Europas siste shtetl
REPORTASJE: I 150 år har dei få utanfor Aserbajdsjan som kjende til folket i Den raude landsbyen, spurt seg kven desse jødane er, og kvar dei kjem frå.
Gangbrua mellom landsbyen og dei muslimske naboane. Fire fjelljødar på veg til motsett breidd, der dei snur.
Alle foto: Helge Øgrim
Eit gammalt rikmannshus ligg på Fathali Khans gate ved sida av informasjonskontoret i landsbyen. Bustaden er forlaten og svært forfallen. Han blei bygd i 1908, viser eit relieff på veggen. Eigaren var fjelljøden Aga Babayev, som blei rik på tekstilhandel då Tsar-Russland nærma seg slutten, og var blant dei mest velståande i landsbyen nordaust i Aserbajdsjan.
Samfunnet blir gjerne kalla det siste nær heiljødiske samfunnet i verda utanfor Israel og USA. På nedsida av kontoret ligg eit raudt og gult murpalass som tilhøyrer familien Khannananyayev. Dei bur i Moskva.
Gata er kalla opp etter khanen som for snart tre hundre år sidan gav jødar i Kaukasus ein fristad ved foten av fjella, og verna dei mot røvarbandar og fiendtlege naboar.
Den vesle landsbyen ligg fire mil frå grensa til republikken Dagestan i Russland. Busetnaden heiter Qırmızı Qesebe på aserbajdsjansk, Krasnaya Sloboda på russisk, ellerDen raude landsbyen. Det andre namnet stammar frå bolsjevikstyret etter det kortvarige sjølvstyret landet hadde som verdas første sekulære og demokratiske stat med muslimsk fleirtal i to år frå april 1918. Josef Stalin skal ha mislikt namnet Jevreisk Sloboda, jødisk landsby.
Fleire gåter
Det er juni, og eg er attende i landsbyen etter det første besøket mitt i april, då eg reiste saman med Jens A. Riisnæs, eit kjent namn for dei som lytta til NRK radio mellom 1989 og 2010, og Ole Johan Bjørnøy, Noregs tidlegare ambassadør til Khasakstan, Aserbajdsjans naboland på austsida av Kaspihavet. Det heile byrja med at eg hadde lese om fjelljødane i engelskspråklege medium.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.