Reportasje
Opprørske sjeler
Kulturkampen på 1970-talet vart grunnleggjande for den alternative karnevalsrørsla i Guadeloupe.
Mas an fèy a bannann é… o sé kòn la? Forvandling med bananblad og oksehorn. Mouvman Kiltirel Akiyo er den mest sosialt orienterte av dei alternative kulturelle rørslene i dag. Dei skal straks nærmast springe nedover byen medan dei syng og spelar.
Foto: Asbjørn Øverås
– No må
du ikkje drikke meir, sa ei ung dame til meg.
Vi hadde vore hos Voukoum, ei
opprørsk karnevalsrørsle, i to og ein halv time. Drikkepresset frå ein gjeng
herrar i lokalet utandørs var påtakeleg, ikkje minst etter at vi hadde lært
dei å seie skål. Men vi var altså ikkje komne til Guadeloupe berre for å drikke
rom.
Dei fleste av oss knyter karneval til fjører, strass og paljettar, fargerike stoff og vakre menneske. Nokre karnevalsgrupper blir sponsa, og det blir henta inn profesjonell hjelp frå moteskaparar.
Slik har det vore lenge i Guadeloupe òg. Og i år som tidlegare kårar dei både årets dronning og årets prinsesse. Men på 1970-talet, som så mange andre stader på den tida, kom det ein motreaksjon. Og han tok ikkje berre tak i det ytre.
Sosialt opprør
Det hadde ulma lenge. I 1967 opplevde øya to viktige streikar. Først gjekk sukkerrøyrarbeidarane, som arbeidde under nærast leiglendingsliknande tilhøve, til streik, og seinare same året var det bygningsarbeidarane i Pointe-à-Pitre sin tur. Denne streiken vart brutalt slått ned, og diskusjonane går framleis om kor mange hundre arbeidarar som vart skotne.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.