Reportasje
Markens grøde
Skal ein drive gard i Fox River i dag, må ein drive stort. Rich Timmons og sonen dyrkar mais og soya på over 22.000 mål.
Richard Timmons på den nysådde maisåkeren på storgarden utanfor Stavanger i Illinois. Løa i bakgrunnen er ikkje løe, men eit privat museum og siloen er gjestehus.
Foto: Hallgeir Opedal
Nei, kor var vi? Jo, vi var vel omsider komne til Illinois, nærare bestemt til tettstaden Norway i LaSalle County. Altså, eg har ikkje gløymt Ruth Chester, tvert om, eg tenkjer på ho heile tida, men å køyre til Sør-Dakota tek si tid, så: Ver tolmodige, lesarar, til eg ein dag kjem fram. Dette mysteriet skal få si løysing. Trur eg.
Klokka var no kvart over eitt denne søndagen, sola brann frå djupblå vid himmel, og Vetle og eg stod mismodige framføre den kvitmåla kyrkja der Norsk Museum heldt til. Døra var låst, og ingen var her for å ta imot oss. Eg som var brennsikker på at eg hadde ein avtale. Var det min feil, eller kunne eg skulde på nokon? Alt er likare når ein har nokon å skulde på, men eg kom ikkje på kven det skulle vere.
– Er du òg svolten, spurde Vetle.
Han merka det på meg, eg var gretten.
Eg måtte ete, eg måtte områ meg.
«Uffda»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.