Reportasje

Esther og hatten

Det har vore viktig for meg å opptre korrekt og høfleg i møte med nye kulturar. Det måtte eg snart leggja frå meg, skulle eg få den hatten eg passa.

I Toi market kan det løna seg å handla gjennom bilruta, meiner Esther. – Då kan du trykkja på gassen når du ikkje får den prisen du vil ha.
Publisert Sist oppdatert

– Ein ting som er viktig i Nairobi, seier Esther.

– Du må ikkje vera for høfleg.

Eg har vore i Nairobi i tre dagar når eg møter Esther og Endre, svogeren min, på hesteveddeløpsbana Ngong Race Course. Det er siste runde galopp for sesongen, Day og Champions, i dag vert vinnarane kåra. Vert det Buster, Trumpet Call eller kanskje Swayze? Alt eg veit, er at det ikkje vert Kenny, hesten Esther og Endre er medeigarar i, for han er ute med skade.

Arenaen er full av arrangement for heile familien, og her er buer som sel dill og dall og mat og drikke overalt. Klientellet er ei overklasse, ei blanding av velståande kenyanarar og utlendingar som bur i Kenya, og fire norske turistar: familien min og eg.

Esther har sett korleis eg slit med å koma meg frå personar som vil selja meg ting.

­– Ikkje nøl, ikkje seinei takk. Sei nei, bestemt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement