Reportasje

På (hopp)kanten i Vikersund

VIKERSUND: Kva har eg gjort; kva held eg eigentleg på med? Tanken lét seg ikkje lenger stogge den seine haustdagen i 2024. Eg, i sludd, snø og halvmørker, med valne fingrar, lirka dei nye, tjukke golvplankane mine inn gjennom kjøkkenglaset. Ville eg få dette til, til slutt?

Publisert

I Vikersundgata, på fortauet utanfor Elon-butikken, vil ein fotgjengar legge merke til ein brei, blå tverrstrek. Frå den strekker ei line seg bortetter, mest så langt auget kan sjå. Som dei gule eller kvite stripene i vegane, berre blå. Eg er meir detaljfiksert enn mange, og undra meg der eg gjekk: Kva kunne stripa tyde?

Eg var ny mann i Vikersund sentrum, på dette fortauet. Det var sommaren 2024, eg leita etter ein plass å ete før eg skulle sjå på eit hus. Eg rusla eit lite stykke, og lyset gjekk opp: Ei pil i same blå farge peikte frå denne lina mot frisørhusveggen og eit lite skilt der det stod: «146 meter, Bjørn Wirkola, mars 1966». Aha og ikkje sant! Eg var jo i Vikersund, staden med verdas nest største hoppbakke og mest alle verdsrekordar i skiflyging gjennom alle tider. Vel, det siste er berre nesten sant. Det finst ein plass som heiter Planiča òg.

Lesaren har for lengst fatta poenget; den nemnde tverrstreken symboliserer hoppkanten nokre kilometer mot sør, retning Åmot; lina viser hoppa, historia og lengdene. Ved brukthandelen og ein indisk restaurant stod skilta tettare, med namn og rekordar i fleng; den blå lina tok omsider slutt.

Dette er ingen tekst om skiflyging, i alle fall ikkje berre, så eg skal teie med namna, berre ta med at austerrikaren Stefan Kraft står nærast Spar-butikken. Han hoppa 253,5 meter i 2017, medan veslesyster Nika frå hoppflokken Prevc sette sin verdsrekord (236 meter) i det stusslege rennet i 2025.

Eg åt på den indiske, før eg køyrde over brua og såg etter det som skulle bli huset mitt.

Vikersund er kommunesenter i Modum i Buskerud. Om lag 14.600 menneske bur her, eit tal som aukar noko, år om anna. Staden ligg ved utløpsenden av Tyrifjorden, der Drammenselva tek til. Fjorden er landets femte største innsjø og heng i den andre enden saman med Steinsfjorden. Ein heil del vatn, altså; tjukk skodde er ein sjølvsagd ting når temperaturane svingar haust og vår.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement