot apartheid var ein politisk definerande augneblink for mange av dei som no styrer verda, medan det i dag er vanstyret til ANC-regjeringa som gjer landet aktuelt.

Donald Trump og fleire andre mektige aktørar snakkar om det dei kallar folkemordet på den kvite minoriteten i landet. Mandelas regnbogenasjon er i dag først og fremst kjend som eit av dei valdelegaste landa i verda.

Med mangelen på eit statleg valdsmonopol har det sprunge ut ein heil underskog av private tryggingsselskap. Det er desse eg er komen for å snakke med. Det har vore sterk vekst i bransjen dei siste åra, noko som er umogleg å ikkje leggje merke til når ein oppheld seg i Johannesburg. Så å seie alle hus og alle offentlege bygningar har skilt der det vert truga med væpna respons.

Nokre av selskapa ber anonyme namn, som Fidelity, Northern Parks eller Omega Solutions. Andre har namn som kling som ein mellomting mellom politi og paramilitære: Special Operations Group, Tactical Response Unit, Vision Tactical og Protective Force er nokre av dei eg møter.

Bakkie

– Om ti år kjem savannen attende hit.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement