Sport
Feil klode
I 1962 fekk ein ploge i fred.
Foto: Harry Pot / Anefo / Wikimedia Commons
Fleire må ha opplevd å trø inn i idretts- og mosjonistmiljø der ein kjenner seg mistilpass. Det skal ikkje meir til enn å ta på seg joggebukse der alle bruker tights. Ein stad eg verkeleg fekk kjenne på dette, var då eg saman med ein gjeng tidlegare – og mogleg også aktive – rusmisbrukarar skulle spele golf. Alt idet me gjekk ut av minibussen, vart me blikka. Ingen tvil om at me var på feil klode.
Når Simen Sætre piskar opp stemninga i Aftenposten med at plogarane bør døy, kjenner eg at eg er glad eg har flytta heim til Vestlandet. For ein lærar, som skal drasse med seg alle moglege lidingar ut i løypa, er det nok å samhandle med vaktmeistrar som er panisk opptekne av kvar målbura og tjukkasen skal liggje til kvar tid.
Sætre skriv at ploging kjem av å pløye, og at omgrepet ikkje har nokon far, slik som Boklöv-stilen, til dømes. Eg trur nok at faren var ein eller annan lærar eller bekymra instruktør på slutten av 1800-talet som ikkje ville ha foreldra på nakken dersom ein av elevane skada seg helselaus i nedoverbakkane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.