Reportasje
Redningsskøyte 136 «Halfdan Grieg»
VESTERÅLEN: Fem meters bølgjer slår inn over baugen. I eit par sekund ser vi ingenting framfor oss, anna enn skumsprøyten som dekker rutene i styrhuset. – Slå over på manuell styring, høyrer eg frå skipsførar Morten Nilsen.
RS «Halfdan Grieg» legg til kai ved sentralen i Myre.
Foto: William Sem Fure
Styrmann Trym Folkman legg handa på styrespaken og slår over frå autopilot til handstyring.
– Så snart du kjenner at sjøen tek tak i baugen, må du kontre den andre vegen. Ikkje vent til baugen flyttar seg. Du må kontre så snart du kjenner draginga.
Eg er om bord på redningsskøyta «Halfdan Grieg», på veg frå fiskeværet Myre i Vesterålen til Stø, eit endå mindre fiskevær ein halvtime lenger nord. Styrmannen er under opplæring som såkalla maritim redningsmann. Det er tittelen RS, eller Redningsselskapet, gir dei som arbeider på dei ulike redningsskøytene langs norskekysten.
Folkman har bakgrunn som profesjonell skateboardar; dei raske refleksane kjem godt med når han no styrer ei skøyte på 23 meter med ei samla kraft på om lag 4200 hestar fordelt på to motorar med 1600 kilowatt kvar.
Mann over bord
Båten er òg utstyrt med alt som trengst for ulike redningsoppdrag. På akterdekket står ein slepevinsj med ein 300 meter lang vaier. På ein god dag kan eit fartøy som «Halfdan Grieg» slepe eit skip på storleik med hurtigruta. Slep av store skip er ei av inntektskjeldene til Redningsselskapet, og prisen vert avgjord ut frå tonnasje og lengda på slepet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.