Reportasje
    Forvirrande tider
    Sommaren 1833 sovna Cleng Peerson under eit tre i Fox River i Illinois. I draumen fekk han ei openberring. Dei måtte flytte.
    
    
        Det grøne vegkrysset er altså Stavanger i Illinois, og nærast ligg kyrkja, som framleis er i bruk. Sjå mot horisonten til høgre i biletet: Fox River skal liggje der ein stad. Paradiset som Cleng Peerson fann til sluppefolket.
        Foto: Hallgeir Opedal
    
        
 
                        
                        
                        
                        
                        
    
    
    Klippklapp-klippklapp ... 
Klokka er halv åtte når eg høyrer den fyrste hestevogna klapre forbi motellet i Shipshewana i Indiana. Eg sprett ut av senga, og frå vindauget i andre etasje ser eg den svarte vogna i raskt trav forbi bensinstasjonen i hovudgata Van Buren Street. For ein fart! 
Eg var redd amish-folket heldt seg innandørs på søndagar, dei har no så mange reglar, men dette lovar godt. Og for ein himmelsk vakker dag det teiknar til å bli. 
Alt der ute flyt i ein gyllen dis. 
Eg har sove dårleg. Klokka fire vakna eg og blei liggjande og tenkje på kor mykje pengar eg skuldar den amerikanske staten, og i nattørska kom eg til svimlande summar. 
Frukost i Canada
    
                        
    
        
                    
            
                
Digital tilgang – heilt utan binding
                Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.